Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə2/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   30

1. SAMANDRAG

Jotunheimen nasjonalpark (ca. 1151km2) og Utladalen landskapsvernområde (ca. 314 km2) vart oppretta i 1980 og er av dei mest brukte og attraktive verneområda i Noreg. Framlegget til forvaltningsplan byggjer på framlegget til nye verneforskrifter som er på høyring samstundes med forvaltningsplanen. Dei nye verneforskriftene tek med seg store delar av gjeldande verneforskrifter.


Utarbeiding av ein forvaltningsplan er naudsynt for å ivareta verneformålet og verneverdiane for framtida. Den skal avklare og utdjupe tilhøvet mellom vern og bruk på bakgrunn av verneforskrifta. Forvaltningsplanen trekkjer opp retningslinjer og tiltak for forvaltningsstyresmakta sitt arbeid og handsaminga av brukarinteressene sine ønskje i verneområda.
Inngrepsfrie naturområde har ein eigenverdi og er eit viktig grunnlag for biologisk mangfald. Urørte naturområde i Noreg minkar raskt. Utan ei samla planlegging og forvaltning av desse områda som er att, vil denne utviklinga halde fram.
Det er store natur- og verneverdiar i Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde, både innan geologi, biologisk mangfald og kulturminne. Det er også store brukarinteresser i området, særleg innan friluftsliv.
Verneformålet i verneforskriftene skildrar vernemotiva. Både for nasjonalparken og landskapsvernområdet er hovudmotivet vern av sjølve naturen med dyreliv, planteliv og kulturminne. Landbruk, friluftsliv, jakt og fiske, reiseliv, undervisning og forsking er viktige delmotiv. I Jotunheimen har friluftsliv hatt ei særleg stor tyding heilt attende til midten av 1800-talet.
Sentrale utfordringar er å sikre naturkvalitetane og å leggje til rette for det tradisjonelle norske friluftslivet og dei verdiane det er tufta på. Strategiar i dette arbeidet er m.a. «føre var»-prinsippet, fremje godt samarbeid mellom brukarinteressene og forvaltningsstyresmakta og i eit langt tidsperspektiv sikre ressursar som urørt natur, ro og stillheit.
Tilgrensande område har stor verdi for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen lalndskapsvernområde. I dei tilgrensande områda gjeld plan- og bygningslova og ikkje verneforskriftene, og det er kommunane som er ansvarleg planstyresmakt. Det er viktig at kommunane tek omsyn til verneområda i si arealforvaltning i tilgrensande område.
Ein viktig arbeidsreiskap for å nå dei måla som vart vedtekne i samband med vernevedtaket er soneinndeling av områda. Dei tre sonene som er nytta, er vernesone, brukssone og sone med spesiell tilrettelegging og inngrep.
Vernesona består av i 4 teigar (teig 1-4). Desse teigane er Øvre Leirungsdal-området, Memurutind-/Memurubre-området, Glittertind-/Trollsteinkvolv-området og Hurrungane-området. Den overordna strategien for desse teigane er at kvalitetar som urørt natur, ro og stillheit skal prioriterast. Ny tilrettelegging og nye arrangement er ikkje tillate der. Sona utgjer samla omlag 28 % av verneområda.
Med unntak av nokre mindre område definert som sone med spesiell tilrettelegging og inngrep, omfattar brukssona dei områda som ikkje er omfatta av sone med urørt natur. Den overordna strategien for brukssona er at den tilrettelegginga som er der i dag kan haldast ved like eller fornyast. Utanom mindre justeringar/endringar skal det ikkje koma nye tiltak utover slike som er nemnde spesielt i planen.
I brukssona er 8 område inndelt i eigne teigar (teig 5-12) fordi dei har spesielle problemstillingar når det gjeld tilhøvet mellom bruken og naturmiljøet.
Med omsyn til landbruket vil tiltak som fremjar verneformålet, til dømes vedlikehald av kulturlandskapet i ein del område, vera positive. Oppføring av nye bygg/konstruksjonar er ikkje ønskjeleg.
I dei sentrale stroka av verneområda skal det som hovudregel ikkje førast opp nye bygg eller skje utviding av dei som er der frå før.
Generelt er det god og lett tilkomst til verneområda. Viktige innfallsportar skal ha god informasjon og tilrettelegging Tiltak som legg til rette for å koma inn i verneområda, til dømes vegar og parkeringsplassar, bør ikkje planleggjast og plasserast tettast mogleg opp mot vernegrensene.
Merking av fotturruter skal fylgje DNT/DN-standard og byggjer på eksisterande stinett.
Motorferdsla i verneområda skal haldast minimum på så lågt nivå som mogleg. I dag har den motoriserte ferdsla med nokre få unntak eit akseptabelt omfang etter noko nedgang dei siste åra. Mestedelen av motorferdsla er i samband med drifta av turisthyttene og båttrafikken på Gjende. Utgangspunktet for motorferdsel vil framleis vera ein streng dispensasjonspraksis.
Innfallsportane og dei merkte stiane er viktige for reiselivet kring nasjonalparken. Reiselivstiltak skal som hovudregel leggjast utanom verneområda. Dersom det blir gjeve løyve til slike tiltak i verneområda, skal desse ikkje føre med seg særskilt fysisk tilrettelegging eller bruk av motoriserte køyrety.
Nokre område ligg spesielt til rette for at funksjonshemma kan få oppleve naturen i Jotunheimen og Utladalen.
Forsking i verneområda er i utgangspunktet positivt. For forskingsprosjekt som medfører inngrep og motorferdsel vil nytte og føremoner bli vurdert opp mot ulempene.

Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er forvaltningsstyresmakt for verneområda. Statens Naturoppsyn (SNO) har ansvar for dei praktiske oppgåvene med informasjon, skjøtsel og oppsyn. I statsallmenning vil oppsynsarbeidet m.a. bli søkt samordna med fjellstyra. Informasjon og god kontakt mellom forvaltningsstyresmaktene og med kommunane, tilsynsutvala, grunneigarane og brukargruppene er prioriterte arbeidsoppgåver.




2. INNLEIING

Jotunheimen nasjonalpark (ca. 1151 km2) og Utladalen landskapsvernområde (ca. 314 km2)vart etablert ved Kgl. Res. 05.12.1980. Nasjonalparken vart oppretta som den 14. i Noreg. Pr. 1.1.2007 er det 29 nasjonalparkar i Noreg på fastlandet. Omlag 14,3% av landarealet i fastlands-Noreg er verna etter naturvernlova pr. 1.1.2007.


Denne forvaltningsplanen er ein revisjon av den første forvaltningsplanen som vart laga for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde, godkjend i 1998. Det vart då lagt opp til at forvaltningsplanen blir revidert kvart 10. år. Forvaltningsplan byggjer på framlegget til nye verneforskrifter (vedlegg 5 og 6)som var på høyring samstundes med framlegget til forvaltningsplan. Dei nye verneforskriftene tek med seg store delar av gjeldande verneforskrifter (sjå vedlegg 2 og 3).
Føremålet med forvaltningsplanen er å lage retningslinjer for forvaltninga av verneområda slik at kvalitetane der blir sikra. Planen gjev ei innføring i bakgrunnen for vernevedtaket og informasjon om området. Etter ein gjennomgang av prinsipp og mål for forvaltninga, blir ulike utfordringar og problemstillingar summert opp. Til slutt blir verkemiddel, tiltak og retningslinjer omtala.
Av omsyn til naturkvalitetane i verneområda bør og dei tilgrensande områda sjåast i samanheng med verneområda. Dei tilgrensande områda er tekne med i den grad det er vurdert som naudsynt for heilskapen i nasjonalparken og landskapsvernområdet. Tilgrensande område utafor verneområda blir forvalta av kommunane etter plan- og bygningslova.


1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət