Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə3/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   30

2.1. URØRD NATUR I NOREG

Områda med urørt natur i Noreg har minka sterkt etter år 1900, jf. St. melding nr. 62 (1991-92) «Ny landsplan for nasjonalparker og større verneområde i Norge» og DN-rapport 1995-6 «Inngrepsfrie naturområder i Norge». Inngrepsfrie naturområde (meir enn 5 km fra tyngre tekniske inngrep, også kalla urørt natur) i Noreg har minka frå 48% i 1900 til ca. 11,7%% av landarealet i 2003. For Sør-Noreg (med Trøndelagsfylka) har villmarka minka frå 27% til 5% i den same perioden. Denne uheldige utviklinga vil halde fram dersom vurdering og planlegging av områda ikkje skjer på ein heilskapleg måte. Vern av naturområde er eit av fleire verkemiddel i dette arbeidet.


Urørte naturområde har ein eigenverdi og er ein del av vår nasjonale arv og sjølvkjensle. Det same gjeld for fleire kulturpåverka område. Dessutan er det viktig å ta vare på natur for ettertida for:

 å sikre eit representativt utval av naturområde med eit naturleg økosystem

 å sikre naturleg variasjon og breidde i flora og fauna

 å gje sårbart og trua plante- og dyreliv store nok leveområde

 å sikre verdfulle kulturminne og kulturlandskap i område utan store tekniske inngrep

 å gje grunnlag for friluftsliv og rekreasjon

 å gje grunnlag for forsking og undervising

 å sikre referanseområde (område utan indre påverknad)

 å gje komande generasjonar høve til sjølve å planleggje arealbruken
Noreg har slutta seg til fleire internasjonale konvensjonar for å ta vare på ulike delar av det biologiske mangfaldet med plante- og dyreliv, medrekna lågare flora og fauna. Noreg har eit særleg ansvar for å ta vare på unike, sårbare og truga naturtypar, planter og dyr. Særleg gjeld dette dyr og planter som berre finst her, eller som har hovudutbreiinga si her.


2.2. NASJONALPARKAR OG LANDSKAPSVERNOMRÅDE

Vern av spesielle naturområde eller naturelement skjer i Noreg i hovudsak etter Lov om Naturvern som vart vedteken 19.06.1970. I lova er det heimel for å oppretta fleire ulike vernekategoriar, m.a. nasjonalparkar og landskapsvernområde.


I formålsparagrafen i naturvernlova (§ 1) står det:
«Naturvern er å disponere naturressursene ut fra hensynet til den nære samhørigheten

mellom mennesket og naturen, og til at naturens kvalitet skal bevares for fremtiden.»
Det offentlege naturvernarbeidet tek utgangspunkt i naturvernlova og har som formål ein «økologisk forsvarlig bruk av naturressursene som sikrer naturen som en varig kilde for menneskenes virksomhet», og i dette «bevaring av naturens variasjonsrikdom både med hensyn til planter og dyr og deres leveområder, landskap og geologiske formasjoner og forekomster» (St. melding nr. 68 (1980-81) - «Vern av norsk natur»).
I § 3 i naturvernlova står det om nasjonalparkar:
«For å bevare større urørte eller i det vesentligste urørte eller egenartede eller vakre

naturområder kan arealer av statens grunn legges ut som nasjonalpark. Grunn av samme

art som ikke er i statens eie, og som ligger i eller grenser inntil arealer som nemnt i første

punktum, kan legges ut som nasjonalpark sammen med statens grunn. I nasjonalparken

skal naturmiljøet vernes. Landskapet med planter, dyreliv og natur- og kulturminner skal vernes mot utbygging, anlegg, forurensninger og andre inngrep.»
Vidare står det om landskapsvernområde i § 5:
«For å bevare egenartet eller vakkert natur- eller kulturlandskap kan arealer legges ut som

landskapsvernområde. I landskapsvernområde må det ikke iverksettes tiltak som vesentlig

kan endre landskapets art eller karakter. Fylkesmannen avgjør i tvilstilfelle om et tiltak

må anses å ville endre landskapets art eller karakter vesentlig.»
Etter naturvernlova er landskapsvern eit svakare områdevern samanlikna med nasjonalparkar. For landskapsvernområda er hovudformålet å sikra natur- og kulturlandskap. Generelt er det forbod mot inngrep som vesentleg kan endre landskapets art eller karakter, men tradisjonell landbruksdrift vil i dei fleste høva kunne halde fram som før, jf. at «for å sikre at tradisjonell næringsvirksomhet ikke utøves i strid med landskapsvernets formål, vil den ofte være undergitt visse begrensninger når det gjelder driftsform og driftsintensitet» (Ot.prp.nr. 46 (1983-84)). Døme på slike avgrensingar kan vere hogst, stenging av bekkeløp og bakkeplanering.


2.3. FORVALTNING

Dei første nasjonalparkane omfatta berre statsgrunn. I mangel av ein eigen ytre statleg etat for naturforvaltning fekk Direktoratet for statens skoger (frå 1.1.1993 Statskog SF) den daglege forvaltninga av områda. Vedkomande reindriftsadministrasjon var dispensasjonsstyresmakt for motorferdsel i samband med utøving av reindrift. Oppsynet i dei første nasjonalparkane vart ofte etablert ved at naturverninspektøren gjorde direkte avtaler med fjelloppsynet eller andre kjentfolk.


I 1980-åra kom det fleire endringar i forvaltninga av nasjonalparkane. For nyoppretta nasjonalparkar som Jotunheimen vart det oppretta tilsynsutval i dei berørte kommunane, like eins for Utladalen landskapsvernområde.
1.1.1984 vart forvaltningsmynde for naturvernområde overført frå Miljøverndepartementet til fylkesmennene, som fekk eigne miljøvernavdelingar frå 1982. Overføringa av forvaltningsmyndet til fylkesmannen ga ikkje endringar i det daglege forvaltningsansvaret som Direktoratet for statens skoger hadde. Med opprettinga av Statens Naturoppsyn vart dei daglege oppgåvene med informasjon, skjøtsel og oppsyn i Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde frå 1.4.1998 overført frå Statskog SF til Statens Naturoppsyn, medan Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fekk overført forvaltningsoppgåvene som Statskog SF hadde hatt.
Alle nasjonalparkar og landskapsvernområde har ein formålsparagraf i verneforskrifta. Formålet er retningsgjevande for forvaltninga av områda.
Norsk nasjonalparkpolitikk gjekk dei første ti-åra etter opprettinga av Rondane nasjonalpark som den første i 1962, i stor grad ut på å verne område, etablere regelverk, vera dispensasjonsstyresmakt og oppsyn. Det vart lagt mindre vekt på aktiv forvaltning og skjøtsel. I dei seinare åra har det frå overordna styresmakter kome klare signal om meir aktiv forvaltning med m.a. større differensiering, både innafor kvart enkelt større verneområde og mellom verneområda, ogmed vekt på bruk innafor verneformål og vernereglar.


1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət