Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə7/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   2   3   4   5   6   7   8   9   10   ...   30

4.4. STRATEGIAR

Naturgrunnlaget med flora og fauna (biologisk mangfald) og urørd (inngrepsfri) natur skal tilleggjast særleg vekt.


Endringar i naturen kan skuldast naturlege variasjonar, menneskeleg aktivitet og kombinasjonar mellom desse. Synlege endringar kan skje gradvis og er over ei stutt tid ofte vanskelege å registrere. Forvaltninga må ha eit langsiktig perspektiv. Det er difor viktig at «føre var»- prinsippet blir tillagt stor vekt. Å vurdere alle saker i til dømes eit perspektiv på 200 år er ein av dei mest sentrale strategiane. I fleire høve kan det vere tvil om eit tiltak enkeltvis eller saman med andre tiltak kan gå ut over verneformålet. I slike høve skal tvilen kome naturkvalitetane til gode.
På grunn av endringar i området som auka ferdsel, nye brukargrupper og nye måtar å oppleva naturen på, må forvaltninga følgje godt med i naturtilstanden. Utviklinga vil vise om det seinare, ved rullering av forvaltningsplanen, kan bli aktuelt å endre retningslinene for forvaltninga og dispensasjonspraksis. Dette er noko av bakgrunnen for at det er naudsynt med ein revisjon av verneforskriftene.
Verdiar knytt til urørt natur, ro og stillheit skal sikrast. Unødig motorstøy skal unngåast
Naturkvalitetane i områda skal haldast ved like og betrast. Tidlegare inngrep i eit område skal ikkje vere noko argument for nye inngrep. Dyrelivet med villrein og deira leveområde skal takast vare på.
Strategiar for verneområda må ta omsyn til naturtilstanden i tilgrensande område. Både for innfallsportane og andre område som grenser inntil bør det bli laga strategiar og retningslinjer som er med på å styrke målsettinga for verneområda (jf. kap. 6.4.).
Forvaltningsstyresmakta treng og ønskjer eit godt samarbeid med kommunane, grunneigarane, lokalmiljøa og brukarane. Forvaltninga av verneområda må difor bygge på opa framferd, dialog og tillit.
Stadforståing skal leggjast til grunn for forvaltninga av kulturminne. Dette inneber å prøve å sjå heilskapen og i kva for samanheng kulturminna finst.
Friluftslivet er viktig for å gi folk gode naturopplevingar og å bli glad i naturen. Det tradisjonelle norske enkle friluftslivet som fotturar og skiturar skal prioriterast i høve til nye måtar å ferdast i naturen på, som til dømes rafting, terrengsykling, kiting og paragliding. Med det tradisjonelle norske friluftslivet meiner vi eit enkelt og lite ressurskrevjande friluftsliv. Dersom «nye» måtar å ferdast i naturen på (t.d. sykling fører til skade og/eller uroar naturmiljøet og dyreliv og kjem i konflikt med det tradisjonelle friluftslivet, må dei nye måtane vike.
Reiselivet har høve til å nytte nasjonalparken og landskapsvernområdet. Fotturar og liknande utgjer ein viktig del av reiselivet i området, t.d. overnatting og tilføring av handel i butikkar i kringliggjande tettstader og butikkar. Stortinget har avgjort at store reiselivsanlegg skal leggjast utanom verneområde. Reiselivstiltak skal leggjast utanom verneområda når det er truleg at slike tiltak kan redusera dei verdiane for det enkle friluftslivet byggjer på. Eventuelle reiselivstiltak og organiserte aktivitetar skal ikkje føra med seg fysisk tilrettelegging inne i verneområda. Overnattingshyttene i området (i og utanfor verneområda) har lange tradisjonar, og det er viktig at dei utviklar seg på ein god måte i høve til verneformålet.
Verneområda er i forvaltningsplanen inndelt i ulike soner og teigar (kap. 6). Dersom eit tiltak i ei sone eller i ein teig kan få negative følgjer i ei tilgrensande sone med strengare strategi/retningslinjer, skal sona med den strengaste strategien/retningslinene vere retningsgjevande for om tiltaket kan bli gjennomført.
Verksemder skal kunne utviklast og skje innafor ramma av verneformålet. Vernet skal vare langt fram i tid, og det vil vere vanskelig for forskrifta å forutsjå kva for nye tilhøve som kan dukke opp. Verneforskriftene skal vere tilpassa føremålet med vernet og skal sikre naturverdiane i området. Dei skal ikkje vere så vide at ein utan vidare kan seie at nye tiltak/aktivitetar er greit. Aktivitetar skal alltid vurderast i forhold til vernet, ikkje omvendt.
Stillheit og naturen sine eigne lydar er viktige i verneområde. Tiltak som kjem i konflikt med dette, t.d. motorstøy, skal unngåast.

5. SÆRLEGE PROBLEMSTILLINGER FOR JOTUNHEIMEN NASJONALPARK OG UTLADALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE MED TILGRENSANDE OMRÅDE



5.1. VERNEFORSKRIFTER OG VERNEGRENSER

Endringar av verneforskriftene og grensene for verneområda må på eiga høyring til grunneigarar, organ og organisasjonar på kommune-, fylkes- og nasjonalt nivå før Regjeringa gjer vedtak. Forvaltningsplan byggjer på dei reviderte verneforskriftene som er på høyring samstundes med framlegget til forvalntingsplan.




5.1.1. Verneforskriftene

Sidan dette framlegget til forvaltningsplan er utarbeidd i samsvar med framlegget til nye verneforskrifter for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde, som vert sendt på høyring samstundes, skal nemnast følgjande viktige endringar som er komne inn i dei nye verneforskriftene:


Verne av kulturminne er kome inn i verneformålet. Kulturminne har også fått eit eige punkt § 3, pkt 4 i verneforskrifta.
Etter gjeldande verneforskrift for nasjonalparken, p. IV 3.1.1., kan jakt på rein og hare og jakt og fangst på rype, kråke, ramn, fiskemåse, raudrev og mink foregå etter gjeldande reglar i viltstellovgjevinga. For å få vernereglane meir i samsvar med dei faktiske tilhøva er dette endra til at jakt og fangst kan foregå etter gjeldande reglar i viltlova, og at fiske kan skje etter lakse- og innlandsfiskelova (§ 3, pkt. 3)..
I § 3, pkt. 5.2 (for nasjonalparken, tilsvarande for landskapsvernområdet) gjeld endringar for organisert ferdsel. Organisert ferdsel som kan skade naturmiljøet må ha løyve, og det gjeld t.d. større treningsopplegg, jaktprøver, øvingar, arrangement og konkurransar. Også ferdselsfomer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve. Det viktige er at det er mogleg å regulere eller styre ferdsel når denne, enkeltvis eller samla, kan vere er til skade for naturmiljøet og verneformålet.
Ureining har no fått eit eige punkt i framlegget til ny forskrifter, og med det at avfall og overskotsmateriell skal takast ut av verneområda.
Etter verneforskriftene for nasjonalparken og landskapsvernområdet, p. V, skal det i kvar kommune som har areal i verneområda vere tilsynsutval for den delen av områda som ligg i vedkomande kommune. Ordninga med tilsynsutval har fungert godt og vore viktig med omsyn til lokalkunnskap og kontakt mellom lokalmiljøa og forvaltningsstyresmakta, og dermed for å få til ei god og heilskapleg forvaltning. Det er utarbeidd eigne retningslinjer for tilsynsutvala sitt arbeid (vedlegg 4). Utvala har ei fellesamling i året. På bakgrunn av dei gode røynslene med eit tilsynsutval i kvar kommune og fellesmøte ein gong i året, ikkje minst når det gjeld kontakt mellom forvaltningsstyresmaktene og lokalt/kommunane, går fylkesmennene inn for ordninga held fram.
I tillegg har det vore ønskjeleg å ta med ymse interesseorganisasjonar meir aktivt i vurderinga av enkelte spørsmål. Dette gjeld særleg i høve til organisasjonar som representerer større brukargrupper/har særlege interesser i verneområdet. Dette har vore løyst ved at slike organisasjonar, m.a. Den Norske Turistforening (DNT) har vore inviterte til fellessamlinga som blir arrangert ein gong kvart år. Organisasjonane har då talerett i desse møta. Dette har fungert svært godt og bør halde fram.
Gjeldande verneforskrifter for både landskapsvernområdet og nasjonalparken manglar standardpunkt i verneforskrifta om at «forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyremakta gjev fullmakt, kan setje i verk tiltak for å fremje formålet med vernet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningslinjer for gjennomføring av tiltak når det gjeld forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon og rådgjeving». Dette er teke inn i framlegget til nye verneforskrifter.


5.1.2. Vernegrensene og verneverdiar

Før Jotunheimen nasjonalpark vart oppretta var det fleire grenseforslag. Dei grensene som vart vedtekne fekk fleire stader ei uheldig utforming i høve til at viktige naturkvalitetar ikkje vart med i verneområda. Dette skuldast i første rekkje eigedomstilhøva og utbyggingar/inngrep som hadde skjedd før vernet vart vedteke. Det har gått meir enn 35 år sidan verneområda vart oppretta, noko som har gjeve meir erfaring og kunnskap om områda. Dette kan, vurdert ut i frå naturvernomsyn, gje grunnlag for grenseendringar/grensejusteringar. I tillegg har presset på naturområde som grensar til verneområda auka mange stader dei seinare åra. Jf også St.meld. nr. 62 (1991-92) som omtalar kor viktig det er å ta vare på tilgrensande område til nasjonalparkane.


Fleire høyringsinstansar har elles bede om at det blir sett igong arbeid med utviding av nasjonalparken og landskapsvernområdet, m.a mot Sognefjellsvegen og i samband med fotturar frå bil (car walks).
Følgjande område kan vere aktuelle for utviding av verneområda ein gong i framtida på grunn av store naturkvalitetar her, utan at det pr. i dag ligg føre noko formelt framlegg om utvida vern, berre ei påpeiking av verdiar.:
Valdresflya vest og Øvre Leirungsdalen

Området på sørsida av Gjende, Øvre Leirungsdal-området, peikar seg ut som eit område det ut frå naturverdiane kan vere ønskjeleg med grenseendringar. Området grensar opp til eit område utan tilrettelegging og inngrep (jf. kap. 6.3.2.). Utviding av nasjonalparken ned mot vegen over Valdresflya i Vang, Øystre Slidre og Vågå kommuner ville gje eit meir heilskapleg og naturleg samanhengjande «villmarksområde». Vidare ville verneområdet fått auka mangfald ved at fleire landskapsformer, gode fuglebiotopar og frodige. plantesamfunn (høgstaudeeng) hadde kome med. I tillegg ville dette trekke nasjonalparkgrensa nærare Nasjonal Turistveg over Valdresflya med dei moglegheiter dette vil gje i reiselivssamanheng. Aktuell verneform dersom naturvernlova er aktuell, kan vere nasjonalpark.


Nord for Bygdin

Området mellom Bygdin/Tyin og nasjonalparkgrensa er eit anna område som har stor verdi i høve til nasjonalparken. Landskapsmessig høyrer dette til dei sentrale Jotunheimfjella med høgalpint, vilt, vakkert og i stor grad urørt fjellandskap, jfr verneformålet. Størstedelen av dette arealet er og klassifisert som ”inngrepsfrie naturområde jfr. DNs kartlegging. Eit vern i dette området ville gjeve eit meir naturleg samanhengande "villmarksområde" mot Øvre Leirungsdal-området. Faren for eventuelle uheldige arealdisponeringar opp mot nasjonalparken i framtida ville og blitt mindre. Området ligg i Vang kommune dels på privat grunn og dels på statsgrunn. Aktuelle verneformer dersom vern etter naturvernlova er aktuell, vil mest truleg vere nasjonalpark.


Sjodalen vest

Området i Sjodalen kring Besstrondfjellet Hindflyene – Veofjellet aust for Nautgardstind. Større inngrepsfritt område med særkilt ravine/elvelandskap og geologiske avsetningar. Aktuelle verneformer er nasjonalpark/landskapsvern.


Smådalen, Lauvhø og Kvitingskjølen

Delar av området har rik og spesiell fuglefauna og er verna som naturreservat (Smådalsvatni NR). Traktorveg går gjennom deler av Smådalen, og det er en del setre i dette området. Utover dette er Gokkerdalen, Lauvhø, Einsteinshovde og Kvitingskjølmassivet fjellområde som har status som inngrepsfrie naturområder jf. DN si kartlegging. Området er viktig beiteområde for tamreindrifta i Lom. Aktuell verneform er nasjonalpark/landskapsvern i kombinasjon med eksisterande naturreservat.


Juvflya - Visdalen

Eit anna område som i framtida bør vurderast å verna, er Juvflya-Svartkampen-Raudkampenområdet og delar av Visdalen. Området viser stort samla mangfald både i kvartærgeologi (polygonmark) og vegetasjon (snaufjell-bjørkeskog og bjørkeskog-furuskog). Området ligg i Lom kommune dels på privat grunn og dels på statsallmenning. Aktuelle verneformer dersom naturvernlova er aktuell, kan vere landskapsvernområde eller nasjonalpark. Lom kommune har under arbeid ein reguleringsplan for skisenteret på Juvbreen og tilgrensande område.


Storgjuvbreen – Leirdalen

Området frå Storgjuvbreen og Sauhøi i Leirdalen har fleire kvartærgeologiske verdfulle område med store landskapskvalitetar og utgjer ein del av heilskapen i landskapet i Galhøpiggområdet. Aktuell verneform er nasjonalpark/landskapsvernområde.


Nord for Smørstabbtindane med Loftet

Landskapsmessig høyrer dette til dei sentrale Jotunheimfjella med høgalpint, vilt, vakkert og i stor grad urørt fjellandskap, jf. verneformålet. Størstedelen av dette arealet er og klassifisert som ”inngrepsfrie naturområde jf. DNs kartlegging. Det er knytt store vitskaplege interesser til Storebreen i Leirdalen. Loftet blir nytta til eit lokalt ski/telemarksrenn. Aktuell verneform er nasjonapark.


Fantestein

Fantestein er ein plass med segner knytt til seg og ein populær stoppeplass.det kan vere aktuelt å trekkje grensa ned mot Fantestein, noko som og kan vere interessant for etablering av ein kort fottur frå bil (car walk). Aktuell verneform er nasjonalpark.


Vest for Steindalsnosi ned mot Sognefjellsvegen

Dette er eit mindre område som er interessant m.o.t. geologi. Området er også aktuelt for etablering av korte fotturar frå bil (car walks). Aktuell verneform er nasjonalpark.


Kring Berdalsfjellet nordvest for Soleiebotntindane

Dette er eit mindre område som i dag ikkje har fullgod avgrensing i høve geologiske verneverdiar. Området er også i bruk av villreinen om vinteren og våren, samstundes som det er nokre område som kan vere aktuelle for korte fotturar frå bil (car walks). Aktuell verneform er nasjonalpark.




1   2   3   4   5   6   7   8   9   10   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət