Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə25/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   22   23   24   25   26   27   28   29   30

8.17. Forsking og undervising

I eit område med urørt natur og verdfullt naturlandskap som i Jotunheimen og Utladalen vil det vere interessant å gjennomføre ei rekkje ulike forskingsprosjekt både innan ureining, dyre- og planteliv og samfunnet sin bruk av områda til m.a. rekreasjon og friluftsliv. Verneområda vil ha aukande verdi som type- og referanseområde ettersom utbygging skjer i andre område. Forsking er også viktig for verneområda for å auke kunnskapen om områda og kva for einverdi dei har for samfunnet. Etter framlegg til verneforskrifter (§ 4 NP og i LVO) kan fylkesmannen gi løyve til vitskaplege undersøkingar når dette ikkje strir mot formålet med vernet.


Forskingsprosjekt som like gjerne kan leggjast utanfor verneområda, bør – dersom dei medfører inngrep og/eller motorferdsel - leggjast andre stader utanfor verneområda.
Jotunheimen er eit høgfjellsområde med lite forureining/forsøpling. Tilhøva ligg difor til rette for forsking på m.a. langtransportert forureining.
Det er ønskjeleg at forsking som tek sikte på å auke kunnskapen om natur og turisme held fram. I følgje gjeldande verneforskrift for nasjonalparken § 3.1.1 er det ikkje tillate å utføre forundersøkingar for tekniske inngrep. Heller ikkje innsamling av mineral ved hjelp av verkty eller andre hjelpemiddel er tillate, og det same gjeld innsamling av lause steinar med mineralførekomstar når steinane skal seljast, er store eller blir samla i store mengder. For landskapsvernområdet gjeld det at alle inngrep som kan ha vesentleg verknad på landskapet sin art eller karakter er forbode.
Norges Vassdrags- og Elektrisitetsdirektorat (NVE) utfører undersøkingar på Gråsubreen og Hellstugubreen. Kvartærgeologiske undersøkingar skjer årleg like utanfor nasjonalparken på og ved Storbreen. Dei seinare åra har det og vore utført undersøkingar i samband med radioaktivt nedfall og forureining frå Hydro Aluminium Årdal. Vidare har det vore utført undersøkingar i samband med reiseliv og turisme i området. Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen har dei siste åra også drive forsking i området. Frå 1993 er det starta opp eit norsk overvakingsprogram på miljøet. Her er eit område (Grisletjerna) i dei sentrale stroka i nasjonalparken med.
Forsking treng ofte faste innretningar og bruk av motoriserte kjørety. Når forskinga har som mål å auke kunnskapen om naturen og naturgrunnlaget i verneområda og dette ikkje kjem i strid med verneformålet, vil det vere avgjerande om nytten og føremonene av forskinga er større enn ulempene som eventuelle inngrep og motorferdsel medfører. Forskingsresultata skal formidlast til forvaltningsstyresmakta. Statens Naturoppsyn kan hjelpe til med gjennomføring av forskingsprosjekt så langt ein har kapasitet.
Undervising medfører sjeldan så mykje organisert ferdsel at det er naudsynt med løyve som organisert ferdsel (meir enn 50 personar pr. tur, eller meir enn 100 personar langs merkte stiar). Undervising i verneområda skjer både sporadisk og fast. På Spiterstulen og Raubergstulen turisthytter har det vore leirskule sidan høvesvis 1963 og 1981. der undervisninga i stor grad skjer inne i nasjonalparken. Tett opp mot nasjonalparkgrensa er det fleire fjellskular som nyttar nasjonalparken i undervising. Ved fleire av turisthyttene ligg det skuleklasser både frå Noreg og utlandet som studerer m.a. plantelivet og kvartærgeologiske tilhøve. Det er ønskjeleg at slik undervising legg vekt på å auke forståinga for naturvern, verneområda og naturen generelt. Det er naturleg at Statens Naturoppsyn, når det er kapasitet til det, bidreg i undervisinga. Nasjonalparkforvaltninga bør ha kjennskap til dei undervisingsopplegga som skjer i verneområda. Leirskular treng ikkje søkje om løyve til ferdsel, men fylkesmennene vil gjerne bli informert om undervisingsoppleg og kor mange som er i verneområda i løpet av året.
For å halde oversikt over tilstanden i verneområda vil flyfotografering jamnleg, t.d. kvart 10. år, vere til stor nytte som grunnlag for å ta vare på verneverdiane for framtida. Det er i dag også mogleg å nytte satelittfoto til dette. Også årleg/fast fotografering av verdfulle og/eller mykje brukte lokalitetar ((t.d. hekkeplassar, stiar, mykje brukte rasteplasasar) vil vere svært nyttig.
Retningslinjer:

Forsking og undervisning i Jotunheim-området er positivt. Men for forskingsprosjekt som medfører inngrep og motorferdsel må nytte og føremoner vurderast som større enn ulempene, dersom tiltak i samband med forskinga må ha dispensasjon frå verneforskrifta.
Leirskular som treng løyve vil få det for 10 år om gangen.
Tiltak:

- Koma med innspel til aktuelle forskingsprosjekt og undervisingsemne.

- Hjelpe til i forsking og undervising i den grad det er kapasitet til det.

- Registrere tidlegare og eksisterande inngrep i området (på kart/bilete).

- Starte opp med overvakingsprogram som fotografering og registrering i bestemte lokalitetar.

- Flyfotografere området kvart 10. år og nytte fotodokumentasjon for å følgje utviklinga

8.18. Andre tiltak

Det er ikkje mobildekning i verneområda, og å dekkje heile området vil krevje mange mobilmaster, dvs. mange inngrep. Å setje opp telemaster rundt omkring på mange fjelltoppar vil vere svært uheldig i høve å ta vare på naturen i Jotunheimen og Utladalen. Det er såleis lite aktuelt med full mobildekning.


Framtidig satelittdekning vil truleg gjere det lite aktuelt å byggje mobiltelefonmaster inne i nasjonalparken.
Retningslinjer

Mobilmaster og liknande inngrep i nasjonalparken skal unngåast
Tiltak

Ingen


9. FORVALTNING OG OPPSYN




9.1. Fylkesmennene sine arbeidsoppgåver

Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har forvaltningsansvaret for Jotunheimen nasjonalpark. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har forvaltningsansvaret for Utladalen landskapsvernområde.


Fylkesmennene har som forvaltningsstyresmakt ansvar for forvaltningsplanlegging og handsaming av dispensasjonssøknader i verneområda. Då Jotunheimen nasjonalpark ligg i to fylke, er det viktig med samordning og kontakt over fylkesgrensene.
God kontakt og rapporteringsrutinar mellom fylkesmennene og med SNO og anna oppsyn (tilsett i fjellstyre eller kommune) vil vere sentralt for å få til ei god forvaltning. Tilsvarande må fylkesmennene ha god kontakt med og sikre gode rutinar for medverknad frå tilsynsutvala og aktuelle kommunar.
Tilsynsutval

I kvar kommune som har areal innanfor nasjonalparken eller landskapsvernområdet er det eit tilsynsutval. Det er eigne retningslinjer for tilsynsutvala si verksemd (sjå vedlegg 4 og 7). Utvala skal sjå til at forvaltninga av verneområda skjer i samsvar med intensjonane. Dei skal følgje med i utviklinga i det verna området og særleg ta seg av lokalsamfunnet sine interesser. Etter gjeldande retningslinjer (vedlegg 4) er det nemnt kva for pkt. etter vernereglane tilsynsutvala skal høve til å uttale seg. Etter framlegget til nye retningslinjer (vedlegg 7) for tilsynsutvala skal dei ha høve til å uttale seg om alle større, og prinsippelle saker, men har uttalerett i alle saker dersom dei ønskjer det. Enkle saker, t.d. enkeltløyve for motorferdsel, vil normalt ikkje bli sendt utvala, medan alle inngrepssaker vil bli sendt for uttale. Det er kommunestyret som nemner opp utvala, men dei er sjølvstendige statlege forvaltningsorgan.


Tilsynsutvala sine fråsegner blir tillagt stor vekt og dannar grunnlag for at fylkesmannen gjer ei betre vurdering av sakene.
Ein gong i året (kvar haust) har tilsynsutvala eit fellesmøte. Her har også fylkesmennene møteplikt. Frå og med 1998 har Statens Naturoppsyn møtt. DNT, Statskog og kommunane blir og inviterte til møta. På møtet går ein gjennom året som gjekk, og fylkesmennene og SNO presenterer planlagte tiltak. Fellesmøtet går gjennom budsjett, planar og tiltak neste år. Tilsynsutvala gjev innspel til tiltak og prioritering som grunnlag for bestillingsdialogen mellom SNO og Fylkesmennene.
Tilsynsutvala og den årlege fellessamlinga for tilsynsutvala har vore ein god møteplass for sameine lokale, regionale og nasjonale interesser for å finne fram til løysingar i skjeringspunktet mellom vern og bruk. At ein samstundes har hatt få konfliktar i verneområda i Jotunheimen er også viktig.
Andre samarbeidspartar

Gjennom fjellstyra er Noregs Fjellstyresamband ein viktig samarbeidspartnar for Statens naturoppsyn. Den Norske Turistforeining (DNT), Statskog og villreinnemndene er andre viktige samarbeidspartar som blir trekt inn i forvaltninga når saker gjeld deira saksområde.



Klagemynde

Direktoratet for Naturforvaltning (DN) er klageinstans for alle saker som vedkjem Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde.


Økonomi

Midlar til forvaltning av Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vert kvart år løyvt over Statsbudsjettet, post 1426.30 på Direktoratet for naturforvaltning sitt budsjett. Midlane blir overført til Statens naturoppsyn Jotunheimen og Fylkesmennene i Oppland og Sogn og Fjordane. Kvart år går fylkesmennene i samarbeid med Statens naturoppsyn gjennom ein bestillingsdialog, der aktuelle tiltak er gjennomgått og prioritert på fellessamlinga for tilsynsutvala.


Kva for tiltak ein får gjennomført vil vere avhengig av omfanget av midlar.
På det årlege fellesmøtet for tilsynsutvala har det fleire gonger vore vedtak om at dei økonomiske rammene for forvaltning og oppsyn i Jotunheimen nasjonalpark må aukast monaleg.
Historikk:

Fram til 1. april 1998

Fram til 1991 var den forvaltninga Direktoratet for statens skoger (frå 1993 Statskog SF) utøvde på vegner av fylkesmennene, delt mellom Vestlandet forvaltning (Sogn og Fjordane), Valdres forvaltning og Gudbrandsdal forvaltning (Oppland).


I 1983 inngjekk forvaltningsstyremakta ved Gudbrandsdal skogforvaltning avtale med Lom fjellstyre og Vågå fjellstyre om ”disponering av fjellstyrenes fjelloppsynsmenn til oppgaver som nasjonalparkoppsyn”. Avtalen galdt dei områda i Jotunheimen nasjonalpark som låg i Lom og Vågå. På same måte vart det i 1984 inngått avtale mellom Vestlandet skogforvaltning, Årdal austre statsalmenning og Luster austre statsalmenning om eit oppsynsutval og oppsyn i Vest-Jotunheimen.
I 1986 oppretta Vestlandet skogforvaltning ei halv stilling som oppsyn (seinare utmarksfullmektig) i Vest-Jotunheimen. Løyvingane gjorde det mogleg å utvide stillinga til om lag 8 månadsverk.
For å få ei meir rasjonell organisering av den daglege forvaltninga vart dette samla og overført til Gudbrandsdal forvaltning (seinare Statskog-Oppland/Lillehammer) i 1991. Same året tilsette Gudbrandsdal forvaltning ein nasjonalparkforvaltar i heil stilling med kontorstad Lom i Oppland. Med det gjekk nemnde oppsynsavtalar ut. Hovudarbeidsoppgåvene til nasjonalparkforvaltaren var sakshandsaming etter verneforskrifta, samordning av oppsynstenesta, informasjon og utøving av oppsyn. Utmarksfullmektig-stillinga i Vest-Jotunheimen og oppsynssamarbeidet med fjellstyra vart vidareført. Nasjonalparkforvaltaren leia Nasjonalparktenesta for Jotunheimen Nasjonalpark/ Utladalen Landskapsvernområde. I nasjonalparktenesta deltok og 4 deltidsoppsyn som til saman utførte omlag 15 månadsverk, i tillegg til nasjonalpark-forvaltaren.
Statskog-Oppland v/nasjonalparktenesta hadde fram til 1.04.1998 ansvar for både handsaminga av dispensasjonssaker på vegner av fylkesmennene og kontakt med tilsynsutvala. Dei store og prinsipielle sakene vart avgjort av fylkesmennene.
Gjennom opprettinga av nasjonalparktenesta vart tilhøva lagt til rette for ei lik og heilskapleg forvaltning av verneområda. Samanlikna med tidlegare førte dette til ei forenkling både i høve til rutinar ved sakshandsaming og for publikum og brukarane.
For landskapsvernområdet var dispensasjonssaker som vedkjem motorferdsel delegert frå fylkesmannen til Statskog v/nasjonalparkforvaltaren. Dei andre dispensasjonssakene vart avgjort av fylkesmannen etter innstilling frå nasjonalparkforvaltaren.
Forvaltningsordning etter 1. april 1998

Stortinget vedtok 21.06.1996 «Lov om statlig naturoppsyn». Statens Naturoppsyn (SNO) vart etablert i Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde frå 1.04.1998. Dette førte til ei omorganisering av forvaltninga, der den praktiske delen av nasjonalparktenesta sine oppgåver (informasjon, skjøtsel og oppsyn) vart overført til SNO. SNO har i dag 2 stilllingar tilknytt Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde.


Etter 1. april 1998 er det Fylkesmennene i Oppland og Sogn og Fjordane som er ansvarleg forvaltningsstyresmakt for verneområda, med ansvar for forvaltningsplanar og dispensasjonar og med overordna ansvar for Statens naturoppsyn sine oppgåver i verneområda. Kvar av fylkesmennen brukar kring 3 mndverk/år på forvaltningsarbeidet, men dette kan variere med omfanget av planarbeid, dispensasjonar og mengde tiltak.
Tilsynsutvala i kommunane (og fellessamlinga) har den den same viktige funksjonen som før 1. april 1998.

1   ...   22   23   24   25   26   27   28   29   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət