Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə6/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   30

4. MÅL, UTFORDRINGAR, PROBLEMSKILDRING OG STRATEGIAR




4.1. MÅL FOR FORVALTNINGA AV NASJONALPARKAR OG LANDSKAPSVERNOMRÅDE I NOREG

Dei store verneområda i Noreg varierer mykje både med omsyn til storleik, naturtype, dyre- og planteliv. Korleis områda vert nytta og bør nyttast t.d. til rekreasjon vil og variere mykje. Etter naturvernlova er det overordna målet å «bevare urørte eller i det vesentlege urørte eller egenartede eller vakre naturtyper» og «landskapet med planter, dyreliv og natur- og kulturminne skal vernes» (nasjonalparkar) eller å «bevare egenartet eller vakkert natur- eller kulturlandskap» (landskapsvernområde).


Det er ei viktig målsetting at forvaltninga av nasjonalparkar og andre større verneområde skjer etter ein nasjonal, heilskapleg og framtidsretta strategi. Forvaltninga må skje i medhald av formålsparagrafen for det einskilde verneområdet. I Stortingsmelding nr. 62 (1991-92) er dei eksisterande nasjonalparkane delt inn i to kategoriar. Den eine kategorien er nasjonalparkar utan tilrettelegging for friluftsliv som delmål i forvaltninga. Den andre kategorien er nasjonalparkar med tilrettelegging for friluftsliv som delmål. Ormtjernkampen nasjonalpark i Oppland fylke er døme på den første kategorien. Nasjonalparkane Dovrefjell - Sunndalsfjella, Rondane, Jotunheimen og Jostedalsbreen er døme på den andre. I praksis er ikkje denne to-delinga av nasjonalparkane i høve til friluftslivet så skarp, sjølv om ei slik to-deling vil kunne fortelje ein del om korleis parkane bør forvaltast. Til dømes kan det i nasjonalparkar med friluftsliv som delmål vere område som bør skjermast mot tilrettelegging (DN-rapport 1996-3 «Forvaltning av nasjonalparkar»).
I nasjonalparkane og i landskapsvernområda ønskjer Noreg å ta vare på variasjonsrikdommen i den norske naturarven. Komande generasjonar har krav på å få opplev urørt natur og bli kjend med den norks kulturarven, og forskarane må også i framtida kunne studere samspelet i urørt natur og i kulturlandskapet. Generelt er det eit mål å ta vare på den kvaliteten som urørt natur representerer ved å halde omfanget av inngrep og motorferdsel så lågt som mogleg, samstundes som områda skal gi høve til naturoppleving og friluftsliv.
I ”Fjellteksten” i revidert nasjonalbudsjett 2003 gjer regjeringa grei for korleis nasjonalparkan kan brukast utan at dette skal gå utover verneverdiane, innanfor dei rammene naturvernlova og verneforskriftene set, særleg m.o.t. reiseliv. Soria Moria-erklæringa frå etableringa av dagens Regjering følgjer opp dette.
Det er viktig at dei kvalitetane og det særpreget som er i dei områda som grenser opp til verneområda og blir tekne vare på. I Stortingsmelding nr. 62 (1991-92) er dette understreka ved at «det hviler et stort ansvar på fylkesmenn, fylkeskommuner, og kommuner å forvalte arealene utenfor verneområdene slik at verneverdiene i de tilstøtende områdene kan opprettholdes gjennom den ordinære arealforvaltning etter plan- og bygningsloven».


4.2. MÅL FOR FORVALTNINGA AV JOTUNHEIMEN NASJONALPARK OG UTLADALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE

Mål for forvaltninga av Jotunheimen Nasjonalpark og Utladalen Landskapsvernområde framgår av framlegget til ny verneforskrifta § 3:


Ikkje endra enno«Formålet med nasjonalparken er å verne eit vilt, eigenarta, vakkert og i stor grad

urørt fjellandskap med dyre- og planteliv på overgangen mellom austlandsk og

vestlandsk fjellnatur. I nasjonalparken skal det innafor visse rammer vere høve til

landbruk, friluftsliv, jakt og fiske, undervising og forsking.»
For Utladalen landskapsvernområde: (verneforskrifta pkt. III):
Ikkje endra enno:«Formålet med landskapsvernområdet er å verne eit vilt og vakkert vestlandslandskap

med naturmiljø og kulturminne i tilknytning til Jotunheimen nasjonalpark,

samstundes som områda skal kunne nyttast til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske.»
Hovudmålet med nasjonalparken er ut i frå dette å sikre og å ta vare på naturen. I tillegg til det estetiske, til landbruket og til det vitskapelege, skal nasjonalparken og sikra ålmenta høve til rekreasjon og friluftsliv i tilnærma urørt natur.
I landskapsvernområdet er og hovudmålet å ta vare på landskapet. Eksisterande verksemd som tradisjonelt jord- og skogbruk m.v. kan i stor grad halde fram, dersom verksemda ikkje fører med seg inngrep som vesentleg kan endra landskapet sin «art og karakter».

4.3. UTFORDRINGAR OG PROBLEMSKILDRING

Naturkvalitetar – fråver av inngrep og unødvendig støy

Hovudutfordringa er å leggje opp til ei forvaltning som tek vare på naturkvalitetane, - og eventuelt forbetrar desse - på same tid som områda kan nyttast til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske, undervising og forsking. Det inneber åta vare på den urørte naturen med dyre- og planteliv og at områda blir skjerma mot inngrep og aktivitetar som kan redusere naturmiljøet og dei kvalitetane området har i dag. Uheldige inngrep/aktivitetar som har skjedd bør bli reparert/endra. Andre særleg viktige felt er omfanget av støy (motorferdsel) og tidlegare inngrep som kraftregulering.


Friluftsliv

Ut i frå verneformålet er det ei sentral målsetting å leggje til rette for det tradisjonelle norske friluftslivet. Dette friluftslivet er kjenneteikna ved naturvenleg ferdsel og omsynsfull bruk av fri natur (sporlaus ferdsel), der hovudsiktemålet er gode naturopplevingar. Områda må da forvaltast slik at det og i framtida kan vere mogleg å oppleva ro, stillheit med naturen sine eigne lydar og urørt natur når ein går fotturar, skiturar eller driv jakt og fiske. Tilrettelegginga for friluftslivet må og skje slik at det ikkje kjem i strid med verneformålet. Nye former for friluftsliv kan vere positivt , men kan også vere i konflikt med naturmiljøet og tradisjonelt friluftsliv t.d. pga slitasje, uroing av dyreliv, stor fart og ved å krevje står plass/luftrom.


Slitasje langs turistråka er det nokre stader i verneområda. På dei flatare partia er dette mest eit estetisk problem. I dei brattare partia er det gjerne også erosjon. I dei vestlege områda er det meste av slitasjen konsentrert til blaute område som myr, i dei austlege delane er det og i eit stort problem i bratte område. Det er ei utfordring både i høve til verneformålet og i høve til turgåarane at dette blir følgd opp på rette måten med naudsynt skjøtsel. Det er og ei utfordring å finna fram til gode måtar å vurdera bereevna til områda på.
Uroing av dyre- og fugleliv kan vere ein uheldig følgje av friluftsliv.
Ferdsla og aktiviteten i verneområda vil truleg auke. Meir fritid, bygging av turistverksemder, betre kommunikasjon/transport og marknadsføring vil medverke til dette. Mengda av ferdsel i dei ulike områda varierer mykje, men einskilde område peikar seg ut som særleg etterspurde. Tilrettelegginga i dei enkelte områda må tilpassast naturverdiane og etterspurnaden og leggjast opp slik at einskilde brukaren ikkje føler seg styrd.
Tilrettelegging for friluftsliv er eit virkemiddel i forvaltninga av verneområda gjennom kanaliseringa av ferdsla til område som toler ferdsel og utanom sårbar natur. Ein må likevel sjå til at tilrettelegginga ikkje vert for omfattande og utgjer for store inngrep i høve til verneformålet. Fleire turgåarar opplever tilrettelegginga som uromoment. Det er ei sentral utfordring å finna fram til ein tilretteleggingsgrad og ein tilretteleggingsstandard som går saman med verneformålet og som brukarane i størst mogleg grad er nøgde med.

Kulturminne

I område verna etter naturvernlova ligg tilhøva særleg godt tilrette for å ta vare på kulturminne i område som ikkje vil bli utsett for ein overvekt av inngrep frå nyare tid. Det er ei særleg utfordring å ta vare på kulturminne i sitt opphavlege kulturmiljø.


Motorferdsel

Motorferdsel i verneområda er lite ønskjeleg. Dette gjeld både motorferdsel på bakken, på vatn og i lufta. Slike aktivitetar gir uro og støy som reduserer opplevingsverdiane. Noko motorferdsel er likevel naudsynt og har eit nytteformål. Verneforskriftene og forvaltningsplanen legg opp til ordningar og reglar som reduserer mengda av motorferdsel og som gjev mindre konfliktar i høve til brukarane og vernereglane. Fjellteksten i Revidert Nasjonalbudsjett 2003 viser til at motorferdsel kan øydeleggje dei kvalitetane vi ønsker å ta vare på i fjellområda våre


Informasjon

Informasjon har to særleg viktige formål: 1) informasjon om naturen generelt, om verneverdiar og kvifor ein vernar område, 2) om korleis bruke og oppleve naturen i området. Informasjon skapar haldningar og forståing for naturverdiane. Utfordringa er å finne fram til stader og til måtar å informere på som best mogleg når dei som treng slik informasjon, og at denne gjev auka naturforståing og motiverer for naturvenleg framferd. Noko informasjon bør vere retta til alle, medan annan informasjon har ei bestemt målgruppe. Norsk Fjellmuseum og Utladalen Naturhus gjev god informasjon om verneverdiar og kva ein kan oppleve i Jotunheimen.


Forsking og undervising

Etter verneformålet og vernereglane skal det innanfor områda i liten grad skje tiltak og aktivitetar som endrar naturmiljøet, slik at naturen utviklar seg mest mogleg utan påverknad frå menneska. Dette gjev gode føresetnader for å ha referanseområde for forsking om endringar i naturen, t.d. vegetasjonssuksesjon og langtransportert ureining. Utfordringa r er at forskinga ikkje skal medføre tekniske inngrep og spor i landskapet eller medføre avfall, og vere i tråd med verneformålet som å gje auka kunnskap om verneområdet.


Undervising som formidlar kunnskap om naturmiljøet og naturvern og gjev auka forståing om naturvern er ønskjeleg når denne ikkje går ut over naturverdiane.
Landbruk

Landbruk i statsallmenningane er knytt til bruksrettar etter fjellova. Innafor verneområda er dette i dag beite med bufe. På privat grunn i Utladalen landskapsvernområde skal ikkje vernet vere til hinder for tradisjonell jordbruksdrift. Vernet skal heller ikkje vere til hinder for drifta av gardsbruka Vetti, Lauvhaugen, Flaten, Avdalen og Skåri, medrekna den turistnæringa som er ved nokre av desse bruka. Planar om endring av bruksformer som kan ha innverknad på landskapet sin art eller karakter, krev godkjenning frå forvaltningsstyresmakta. Moderne landbruksdrift kan ofte medføre inngrep og driftsmåtar som ikkje er i samsvar med verneformålet.


Bruk av områda til utøving av landbruk kan fleire stader vere ønskjeleg m.a. for å halde ved like tidlegare kulturpåverknad. Utfordringa her er å leggje høva til rette for at landbruket kan bruka desse områda utan at det går ut over naturkvalitetar og kjem i konflikt med verneformålet.
Reiseliv

Nasjonalparkar og andre verneområde vert stadig viktigare for reiselivet. Reiselivet marknadsfører områda og har ønskje om å arrangere organiserte turar og arrangement. Det er riktig at bygdene som ligg inntil ein nasjonalpark som Jotunheimen på ulike måtar drar nytte av denne også i reiselivsamanheng. Utfordringar for reiselivet er å få ei reiselivsutvikling som er i samsvar med verneformålet og som ikkje reduserer eller øydelegg naturkvalitetane. Verneområda er viktige for reiselivet i området, jf. Fjellteksten i Rev. nasjonalbudsjett 2003.



Avgrensing

Areala i nasjonalparken er i hovudsak høgfjell. På sikt kan det vere aktuelt å vurdere om nasjonalparken bør utvidast slik at ein oppnår auka mangfald (fleire naturtypar) innafor det området som er verna, og at tilgrensande fjellområde vert inkluderte, for å få til ein betre heilskap. Fleire område i utkanten av verneområda har naturkvalitetar som gjer at det vil vere særleg uheldig om det skjer utbyggingar i desse. Sjå elles kap. 5.1.2. og 5.2.




1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət