Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə16/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   12   13   14   15   16   17   18   19   ...   30

8.4. Innfallsportar (Tilgjenge til områda)

Ferdsla i eit område vil i stor grad hengje saman med kor lett det er å kome dit. Både Jotunheimen og Utladalen er lett tilgjengeleg, særleg om sommaren. Det går då bilvegar både inn i sjølve områda, inntil og nær opp til vernegrensene. Fleire stader er bilvegane inn mot Jotunheimen private (døme Visdalen, Leirdalen, Veodalen), og bruken av nasjonalparken er såleis avhengig av at desse vegane er i god nok stand.


At det er gode tilhøve ved innfallsportane til Jotunheimen er avgjerande for å lukkast med å få folk til området, at dei skal få ei god oppleving, og for at dei skal kome tilbake. M.a.o. for at reiselivet skal kunne bruke nasjonalparken og landskapsvernområde som ein del av infrastrukturen for å trekkje turistar til området og for at folk som bur i nærleiken skal ha glede av naturen her. Informasjon ved innfallsportane er såleis langt på veg viktigare enn all annan informasjon. Arbeidet med å få til landskapsmessig fine P-plassar og høveleg og godt designa informasjon ved innfallsportane er svært viktig for reiselivet kring Jotunheimen og Utladalen. Arbeidet som er gjort gjennom skiltmalgruppa i Nasjonalparkriket i Nord-Gudbrandsdal vil vere viktig for å få til ei naudsynt kvalitetsheving.
Kapasiteten på parkeringsplassar for dei som ønskjer å besøke områda er nokre stader i minste laget. Av omsynet til opplevingsverdien og naturkvalitetane i verneområda, bør hovudregelen vere at nye parkeringsplassar ikkje skal byggast heilt opp til vernegrensa eller slik at dei er lett synlege frå verneområda. Forvaltningsstyresmakta er avhengig av eit godt samarbeid med grunneigarar og kommunen, og dessutan tilførsel av ressursar/forvaltningsmidlar for å lukkast med å gjere innfallsportane gode og attraktive.
Også tilrettelegging ved innfallsportar må ta omsyn til naturmiljø og dyreliv, som omsynet til villreinen, før dei vert sett i verk.
Nedanfor følgjer ei kort tilstandsvurdering og tiltaksplan for dei mest nytta innfallsportane. Tilstandsvurderinga gjeld tal P-plassar og organisering av desse, informasjonstavler, toalettbehov.
Bygdin/Torfinnsbu: Parkering ved Bygdin Høgfjellshotell med litt liten kapasitet. Rutebåt på Bygdin. Aktuelle tiltak:

  • Oppsetting av informasjon om nasjonalparken og landskapsvernområdet ved Bygdin Høyfjellshotell ogTorfinnsbu

  • Enkelte stitilretteleggingstiltak kan vurderes på enkelte punkt


Valdresflya: P-plass ved vandrarheim, men planar om ny P-plass i samband med Nasjonal turistveg over Valdresflya, med kort fottur (rundtur) herifrå. Behov for nasjonalparkinformasjon.
Vargebakken: Stopp-punkt på Nasjonal turistveg. Aktuelle tiltak:

  • NP-info koordinerast med turistvegprosjektet sin informasjon.

  • Tilrettelegging av korte turruter .

  • Tilpasse/markedsføringa av Knutshø i høve til sårbare artar og vanskegrad.


Gjendeosen/Reinsvangen: P-plass på Gjendeosen ligg eksponert til mot nasjonalparken, P-plassen er opprusta og bedre avgrensa de seinare år, og har avgrensa kapasitet. Reinsvangen har bra kapasitet, og det er etablert skyttelbuss og T-merkt sti mellom P-plassane Informasjonen om nasjonalparken vart i 2005 samordna i 2 informasjonsmoduler saman med lokalinformasjon, reiseliv, parkering/båtruter med meir etter rammer lagt av satsinga ”Nasjonalparkriket”. I høgsesongen er det lang kø for å kome med båten. Aktuelle tiltak:

  • Vidareføring av stitilrettelegging på stien opp fra Gjendesheim

  • Styring av biltrafikk bort fra bryggeområde og til P-plass Reinsvangen.

  • Estetisk tilpasning av nåværende og evt. nye bygg (lagerbygg Gjendebåten)..

  • Innføring av forhåndsbestilling av plass på Gjendebåten

Det er også planar om tiltak i samband med Nasjonal Turistveg over Valdresflya. Dei fleste av desse tiltaka bør skje ved Reinsvangen.
Bessheim: Relativt høg ferdsel som har gjeve stislitasje og erosjonsproblem på parti på strekninga opp til Bessvatn. Ved nasjonalparkgrensa ved Bessvatnoset er det eit område som er mykje brukt til telting. I periodar har det vore problem med forsøpling her. På sikt er tiltak naudsynt med det omfanget ferdsla har i dag, m.a. informasjon der stien startar ved Bessheim. T-merking av stien nord for Bessvatnet er aktuelt. Aktuelle tiltak:

  • Nasjonalparkinformasjon ved Bessheim, informasjon om avfall/forsøpling

  • Stitilretteleggingstiltak på strekninga Bessheim-Bessvatnoset


Veodalen: Her er relativt stor og populær P-plass. Utleige av syklar frå Glitterheim. Det er sett opp søppelstativ som vert tømt dagleg av Glitterheim turisthytte. Aktuelle tiltak:

  • Oppgradering av infotavle (samordning, jfr. skiltgruppa)

  • Bord/benkar, bygging av do, større p-plass, sykkelstativ

  • Sterkere marknadsføring av kulturminne/naturkvalitetar i Veodalen



Visdalen – Spiterstulen: Rimeleg bra ordna parkeringstilhøve men til tider for liten kapasitet. Både stien opp til Galdhøpiggen, stien etter Visdalen og stien mot Svellnosbreen er prega av høg ferdsel med stor slitasje/erosjon på enkelte punkt. Aktuelle tiltak:

  • Informasjon om nasjonalparken kan oppgraderast både utanfor og inne i turisthytta

  • Betre samordning/lokalisering av all informasjon knytt til utfart/fjellføring/camping.

  • Klarare avgrensing av arealet som er avsett til camping, (evaluere campingtilhøva ved turisthytta)

  • Stitilretteleggingstiltak på stien både til Galdhøpiggen, Svellnosbreen og innover Visdalen må vurderast.

  • Utviding og betre markert arrondering/avgrensing av P-plassen.


Raubergstulen/ Juvasshytta: Området er i dag prega av ein del tekniske inngrep, med skisenter, bygningar, parkeringsplass i eit ope høgfjellslandskap og landskapsmessig sårbart område. Aktuelle tiltak:

  • Auke av parkeringskapasiteten er naudsynt, arbeid igangsett 2006 (med statstilskot).

  • Samordning/oppgradering av nasjonalparkinformasjon


Leirdalen – Leirvassbu med P-plassen ligg noko eksponert til, og landskapet er sårbart for nye større tekniske inngrep. Aktuelle tiltak:

  • vidareutvikling og profilering av pågåande natur/kulturinformasjonarbeid i Leirdalen/Storbreen/Leirvassbu

  • oppgradering og flytting av NP-info ute,


Sognefjellet (Krossbu, Fantestein, Sognefjellshytta, Prestesteindammen): Frå Sognefjellet er det fleire viktige innfallsportar med gode parkeringstilhøve. Fantestein kan vere viktig både historisk og som utgangspunkt for ein kortare fottur. Stien inn til Bøverbreen (ligg utafor NP) er utsett for slitasje då det er fleire blaute parti her. Kavl-legging på dei mest utsette partiene vart gjennomført sommaren 2004. Aktuelle tiltak:

  • generell oppgradering av NP-info.

  • omplassering av NP-informasjonstavla ved Sognefjellshytta

  • informasjonstavle ved Krossbu og betre skilting av turrutene

  • NP-info ved Fantestein. Merking av kort fottur til nærliggjande høgde

  • NP-info ved den store P-plassen ved Kammerherren (nasjonal turistveg P-plass)

  • NP-info på P-plass Preststeinsdammen

  • NP-info på P-plass Storfonni

  • innstegsområdet til Bøverbreen bør overvåkast spesielt med tanke på forsøpling.


Helgedalen: Mange startar turen til Fanaråken og Skogadalsbøen her. P-plassen er for liten/ikkje opparbeidd. Aktuelle tiltak:

  • opparbeiding av P-plass

  • nasjonalpark-info


Turtagrø er viktigaste innfallsport til Skagadalen og Hurrungane. Stor NP-tavle er oppsett. Aktuelle tiltak:

    • Vurdere oppsetting av toalett når avtalen Luster kommune har med Turtagrø Hotell går ut i 2011(?)


Ringsdalen (på vestsida): Det går ein anleggsveg om lag 1 km innover frå der den tek av frå fjellvegen Årdal-Turtagrø. Tilhøva kan vere kaotiske, då det er terrenget som stoppar motorferdsel innover. Aktuelle tiltak

  • Oppsetting av vegbom på høveleg stad

  • Avgrensing/opparbeiding av P-plass

  • NP-info


Soleiebotnen: Mange startar turen til Store Soleietind ved ein liten P-plass der elva frå Soleiebotnene kryssar fjellvegen Årdal-Turtagrø. Aktuelle tiltak

    • NP-info


Berdalen: Mange startar turen til Austabotntindane rett nord for vegbommen på fjellvegen Årdal-Turtagrø. Her er det svært dårlege P-tilhøve. Aktuelle tiltak:


Utladalen: Hjelle i Utladalen er hovudinnfallsport frå Årdal inn i Jotunheimen. Stor P-plass om lag 200 m frå grensa, lita P-plass rett ved. Infotavle og toalett ved den store P-plassen finst. Utladalen naturhus har god informasjon om verneområda. Det er utarbeidd skjøtselsplan for området. Aktuelle tiltak:

    • Klårare skilting om at parkering skal skje på første P-plass



Tyin/Eidsbugarden: Her er det velordna parkeringstilhøve, nye tavler i 2003. Stislitasje på strekninga langs Bygdin mor Gjendebu. Aktuelle tiltak:

  • Oppgradering av nasjonalparkinformasjon der stiane går inn i nasjonalparken (Mjølkedalen, Veslådalen).

  • Enkelte stiltilretteleggingstiltak kan vurderast på enkelte punkt på stien til Mjølkedalen


Koldedalen: Vegen er lagt lite skånsamt i terrenget, på store utferdsdagar er det preg av parkeringskaos. Aktuelle tiltak:

  • Gjennomføring av plan for tverrstilt parkering langs vegen i samarbeid med landskapsarkitekt. Svak utfylling og omplassering av stein på egnede steder.

  • Oppsetting av nasjonalparkinformasjon ved parkeringslomma nærast bommen.

  • Partia på stien nærast parkeringen/bommen kan krevje enkelte tiltak.

Om vinteren er dei mest nytta utgangspunkta for turar Gjendesheim, Spiterstulen (frå månadsskiftet januar-februar), Leirdalen, Turtagrø og Tyin. Frå omlag 1. mai opnar Valdresflya og Sognefjellet og er dei mest populære utgangspunkta for vårskiturar i verneområda.


Både i Gravdalen (frå Leirvassbu) og i Veodalen (inn til Glitterheim) går det bilveg omlag 7 km. inn i nasjonalparken Det er parkeringsplass ved nasjonalparkgrensa. I Utladalen er det bygd veg inn til Vetti Gard, omlag 6 km. inn i landskapsvernområdet, og parkeringsplass ved Hjelle utanfor landskapsvernområdet. Koldedalsvegen inn i Utladalen landskapsvernområde er open for ålmenta fram til bommen ved Uradøla der grensa for landskapsvernområdet går. Bruken av Vettisvegen og Gravdalsvegen er i tilegg til vernereglane også regulert med eigne reglar. Etter vernereglane er all motorferdsel på alle desse vegane forbode, med nokre få unntak.
Både på Bygdin og Gjende går det faste båtruter. Med unntak av sjølve Gjendeosen med Gjendesheim turisthytte, ligg heile Gjende i nasjonalparken og strekkjer seg omlag 19 km. inn i «hjartet» av nasjonalparken. Rutebåten går mellom Gjendesheim, Memurubu og Gjendebu. Bygdin ligg utanfor verneområda, men grensar opptil. Her går båten i rute mellom Bygdin, Torfinnsbu og Eidsbugarden.
Gjendebåten AS har to turist- og rutebåtar på Gjende, med ein transportkapasitet på 100 og 80 passasjerar. Den nyaste båten er frå 2006, går om lag 20 knop, og er betre tilpassa funksjonshemma. Utskifting av rutebåtane på Gjende og drifta av dei skal godkjennast av forvaltningsstyresmakta (framlegg til verneforskrift § 3, 6.3g, gjeldande verneforskrift pkt. IV, 5.2.3). Det vil ikkje vere aktuelt å gje løyve til bruk av fleire enn to rutebåtar på Gjende, eller gje løyve til persontransport til fleire aktørar samstundes. Turisthyttene vil ikkje få løyve til eigen persontransport utover den avgrensa dispensasjonen som det er gjeve løyve til i vintersesongen.
Det har vore drift med rutebåt på Gjende sidan 1906. og det er den det er heimel for (i medhald av løyve) i verneforskrifta (verneforskrifta § 3, 6.3.g). Talet på turistar som blir transporterte med båt på Gjende vart tre-dobla fram til 1990. Ny båt vart satt i drift i 1990. Dei siste åra har tala vore stabilt i overkant av 30 000 reisande. Om lag 75% av dei reisande løyser billett på strekninga Gjendesheim- Memurubu. I løyvet blir det m.a. teke atterhald om at det kan bli aktuelt å regulere transportkapasiteten, ruteopplegget m.m. i samband med forvaltningsplanarbeidet for Jotunheimen og dersom verknaden på naturmiljøet skulle tilseie det.
Motorbåttransport på Gjende kan sjåast på som konfliktfylt i høvet vern som nasjonalpark. Med båtane blir det frakta turistar motorisert inn i kjerneområdet av nasjonalparken, med start- og endestad for fotturar midt inne i kjerneområdet, noko som er uheldig. Dette er med på å gjere avstandane i nasjonalparken kunstig korte. Bruken av nokre område i nasjonalparken bør krevja fleirdagarstur. For dei fleste startar fjellturen der motortransporten sluttar. Ei sentral målsetting etter vernereglane er å unngå motorisert ferdsel, også for å redusere motorstøy. Verdiar i naturmiljøet og "mystikken" i dei sentrale områda av nasjonalparken blir reduserte og borte ved slik motorisert ferdsel, og opplevinga av desse tilsvarande redusert. Samstundes har motorbåttransporten kanaliserande effekt og gjev mange høve til å oppleve naturen i området på båtturen og gjennom å gå tur. Vidare er båttransport naudsynt for å forsyne turisthyttene Memurubu og Gjendebu med mat og utstyr. Den gjev og funksjonshemma og eldre høve til å oppleve fjellområde som er verna som nasjonalpark. Båtruta på Gjende har dessutan lange tradisjonar. Turen over Besseggen som den mest trafikkerte er langt på veg ein merkevare og eit kjent turmål for mange.
Det har dei seinare åra vore tendens til at besøkande har bestilt ekstrabåt frå brygga. Dette har hatt eit avgrensa omfang, men er likevel ein uheldig praksis, ved at rask og ikkje planlagt transport inn og ut av fjellområdet får preg av taxi-verksemd. Taxibestilling av motorisert transport skal ikkje kunne skje i ein nasjonalpark. Dette vil det derfor ikkje bli gjeve løyve til.
Det ordinære ruteoppsettet for Gjendebåtane sesongen 2008?? er planlagt slik (endrast noko frå år til år):






 


2007:

Gjendine
22/6-19/8

dagleg og 25/8, 1/9, 8/9, 15/9

Gjende III
29/6-12/8

dagleg og
18/8, 25/8, 1/9, 8/9

Gjendine
16/6-16/9

dagleg

Gjende III
22/6-16/9

dagleg

Gjendine
7/7-12/8

dagleg

Frå Gjendesheim

07.45 

08.00 

09.45 

14.25

16.00

Ank. Memurubu

08.05 

08.35

10.05 

15.00 

16.20

Frå Memurubu

08.10 

|

|

15.05 

|

Ank. Gjendebu

08.30

|

|

15.40 

|

Frå Gjendebu

08.35

|

|

16.00 

|

Ank. Memurubu

08.55 

|

|

16.35 

|

Frå Memurubu

09.00

08.45 

10.15 

16.40 

16.25

Ank. Gjendesh.

09.20

09.20 

10.35 

17.15 

16.45


















I etterkant av forvaltningsplanen frå 1998 var det ein gjennomgang av båtrutene på Gjende. Dette førte til klarare retningslinjer for motorbåttransporten, noko som har vore ein fordel for alle partar. På bakgrunn av dette kom ein fram til at:


Båttransporten til/frå Gjendebu skal ikkje overstiga 2 båtavgangar kvar dag. Dersom det står passasjerar att ved ordinær rute, kan ekstratur for å hente dei gjennomførast utan vidare. Ekstraturar ut over dette må det søkjast om. Tal på omsøkte ekstraturar har vore avgrensa til 2-3 turar i året. Det er eit mål å halde slike turar på eit avgrensa nivå. Transportkapasiteten frå Gjendesheim til Memurubu (med tanke på turen over Besseggen) er ikkje avgrensa i gjeldande løyve.
Dette inneber at frakt av folk og varer i området i størst mogleg grad vert kanalisert til rutebåten på Gjende med faste turopplegg.
Når det gjeld rundturar og såkalla ”lunsjturar” meiner Fylkesmannen at dette ikkje går under omgrepet rutebåt som det er gjeve heimel for i verneforskriften. Ei eventuell opning for slik verksemd må derfor sjåast i høve til den generelle unntaksregelen i verneforskrifta § 4. Med bakgrunn i at det ikkje har vore ei avgrensing på talet på ruteavgangar mellom Gjendesheim og Memurubu, ser vi grunnlag for å kunne opne eit forsøk med rundtur/lunsjturvirksomhet i denne sonen (jfr teig 1). I vestdelen av Gjende som er sentralt i nasjonalparken, og der det frå før er ei avgrensing i ruteavganger, vil det ikkje bli opna for dette. Rundturverksemd vil truleg gje meir båttrafikk og støy. Det vert sett eit tak på to passasjerbåtar på Gjende. Sightseeingturar (rundturar) med motorbåt kan berre kunne skje etter forutgåande løyve etter § 4 i verneforskrifta.

Retningslinjer:

Ha godt tilrettelagte P-plassar med informasjon der stiar inn i verneområda startar.
Tiltak som legg til rette for å koma inn i verneområda skal ha strenge estetiske krav til utforming.
Motorisert transport av turistar inn i verneområda skal avgrensast og/eller vere under kontroll.
Tiltak:

- Samarbeide med og gje innspel til grunneigarar og kommunar om arealdisponering som legg til rette for å koma inn i verneområda.

- Avgrense persontransporten med motorbåt inn til vestenden av Gjende (Gjendebu) til 2 båtavgangar pr. dag.

- Tilstandsvurdering og tiltaksplan for dei viktigaste innfallsportane, med oppfølging i form av tiltak (infotavler, toalett). Følgje tilrådingane i Nasjonalparkriket i Nord-Gudbrandsdal når det gjeld innfallsportane m.o.t. informasjon.


1   ...   12   13   14   15   16   17   18   19   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət