Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə26/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   22   23   24   25   26   27   28   29   30

9.2. Statens Naturoppsyn (SNO) sine oppgåver: Dei praktiske arbeidsoppgåvene i Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde

Dei tradisjonelle oppsynsoppgåvene i naturvernområde og i utmark generelt har i aukande grad gått over frå å vere kontrollerande oppgåver til å bli informasjonsarbeid overfor brukarar og å halde oversikt over naturtilstanden i områda (miljøovervaking).


Statens naturoppsyn


Statens naturoppsyn (SNO) vart etablert med heimel i lov om statleg naturoppsyn av 21. juni 1996. Stillinga som nasjonalparkforvaltar vart avløyst av ei naturoppsyn-stilling under SNO 01.04.98. Frå same tid fastsatte Miljøverndepartementet at fylkesmennene skulle vere forvaltningsstyresmakt for verneområda, - det vil seie at det forvaltningsansvaret Statskog hadde hatt m.a. gjennom nasjonalparkforvaltaren vart overført til fylkesmennene. Stillinga som utmarksfullmektig i Vest-Jotunheimen vart avløyst av ei naturoppsyn-stilling i heiltid i SNO frå 01.01.00.
SNO har eit særleg ansvar for oppsyn med nasjonale miljøverdiar og skal forebygge miljøkriminalitet. Etter lova er hovudoppgåvene informasjon, skjøtsel, rettleiing og kontroll. Det skal førast kontroll med at bestemmingane gitt i, eller i medhald av, naturvernlova, friluftslova, lakse- og innlandsfiskelova, viltlova, motorferdsellova, kulturminnelova og deler av forurensningslova blir overhalde. I tillegg til disse oppgavene kan naturoppsynet drive skjøtsel, registrering og dokumentasjon. Informasjons-, skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområda skal avklarast nærare og avtalast gjennom bestillingar mellom forvaltningsstyresmakta og SNO. Miljøverndepartementet kan pålegge oppsynet andre oppgåver.

Verksemda til SNO er basert på eigne oppsynsstillingar i kombinasjon med kjøp av tenester og samarbeid med andre oppsynsordningar lokalt og regionalt. Dette gjeld bl.a. fjelloppsynet i regi av fjellstyra, oppsyn i regi av bygdealmenningar, Statskog Fjelltjenesten i Nord-Norge og politiet. Særleg er samordning med politiet viktig når det gjeld oppgåver knytt til kontroll. Oppsyn som er tildelt avgrensa politimynde er ved direkte utøving av dette myndet underlagt lokalt politi. Samarbeidet med andre aktørar innan naturoppsyn er stadfesta i eigne avtaler med Norges Fjellstyresamband, Norsk Allmenningforbund og Statskog.


Naturoppsynet i Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde

SNO har 2 naturoppsynsstillingar knytt til Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde. Stillingane er lokaliserte til Klokkarhaugen i Vang i Valdres og til Norsk Fjellmuseum i Lom. Oppsynsarbeidet blir utført i nært samarbeid med følgjande oppsynsordningar:


- Lom fjellstyre

- Vågå fjellstyre

- Luster kommune
I tillegg til at SNO kjøper oppsynstenester frå desse 3 oppsynsordningane har det vore kjøpt oppsynstenester frå enkeltpersonar og -firma.
Oppsynsarbeidet blir planlagt og gjennomført i nært samarbeid med forvaltningsstyresmakta både gjennom dagleg dialog og møter/synfaringar. Prioriteringane byggjer i tillegg på innspel frå lag/organisasjonar (td Den Norske Turistforening) og andre brukergrupper (td reiselivet). Sentrale ”møtepunkt” for oppsynet er årleg bestillingsdialog med forvaltningsstyresmakta (rapportering og prioritering av tilsyn og tiltak), årleg fagsamling for tilsynsutvala og årlege oppsynssamlingar.
Statens naturoppsyn og anna oppsyn har dei siste åra hatt om lag halve arbeidstida i felt og den andre halvparten inne (kontorarbeid, kurs, førebuing av feltarbeid m.m.) Gjennomsnittleg vert om lag 44% av oppsynet si arbeidstid i verneområda vart brukt til feltarbeid, om lag det same på kontorarbeid, og resten til klargjering og reise. I felt vert det gjennomført både rettleiing/informasjon til brukarar og meir politimessige oppgåver. Talet på meldte forhold har vore kring 3 i året.
Hovudoppgåvene for oppsynet i Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde:

• informasjon og rettleiing til brukere og dei som besøker området

• halde oversikt over utviklingstendensar i området

• halde oppsyn/oversikt med status på natur- og kulturverdiane i området, med særleg vekt

på sårbare og trua arter

• kontrollere, rapportere og reagere på brudd på verneforskriftene og anna lov-/regelverk

• følgje opp vilkår gjeve av forvaltningsstyresmakta i samband med dispensasjonar

• ha god kontakt med og gje faglege innspel til forvalningsstyresmakta

• ha god kontakt med og gje faglege innspel til informasjonssentra

• utføre eller sjå til at skjøtseltiltak blir utført etter fastsatt plan/vedtak



9.3. Årsmelding

Statens naturoppsyn har i samarbeid med fylkesmennene kvart år f.o.m. 1992 gjeve ut ei årsmelding for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde. Årsmeldinga er viktig både som ei oppsummering og i eit historisk perspektiv m.o.t. dokumentasjon. Det blir teke sikte på å halde fram med ordninga med ei årsmelding.


Retningslinjer:

Forvaltningsstyresmaktene skal ha og god kontakt med brukarane og lokalsamfunna.
Forvaltningsplanen skal vere retningsgjevande for forvaltninga av verneområda.
Tiltak:

- gode samarbeids- og samordningsrutinar mellom dei 2 fylkesmennene og det statlege naturoppsynet (SNO), lokale tilsynsutval og kommunane.

- prioritere rettleiing og informasjon.

- drive kontaktskapande arbeid lokalt

- ta tilsynsutvala aktivt med i forvaltninga

- informera om verneområda og nasjonalparktenesta

- følgje med i utviklinga i verneområda

- fagleg utvikling av oppsynstenesta

- følgje opp vedtak

- bidra til at samarbeidet med lensmenn/politi blir utvikla vidare

- SNO organiserer og samordnar oppsynet

- utarbeide årsmelding for verneområda kvart år

- konsentrere feltaktiviteten til perioden april- oktober

1   ...   22   23   24   25   26   27   28   29   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət