Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə24/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   20   21   22   23   24   25   26   27   ...   30

8.16. Reiseliv

Namnet Jotunheimen er godt kjent i samband med reiseliv. Området har vore kjent for turistar frå midten av 1800-talet. Jotunheimen har vore og er eit viktig fjellområde for reiseliv og turisme i bygdene som ligg ikring. Jotunheimen har og vore eit satsingsområde for DNT frå starten i 1868. Den lange debatten om å freda området (frå 1904 - 1980) og planane om vasskraftreguleringar (m.a. av Gjende) har og gjort området kjent.


I Revidert Nasjonalbudsjettet 2003 i den såkalla ”Fjellteksten” gjer Regjeringa greie for korleis nasjonalparkar utgjer ein sentral del i marknadsføringa av Noreg i reiselivssamanheng og for utviklinga av naturbasert reiseliv. Nokre sentrale punkt skal referast her:


  • Bruke nasjonalparkar i marknadsføringa av Noreg

  • Større reiselivsanlegg skal leggjast utanfor nasjonalparkane

  • Ikkje tillate inngrep og tiltak som øydelegg eller reduserer kvalitetane som ligg til grunn for vern

  • Reiselivstiltak som føreset større infrastrukturelle tiltak og bruk av motorisert transport i verneområde er i strid med gjeldane NPpolitikk. Slike tiltak vil forringe kvalitetane som gjer områda attraktive

  • Auka bruk gjev store utfordringar i å ta vare på naturen slik at merkevaren ikkje øydeleggjast eller får redusert verdi

I ”Fjellteksten” held Regjeringa fram at reiselivet sin bruk av natur og kultur i fjellområda og landbruksbasert tursime utgjer i dag den største verdiskapinga i mange fjellbygder. Omfattande næringsverksemd finst i dag: overnatting, servering, jakt og fiske, fjellføring/guiding, guiding riding elvepadling, leirskule/undervisning/kurs. Undersøkingar syner at for nær halvparten av turistane er naturen viktigaste grunn for å kome, og endå fleire seier dei skal utøve friluftsliv.


Nasjonalparkane og landskapsvernområde utgjer såleis ein viktig del av infrastrukturen i reiselivet.
At folk vert tiltrekt av naturen og oppsøkjer den er også positivt fordi det gjev ei langsiktig forståing hos folk for verdien av natur og behovet for å ta vare på den. Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde er såleis viktige for reiselivsnæringa i tilgrensande område, og speler ei viktig rolle for folk si naturforståing.
I Soria Moria erklæringa som noverande Regjering la fram ved tiltredinga i 2005 er Fjellteksten følgt opp m.a. ved at Regjeringa har utarbeidd ein Handlingsplan for berekraftig bruk og skjøtsel av nasjonalparkar og andre verneområde. Eit framlegg til handlingsplan var på høyring vinteren 2007. Blir Handlingsplanen følgt opp vil den innebere eit betydeleg løft for forvaltninga av nasjonalparkane, og planen er difor viktig.
På bakgrunn av dette må målet vere å bruke Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde som ein sentral del av (utviklinga av) reiselivet i regionen på ein slik måte at dette ikkje går utover natur- og kulturkvalitetane og verdiane som verneområda har. Reiselivet er best tent med ei målretta forvaltning av nasjonalparken og landskapsvernområde med sikte på å ta vare på området sin eigenart, urørt fjellnatur og ro. Å ta vare på naturkvalitetane for framtida vil vere eit berekraftig og framtidsretta reiseliv i tråd med Fjellteksten.
Reiselivssatsinga i Nasjonalparkriket i Nord-Gudbrandsdal, bør også utvidast til Sogn og Fjordane med Jostedalsbreen og Vestnorsk Fjordlandskap med Nærøyfjorden (og Geirangerfjorden i Møre og Romsdal). Det er allereie aktiv satsing på å bruke verneområda på same måten i Luster og Årdal. Det går 2 nasjonale turistvegar kring Jotunheimen nasjonalpark, Sognefjellsvegen og vegen over Valdresflya. Her er det viktig å få til fleire korte fotturar (car walks) utifrå P-plassar langs vegane. Kulturhistorie og mattradisjonar må det og fokuserast på.
Reiselivet brukar Jotunheimen for å trekkje folk til bygdene omkring. Ein truleg merkbar effekt av dette kan vere det relativt store talet på dagsturistar som besøker kjente turmål som Besseggen, Galdhøpiggen og Vettisfossen, med høvesvis kring 40 000, 30 000 og 20 000 som vitjar desse turmåla kvart år. Undersøkingar viser at om lag 30% av dei som kjem til verneområda i Jotunheimen, er utlendingar Med den relativt store straumen av turistar som kjem til områda og som kan ha små kunnskapar om fjellet, kviler det eit stort ansvar på dei som marknadsfører området i høve til informasjon og tryggleik. Dei som jobbar på reiselivsbedriftene har ein svært viktig funksjon her som førstelinje for dei besøkande i nasjonalparken. Dette er noko Norsk Fjellmuseum, Statens Naturoppsyn og oppsynet vil hjelpe til med gjennom aktivt samarbeid med og informasjon overfor reiselivsbedriftene i området (jf. kap. 7.1.2).
Turiststraumen aukar mest i dei områda som blir marknadsførte og som det er lett tilgjenge til. Ein må difor vere medveten både kva område som blir marknadsførte og kva for tilgjenge det blir lagt opp til. Marknadsføring av Jotunheimenområdet bør følgje soneringa i forvaltningsplanen. I nokre av dei mest ettertrakta turmåla i ytterkanten av verneområda vil det vere rett å gjennomføre enkle tilretteleggings-tiltak som gjer at turistar kan oppleve ”ein smak” av området så lenge dette ikkje går ut over verneformålet.
For reiselivsnæringa er det viktig i at det blir sett opp informasjonstavler, og at det blir tilrettelagt for ferdsel med merking av stiar. Særleg viktig er informasjon og tilrettelegging ved (dei mest brukte) innfallsportane/parkeringsplassane (sjå kap. 8.4), med informasjonstavler og tydeleg merking av kor stiane/ fotturane med T-merking startar. Kommunar og grunneigarar bør samarbeide om parkeringsplassar. Store tilretteleggingstiltak bør ikkje bli lagt heilt opp til vernegrensene, både for å få ein mjuk overgang og for å unngå inngrep som påverkar opplevingane inne i verneområda. Det er viktig at målsettinga for soneinndelinga og blir følgt opp i høve til dette.
Det bør arbeidast for ei betre skilting av nasjonalparken/landskapsvernområdet frå hovudvegane med bruk av Vegvesenets standard visningsskilt. Dei innfallsportane som omtalt i kap. 8.4. er alle aktuelle, men høgast prioritet har Gjendeosen, Spiterstulen, Leirvassbu, Eidsbugarden, Turtagrø, Hjelle og Sognefjellet.
Ved Gjendeosen er det ei utescene som vert nytta til konsertar fleire gongar kvar sommar. Utescena er vist som ”næringsområde” i gjeldande reguleringsplan for området.
I Utladalen ønskjer Årdal kommune at delar av kunsprosjektet ”Utl” frå 1998 kan setjast opp på nytt. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner at den delen av kunsprosjektet ”Utl” som var knytt til bruane på Vettisvegen hadde ei form som gjer at det kan vidareførast permanent, dvs. tekstane på bruene.
Det er ei stor utfordring og eit ansvar som ligg på kommunane i forvaltninga av dei areala som grensar inn til verneområda. Tunge reiselivsutbyggingar og hytteområde i nærleiken av nasjonalparkgrensa vil være konfliktfylt i høve til vernet og vil føre til gradvis øydelegging den markedsføringsverdi som ligg i urørt og vill fjellnatur i Jotunheimen og Utladalen for reiselivsnæringa i bygdene.
Retningslinjer:

Medverke til å utvikle eit berekraftig reiseliv i området. Reiselivstiltak skal som hovudregel skje utanom verneområda. Reiselivsaktivitetar og reiselivstiltak i verneområda skal ikkje medføre særskilt fysisk tilrettelegging, og skal ikkje føre til skade eller ulempe for natur-, kulturminne og landskapsverdiar i området. Enkel tilrettelegging, som og kjem friluftslivet til gode, kan utførast i brukssonene etter søknad.

Tiltak:

- I samarbeid med reiselivet og andre interesserte setje opp informasjon der dette er naudsynt og ønskjeleg. Særleg viktig er informasjonstavler og tydeleg startpunkt for stiar ved innfallsportane. Samarbeidstiltak jf Nasjonalparkriket vil bli prioritert.

- Jamnleg statistikk på reiselivet sin bruk av verneområda. Halde oversikt over omfanget av reiselivet og kvar organiserte turar blir lagt.

- Dialog med reiseliv(-saktørar) for å medverke til idear og tiltak som er berekraftige og i samsvar med verneformål

- Halde informasjonsmøte (i samarbeid med Norsk Fjellmuseum) for aktuelle reiselivsbedrifter.


1   ...   20   21   22   23   24   25   26   27   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət