Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə15/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   11   12   13   14   15   16   17   18   ...   30

8.3. Friluftsliv

Friluftsliv er til nytte og glede både for den enkelte og for samfunnet og utgjer eit viktig tilskot til livskvalitet. Dette gjeld vel så mykje i høve til dei psykiske sidene ved friluftslivet som til dei fysiske. I St. meld nr.39 (2000-2001) Friluftsliv, er det eit hovudmål «å styrkje friluftslivet som ein helse- og trivselsskapande, naturvenleg fritidsaktivitet».


Ferdsla i verneområda er i stor grad konsentrert til dei T-merkte rutene og dei kvista skiløypene, som såleis er svært viktige for utøvinga av friluftsliv i området. Vidare er ferdsla konsentrert til påska (ski), vårskiturar i mai, og fotturar i perioden frå omlag 1. juli til omlag 15. september med normalt ein topp kring månadskiftet juli/august og fram til midten av august. Sjølv om det ikkje visast av statistikken, er skiturar frå hytte til hytte om vinteren gått ein god del ned. Det er relativt sjeldan å sjå turgåarar utanfor dei merkte/kvista rutene og dei nemnde årstidene. Unntaket er at det er ein tendens til at fleire går på fjelltoppar. Det synest og å vere ein trend at fleire går i områda utenom dei tradisjonelle feriane. Særleg er omfanget av vårskiturar i nærleiken av høgfjellsvegane aukande.
Utøving av friluftsliv er eit delmål både i nasjonalparken og i landskapsvernområdet. I samsvar med norsk friluftslivtradisjon er det fri ferdsel i verneområda (allemannsretten). All ferdsel og aktivitet både i og utanfor verneområda skal skje «hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet» (friluftslova §2) og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne. Den norske friluftslivtradisjonen byggjer på eit enkelt og lite ressurskrevjande friluftsliv, utan motoriserte hjelpemidlar. Utøvinga av friluftsliv kan koma i konflikt med verneformålet og vernereglane både ved konkrete tilretteleggingstiltak og ved stor ferdsel som forringar naturmiljøet. Tilretteleggingstiltak vil m.a. redusere det urørte naturpreget i eit område.

Nye former for friluftsliv har mange positive sider. Viktig for å vurdere dette er om aktiviteten kan vere til skade for naturmiljøet, krev enkel tilrettelegging, ikkje fortrengjer/uroar det tradisjonelle friluftslivet med fotturar og skiturar. Det tradisjonelle friluftslivet er nok meir er oppteken av stillheita og roen i naturen enn å bruke naturen som ein base for personlege utfordringar. Viktige faktorar her er m.a. om ein aktivitet har høg fart (hastigheit), om det er areal- eller luftromkrevjande aktivitetar og gjennom det kan gjere skade på natur- og dyreliv, og om aktiviteten er til sjenanse for andre som utøver friluftsliv i nasjonalparken. Døme er på aktivitet som kan vere uheldige er kiting (skisegling) som har så høg fart at dei kjem kjem så raskt at dei uroar villreinen meir enn vanlege turgårarar, og terrengsykling på stiar i høg fart kan skremme turgåarar.


Etter Naturvernlova § 22 er det høve til å forby ferdsel heile året eller delar av året dersom det er vurdert som naudsynt for å bevare plante- eller dyrelivet eller geologiske førekomstar i verneområda når særlege høve tilseier det. Vurdert ut i frå naturgrunnlaget synest ikkje slike reguleringar å vere aktuelle no. Slike forbod har ikkje tradisjon i Noreg, og er heller ikkje ønskjelege m.a. av omsyn til allemannsretten i utmark. Så langt det er mogleg bør ein leggje opp til å styre ferdsla utanom sårbare område gjennom kanalisering og tilrettelegging. Dei T-merkte stiane og kvista løypene i påska er difor viktige. Omsynet til t.d. villreinen, kjente hekkelokalitetar for rovfugl og andre sårbare artar kan tilseie ei slik styring av ferdsla.
Noko eksakt tal på kor mange personar som besøker verneområda og kva for område som er mest nytta til friluftsliv, finst ikkje. «Hytte(-til-hytte)-friluftslivet» har vore dominerande i Jotunheimen fram til no. Frå 1985 til 1992 auka talet på overnattingar i verneområda. Frå 1993 til 2000 heldt talet på overnattingar halde seg stabilt, men etter dette har det vore ein auke. Brukarundersøkingane frå 1992-2002 tyder på at det er ein auka bruk av nasjonalparken generelt, men at type bruk og brukergrupper har endra seg. Det er ønskjeleg å utarbeide betre statistikk som dokumenterer utviklinga av bruken av området. Det kan vere aktuelt å gjennomføre brukerundersøking kvart 10 år.


Fig. 2. Overnattingar på DNT sine turisthytter frå 1985 til 2003 (opplysningar frå DNT). Bygges ut med tall frå 2004 og 2005. (blir oppdatert før trykking)


Fig. 3. Transporterte personar med turistbåtane på Gjende i perioden 1980 til 2005 (opplysningar frå Harald Øvstedal, Vågåmo). (blir oppdatert før trykking)

Dei siste 10 åra har det vore ein markert auke i talet på dagsbesøk i verneområda (jf brukarundersøkingane), m.a. frå folk som tek fleire dagsturar etter kvarandre, gjerne til særleg attraktive turområde, t.d. Galdhøpiggen og Hurrungane. Auka ferdsel og slitasje kjem difor i hovudsak av fleire ein-dags turar frå populære innfallsportar.


I følgje brukarundersøkinga frå 1992 var dette dei mest nytta turruter (dagsturar og fleirdagarsturar):

 Besseggen 32%

 Spiterstulen innover Visdalen 22%

 Glitterheim - Spiterstulen 16%

 Avdalen/Vetti 15%

 Bukkelegeret 15%

 Leirvassbu - Visdalen - Uradalen 14%
I 2002 var dei mest nytta turmåla for dagsturar (for dei som hadde fleire dagsturar) følgjande:


  • Galdhøpiggen 41%

  • Besseggen 41%

  • Glittertind 22%

  • Utladalen 19%

  • Fanaråken 17%

På nokre av dei mest brukte turrutene er det vegetasjonsslitasje og erosjon. Det er nokre stader som særleg peikar seg ut. Det gjeld særleg opp- og nedstiging på Besseggenruta frå Memurubu og Gjendesheim. Delar av stien frå Skogadalsbøen til Vetti har slitasje, det same gjeld frå Gjendebu til Svartdalen, og i Vesleutladalen Utviklinga vil bli følgt i desse områda, og dessutan område der det har vore problem tidlegare (m.a. Skagadalen, framfor Bøverbreen og Leirungsdalen).


På Besseggenruta over Memurubu og over Gjendesheim har terrengslitasjen vore så omfattande at det i 2005 er sett i gong eit stort prosjekt med reparasjon av stien. Prosjektet er eit samarbeid mellom DNT, SNO, Fylkesmannen i Oppland og fjellstyra i Lom og Vågå sett i gong eit stort prosjekt for å rette opp skadene og lage ein sti med ein standard som er tilpassa omfanget av ferdselen og for å stanse erosjonen. Det er behov for tiltak gjennom fleire år, både på stien opp frå Memurubu og frå Gjendesheim. Ein er avhengig av offentlege midlar for å sluttføre tiltaket. Sentralt i prosjektet har vore å nytte erfaringar fra internasjonale fagmiljø og byggje opp fagkompetanse på dette, som kan nyttast andre stader i nasjonalparken, i regionen og landet elles. Informasjon om prosjektet og dei tiltaka som blir utført vil bli prioritert. Prosjektet er fleirårig og har ei kostnadsramme på kr. 1,2 mill årleg. I prosjektet ligg det også ei vurdering av andre stiar i verneområda med tanke på spesielle tiltak. Prosjektet startar frå Memurubu-sida i 2007, og vil tidlegast vere avslutta i 2009.
Frå midtsommars 2006 har det vore teke i bruk ferdselsteljarar på Besseggenstien, og det er truleg nærare 50 000 personar som går over Besseggen kvart år.
Det er og slitasjeproblem i myrlendt terreng. Dugnadsgjengar frå Den Norske Turistforening og andre har utført mykje godt arbeid med dette, m.a. i Utladalen og opp mot Fannaråken frå Helgedalen.
Nokre område er og brukt til breturar og klatring. Galdhøpigg-området med Svellnosbre- og Smørstabbre-området synest å vere dei mest etterspurde områda for brevandring. Her er det slitasjeproblem i tilkomstområda/stiane Det meste av fjellklatringa er konsentrert til Hurrungane-området. I dei mest brukte klatreområda har det etter kvart blitt mange sår/merke etter stegjern frå vinterklatring. Vidare er det problem med søppel (boltar, rapellslyngar) på dei rutene som er mykje nytta (t.d. St. Skagastølstind). Dette er lite ønskjeleg og reduserer opplevingsverdien i området.
Smørstabbre-, Fannaråk- og Leirungsdal-området, er særleg ettertrakta skiturområde om våren/tidleg sommar. Aktiviteten har auka dei siste åra, noko som i stor grad har samanheng med at vegen over Sognefjellet og vegen over Valdresflya no er brøyta frå omlag 1. mai. Stor aktivitet i Øvre-Leirungsdalen om våren/tidleg sommar kan påverke fuglebiotopane der. Det er førebels ikkje utført registreringar på dette. Leirungsdalen er også eit viktig beiteområde for tamrein. Det er ei oppgåve for oppsynet å følgje med i utviklinga og om vårskiturane medfører konfliktar i høve til fauna, flora og spesielle naturverdiar.
For organisert ferdsel som DNT og andre turlag sine fellesturar, sjå pkt. 8.9 om Organisert ferdsel.

Retningslinjer:

Verneområda skal vere til glede for friluftsliv som byggjer på norske friluftslivstradisjonar.
Tiltak:

- Halde oversikt over bruken av områda når det gjeld både vanleg friluftsliv

- Dersom omsynet til naturkvalitetane tilseier det, skal naudsynte tiltak gjennomførast for å unngå/eliminere skader som skuldast friluftslivet.

- Følgje med i utviklinga m.o.t. vårskiturar og moglege konfliktar i høve til fauna, flora og spesielle naturverdiar.

- Følgje med utviklinga til nyare former for friluftsliv

- Følgje med i slitasjeproblem som følgje av ferdsel og tilrettelegging og evt. setje i verk tiltak

1   ...   11   12   13   14   15   16   17   18   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət