Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə5/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   30

3.3. NATUR OG KULTUR




3.3.1. Geologi



Berggrunn

Jotunheimen ligg i den kaledonske fjellkjeda som strekkjer seg frå Finnmark til Stavanger. Bergartane blir ofte kalla «jotunbergartar». Dette er bergartar som er motstandsdyktige mot erosjon (gabbro og syenitt). Sjølv om bergartane i Jotunheimen kan seiast å vere einsarta, går det eit tydeleg dele langs Gjende og over mot Tyin. Sør for Gjende dominerer gabbro. På nord-sida er det meir gneis.


Karakteristisk i Jotunheimen er innslag av «raudberg». Dette er ein form for gabbro som er rik på magnesium og jern. Farga på denne bergarten har gjeve fleire namn som til dømes Raudalen og Rauhamrane. At bergartane varierer i mineralsamansetjing ser ein og ved at det nokre stader er god tilgang på plantenæring.
Landformer

Store fjellmassiv og spisse tindar er det som særleg kjenneteiknar Jotunheimen. Det blir hevda at Jotunheimen er det mest fjellrike landskapet i Noreg. Alle fjelltoppane i landet som er over 2300 meter, i alt 23, ligg i nasjonalparken. Dei 5 høgste er Galdhøpiggen (2469 m.o.h.), Glittertind (2465 m.o.h.), Store Skagastølstind (2403 m.o.h.), Store Styggedalstind (2387 m.o.h.) og Skarstind (2373 moh).


I Jotunheimen ligg mange av breane i Noreg, og brearealet dekkjer om lag 10% av det samla brearealet i Noreg. Den største breen i Jotunheimen er Smørstabbreen (om lag 15 km2). Deretter kjem Vestre Memurububre (om lag 13 km2), Hellstugubreen (om lag 12 km2) og Veobreen (om lag 11 km2). Breane er i hovudsak ein kombinasjon mellom botnbre og dalbre. Frå breane kjem det breslam som gjev ei særmerkt grønfarge på mange elvar og vatn. Breane, særleg lengst vest i Jotunheimen, auka sist på 1990-talet. Alle breane har gått sterkt tilbake dei siste åra.
Sjølv om Jotunheimen blir kjenneteikna av høge og ville fjell, finst det og fleire markerte dalar som deler fjellområdet inn i mindre einingar. Den største og mest særeigne dalen er Utladalen som er ei geografisk forlenging av Årdalsfjorden. Denne dalen går vel 20 km inn i Vest-Jotunheimen og deler Hurrungane i nord-vest frå Tyinfjella i sør-aust. På båe sidene av dalen er det mange sidedalar. Desse trauforma hengjedalane opnar seg mot hovuddalen høgt oppe i liene.


3.3.2. Klima

Klimaet i Jotunheimen varierer mykje både i høve til aust-vest gradienten og i høve til høgde over havet.

Det er få meteorologiske målingar i Jotunheimen. Frå kring 1930 fram til 1978 var målestasjonen på Fannaråken (2068 moh) i drift. For å gje eit bilete av temperatur- og nedbørsvariasjonar er difor normalar frå perioden 1931 - 1960 teke med i oppstillinga:
Lom (365 moh) 294 mm 2,8 g. C (maks 14,4 - min. -9,5)

Elveseter i Bøverdalen (650 moh) 470 mm 1,0 g. C (maks 12,4 - min. -9,6)

Fannaråken (2068 moh) 1221 mm -5,6 g. C (maks 2,6 - min. -12,4)

Fortun (20 moh) 680 mm 4,6 g. C (maks 14,8 - min. -5,1)

Vetti (300 moh) 792 mm
Ein stasjon på Sognefjellshytta i drift, 1430 moh. + ein på Aukrust i Lom.
Målestasjonen på Fannaråken var ikkje rekna som heilt representativ med omsyn til årsnedbør da stasjonen låg svært vindutsett til. På grunnlag av snømålingar i denne delen av Jotunheimen er årsnedbøren rekna ut til å vere mykje større.
Den dominerande vindretninga i Jotunheimen er sørvestleg. Fuktig havluft gjev frå seg mykje nedbør i dei ytre og midtre fjellområda kring Sognefjorden. Det meste av det som er att fell ned i Vest-Jotunheimen og i Breheimen med minkande mengde austover.
For å få eit inntrykk av temperaturen i ulike delar av Jotunheimen kan ein rekne med ein gjennomsnittleg nedgang på 0,6 grader C pr. 100 meter stigning. Middeltemperaturen i dei sentrale stroka av Jotunheimen i juli er på omlag 10 - 11 grader C, medan den på Fannaråken, omlag 1000 meter høgare, er på omlag 2,5 grader. Om vinteren vil likevel dei lågaste temperaturane ofte finnast i dalbotnar og søkk.


3.3.3. Vassdrag

Dei tre største innsjøane i Jotunheimen nasjonalpark er Gjende, Bessvatnet og Russvatnet. Alle desse innsjøane ligg i Vågå kommune. Gjende er den største med ei lengde på omlag 19 km og ei djupne på omlag 150 meter på det meste. Innsjøane høyrer til Sjoavassdraget som det lenge var planar om å byggje ut. For Sjoa vedtok Stortinget varig vern mot kraftutbygging i 1973 (Verneplan I for vassdrag). Bygdin og Tyin er dei 2 største vatna like utafor nasjonalparken, og må reknast som ein del av Jotunheimenområdet.


I nord og nordvest renn vassdraga ned i Ottadalen. Dei største elvene der er Veo, Visa, Leira og Bøvra. Blant desse er Veo det einaste vassdraget som er regulert. Denne reguleringa ligg utanfor verneområda. Bøvravassdraget vart varig verna mot kraftutbygging i 1993 (Verneplan IV for vassdrag).
I vest dominerer Utladalsvassdraget som renn ut i Årdalsfjorden. Dette vassdraget har utspring frå breane oppe på Sognefjellet. Utladalen er m.a. kjent for mange flotte fossefall. Ut i frå hengedalane Hjelledalen, Gravdalen/Slufsedalen, Morka/Koldedalen, Stølsmaradalen, Fleskedalen, Midtmaradalen og Maradalen stupar elvane utover frodige fjellsider ned i Utla.
Den største og mest kjente fossen i Utladalen er Vettisfossen. Etter at Mardøla i Eikesdalen vart bygd ut, er Vettisfossen den høgste uregulerte fossen i landet med ei samla fallhøgd på 340 m; av dette er 275 meter fritt fall.
Etter den 2. verdskrigen vart store delar av Utladalsvassdraget regulert for å skaffe elektrisk kraft til aluminiumsverket i Årdal. Elvane i Gravdalen, Raudalen, Skogadalen, Uradalen og Fleskedalen er overført gjennom tunnelar om Koldedalsvatnet til Tyin. Kyrkjevatnet (1352 m.o.h.) like utafor verneområda er med i same vassdragsreguleringa. Stortinget har seinare, i 1986, vedteke vern av Utladalsvassdraget (ovafor samløpet med Avdalselva) i Verneplan III for vassdrag. Vernet gjeld såleis mot vidare kraftutbygging.


3.3.4. Vegetasjon

Naturgeografisk ligg området i region 35 d); «Fjellregionen, underregion Jotunheimen i søre del av fjellkjeden» (Nordisk Ministerråd sitt framlegg til naturgeografisk regioninndeling av Norden, NU-B 1977:34). Den heimre delen av Utladalen går ned i region 37 e); «Vestlandets løv- og furuskog, underregion Sogn og Fjordanes indre fjordstrøk».


Nasjonalparken og landskapsvernområdet vart vegetasjonskartlagt av Norsk Institutt for Jord-og Skogkartlegging i 1991 og 1992 (ferdig 1993). Fram til i dag er vegetasjonskart det næraste ein har kome eit økologisk kartverk for området. Vegetasjonskarta gjev informasjon om botanikk, økologiske tilhøve og eigenskapar ved naturgrunnlaget samt vegetasjonens verdi m.o.t. ressursutnytting og anna bruk. Ut frå vegetasjonskarta er det laga kart for slitestyrke, reinbeite og sauebeite.
Vegetasjonskartleggjinga syner at heile 57% av det verna området er impediment (grus, sand, jord, ur, blokkmark, bart fjell, varig is og snø) medan 5% er vatn. Dei vegetasjonstypene som dominerer er rishei (9,5%), lavhei (4,5%), frostmark av rabbetype (4%), mosesnøleie (4%) og grassnøleie (4%).
Langs Gjende er det bjørkeskog i eit belte opp til 1200 m.o.h. Skogen der vekslar mellom artsrik og frodig engskog og den fattigare blåbærskogen. Over skogen kjem bratte hamrar og rasmarker. Der kan det innimellom vere eit jamt innslag av vegetasjonstypen høgstaudeeng. Førekomst av kalkrike bergartar gjer at dette området har noko av den mest artsrike floraen i nasjonalparken. Fleire skogblomar finn der si høgste utbreiing i landet. Blant dei typiske låglandsartane finst m.a. kanelrose, liljekonvall, tystbast, krattfiol og jordbær.
Jotunheimen har fleire norske høgderekordar for fjellplanter. Høgst går issoleia, som på Glittertind er funne opp til omlag 2370 m.o.h. Raudsildre og rosenrot er funne opp til omlag 2300 m.o.h. På lokalitetar med kalkrik grunn veks m.a. reinrosa og mogop.
I liene i Utladalen gjev kombinasjonen av godt lokalklima, friskt sigevatn og varm skredjord gode vilkår for artsrikdom. Varmekjære treslag som lind, hassel, svartor og alm veks der. Høgstaudebjørkeskogen med tyrihjelm, skogstorkenebb, kvitbladtistel, skogstjerneblom, vendelrot, turt og kvann er fleire stader godt utvikla.
Den einaste furuskogen av noko omfang finst på Vettismorki. Fjellfuruskogen her har av fleire vore rekna som landets "gildaste" fjellfuruskog. På 1600-hundre talet, då det var gruvedrift etter koppar i Årdal, vart tømmer frå Vettismorki nytta i produksjonen. Etter at kopparverket vart nedlagt stod skogen urørt i 120 år og vart uvanleg grov. Seinare års kartlegging har synt at det er store botaniske verneverdiar i området, m.a. for lav og sopp.
Det meste av furuskogen i liene i Utladalen og nedst i sidedalane døydde av den fluorhaldige røyken som kom etter oppstartinga av aluminiumsverket i Årdal. Dette skjedde i perioden 1950-1970. Dei fleste furutrea som døydde, står framleis. I dag er utsleppet av fluor sterkt redusert, og ny furuskog veks no opp naturleg.


3.3.5. Fauna



Fugl

Bestanden av fugl skil seg ikkje mykje frå det som er vanleg i norske høgfjell. Det er registrert omlag 75 hekkande artar i nasjonalparken, og det er streif- og trekkfuglar frå vestlege og nordlege strok. Området utgjer ein del av eit viktig område for kongeørn og jaktfalk. Rovfuglar som fjellvåk, tårnfalk og ugler kan enkelte år vere talrike. Det er ikkje spesielt stor artsrikdom av våtmarksfugl, og mange av artane er fåtallige. Det er truleg høgderekord i hekking for fiskemåke ved Bukkehåmårtjønn. Rypebestanden kan i enkelte år vere god. Orrfugl og storfugl ser ein av og til i Utladal-området. Av småfuglane er snøsporv, heipiplerke, bjørkefink, gråsisik, lauvsangar, steinskvett og blåstrupe blant dei mest vanlege. Fleire artar er i tydeleg bestandsnedgang.


Dyr

Dei fire store hjortedyra elg, hjort, rein (villrein og tamrein) og rådyr er i området.


I verneområdet inngår Vest-Jotunheimen villreinområde. Dette gjeld Årdal og Luster kommunar på vest-og austsida av Utladalen til grensa mot Lom og Vang kommunar. I dag er villreinen borte på aust-sida av Utladalen. I villreinområdet er det i dag ei stamme på omlag 400 vinterdyr. Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villrein og leveområda til villreinen.
Mår, mink og rev er det faste bestandar av. Fjellrev er ikkje registrert dei siste åra.
Jotunheimen hadde fast jervestamme fram til 1950-talet då høg skotpremie førte til sterk reduksjon. Dei siste åra har det vore ein auke i talet på sporobservasjonar. Frå 2005 er det registrert yngling av jerv i Jotunheimen. Gaupe finst som streifdyr, men har i periodar hatt fast førekomst i Bøverdalen og Visdalen.
Forvaltning av freda rovdyr, m.a. jerv regulerast av ei eiga rovviltforskrift etter viltlova og ikkje naturvernlova. I Sogn og Fjordane har Stortinget vedteke at det ikkje skal vere ynglande bestandar av store rovdyr, medan for Oppland er det fastsett bestandsmål for jerv og gaupe. Det er dei regionale rovviltnemndene som i hovudsak har ansvaret for forvaltninga av dei fire store rovdyrartane med fylkesmennene som sekretariat.
Først på dette hundreåret var det ei god stamme av oter i Utladalen. Gode skinnprisar gav då hard jakt. Oteren såg ut til å bli borte frå Jotunheimen, men er no på veg til å etablere seg att.
Fisk

Fleire av vatna ligg for høgt til at det er naturleg fiskeproduksjon i dei. I mange av desse er det sett ut aure. I Utlavassdraget går det laks og sjøaure opp til Avdalsbrua. Vatn der det ikkje er sett ut fisk har stor verdi som type- og referanseområde.




3.3.6. Menneskeleg bruk av Jotunheimen



Kulturminne og kulturlandskap

Det er fyrst på overgangen til yngre steinalder at funnmengda etter aktivitetar frå menneske aukar i Jotunheimen (omlag 3000 år f.Kr.). Buplassar frå denne tida er funne både ved Russvatnet, Gjende, Tyinoset, på Breikvam og i Koldedalen. Det som særleg finnst av eldre kulturminne er knytt til jakt og fangst. Fleire stader finst reinsgraver, bogastelle, bægarmar, kjøttgøymer, hellarar og restar etter steinbuer. Hovudtyngda av desse fangstinnretningane i nasjonalparken er frå Gjende og opp mot Veodalen og Smådalsfjella, og i Svartdalen ut mot Bygdin. Tilgangen til Veodalen er mest over alt ”stengd” med fangstanlegg.


Jotunheimen var også tidleg viktig som beiteområde for bufe. Restar etter gamle setrer finst fleire stadar. Gardane Glømsdal og Hoft i Lom hadde fram til omlag 1850 setrer i Storådalen. Desse vart seinare flytta ned til Gjendebu. Nigard Sulheim hadde seter i Visdalen nedanfor Styggehøi fram til omlag 1750 (munnleg frå E. Sulheim). I Memurudalen var det og seter.
I Utladalen finst det særleg mange kulturminne frå nyare tid, så som stølar og jakthytter. Kulturlandskapet er rikt og variert. Dei siste 25 åra har bygningar på gardsbruk og stølar vorte vølte, og kulturmarka i heimre Utladalen er blitt restaurert og stelt, i tråd med ein skjøtselsplan for heimre Utladalen godkjend i 1998. I dette arbeidet blir det lagt ned ein stor arbeidsinnsats frå grunneigarar, Årdal turlag og «Morka-gjengen».
Gamle ferdselsvegar er det restar etter fleire stader. To mykje nytta ferdselsvegar var frå Valdres til Årdal og frå Luster over Sognefjellet til Bøverdalen og Lom. Det var og ein viktig ferdselsveg over Valdresflya og ned Sjodalen til Vågå. Alle desse ferdselsvegane ligg utanom verneområdet. Det har og vore ferdselsvegar innanfor verneområda, til dømes gjennom Visdalen, Uradalen, over Storådalen til Bygdin, Tyin og Vang i Valdres. Desse har truleg vore mindre og meir sporadisk nytta.
Jotunheimen inneheld også mykje historie knytt til utviklinga av friluftsliv. Etter kvart som interessa for friluftsliv auka på 1800-talet, utvikla fleire setrer i området seg til turistbedrifter. I samband med føring av turistar vart det bygd steinbuer (sikringsbuer) på sentrale plassar. På Galdhøpiggen vart det bygd ei slik steinbu i 1888/89 som no er borte. Ei første sikringsbu i tre på Glittertind sto frå 1907 til 1913 då den bles vekk. Ny hytte vart sett opp i 1933, og denne hytta vart teken av naturkreftene i 1974. Det har ikkje vore aktuelt å setje opp ny hytte etter det. På Surtningssui står truleg den einaste opphavlege steinbua som vart bygd til dette føremålet. Denne bua vart bygd i 1899, og treng restaurering om ho ikkje skal bli borte.
Landbruk

I dag er det ikkje aktiv seterdrift innafor verneområda. Siste setra med mjølkeproduksjon i Jotunheimen var Memurubu som slutta i 1989 som følgje av forbod mot bruk av upasteurisert mjølk på turistbedrifta. Etter 1989 er seterkvea og områda kring Memurubu nytta for beitefe.


Fleire stader m.a. i Leirungsdalen, Veodalen, Storådalen, Veslådalen og på Breikvam vart det tidlegare beita med driftefe. Mange dalar og område er framleis viktige beitedalar for bufe. I Veodalen og Storådalen/Veslådalen er det t.d. eigne fedrifter. I Veodalen går det hestefølgje. Leirungsdalen, ved Gjende, Russdalen og øvre del av Utladalen er døme på område der det årleg går sau på beite.
I dei austlege områda av nasjonalparken, i kommunane Lom, Vågå og Vang, driv Lom tamreinlag og Vågå tamreinlag. Lom tamreinlag vart etablert i 1926 og Vågå tamreinlag i 1942. Tamreinlaga har til saman omlag 4500 rein i vårflokk (reintal etter at slakteuttaket har skjedd).

Ved grensa til Utladalen landskapsvernområde ligg garden Hjelle. Innanfor landskapsvernområdet ligg gardsbruka Skåri, Avdalen, Lauvhaugen, Flaten og Vetti. Til kvar gard har det vore 2 stølar, - heim- og framstøl. Buskapen vart sendt til heimstølen i slutten av mai. Der var dei i 2-3 veker før dei flytte lenger inn i fjellet til framstølen. Om hausten, ofte i midten av september, returnerte dei til heimstølen der beita på nytt hadde vokse opp. Ved Mikkelsmess, 29. september, (frå gamalt av den dagen buskapen vart ført heim til garden) flytta dei heim.


Bøndene i Fortun eig den øvre delen av Utladalen med sidedalane Urdadalen, Skogadalen, Vetle-Utladalen og Gjertvassdalen opp til Statens grunn. Desse bøndene har fjellstølar på Murane under Hillerhø, Guridalen, Skogadalsbøen, Gjertvassbøen og Vormeli (også Eide gard i Skjolden har rettar i Vormeli). Fleire av stølane var i bruk fram til 1954.
Ut i frå bygningsmaterialane kan stølane i Utladalen delast i to hovudtypar. Øvst i dalen er det ei rekkje framstølar som vart nytta av bønder frå Luster. Der vart sela bygd av stein. Sela lenger nede i dalen, som soknar til Årdal, var bygd av tre.
Vormeli, eller Utladalsholet som staden og har vore kalla, ligg i øvre del av Utladalen, omlag 2 km sør for Skogadalsbøen. Dette har truleg vore ein av dei mest avsidesliggjande gardane i landet. Over fjellet frå Fortun tok det 9 timar å gå. I følgje ei segn busette den første mannen seg i Vormeli omlag år 1600. Han levde truleg mest av jakt og fiske. Sjølve plassen vart rydda av Tollev Yttri og Halvor Utladalen frå Fortun i 1780-åra. Det er godt jordsmonn i Vormeli og kring 15 familiar har seinare budd der fram til 1867 då den siste husamnnen Johannes Fortun, kalla Franzen flytta ned til Fortun og emigrerte til USA året etter. I 1869 leigde Thorgeir Sulheim på Eide, Skjolden saman med Ola Holmestad i Fortun plassen. Dei reiv den gamle stova og sette opp to nye sel av materialane. Eide gard stølte i Vormeli fram til sommaren 1946. Selet vart då ståande til forfall og var i dårleg forfatning då ”Vormelids venner” i 1974 fekk leige selet av Per Gutubø, Eide. «Vormelids venner» har lagt med støtte frå DNT og Riksantikvaren ned ein stor arbeidsinnsats i å restaurere og halde vedlike bygningsmiljøet i Vormeli. Selet vart ny-innvigd i 1976, og Vormeli er i dag låst med DNT-nøkkel og fungerer som utbetjent turisthytte.
Dei første sikre kjeldene om busetnad i Vetti skriv seg frå 1120. Hjelle er nemnt første gongen på 1300-talet då Riddar Sigvat av Leirholar i Vang ga Hjelle til presten i Lærdal. Avdalen vart truleg rydda på slutten av 1500-talet.
I dag er det ikkje fast busetnad i verneområda. 1985 var det siste året det budde folk året rundt på Vetti. Avdalen har snart vore fråflytta i 40 år.
Jakt og fiske

Området har hatt mange namngjetne jegerar. Ein av dei første var Johannes Eldegard frå Årdal som vart fødd omkring år 1600. Ein annan namngjeten jeger var Jo Tjøstolsson Kleppe med tilnamnet Jo-Gjende. Han vart født i Vågå i 1794. Den kjente forstmeistaren J. B. Barth har kome fram til at Jo skaut omlag 600 rein og at av desse var det omlag 500 storbukkar.


I 1820 vart det skrive at ingen stader i Noreg var det så mykje bjørn som i området rundt Vormeli. Oppsittarane på Vormeli dreiv mykje jakt både på bjørn og rein og vart rekna for å vere velhaldne.
På slutten av 1800-talet kom hjorten til Utladalen. Elgjakt har gått føre seg der i meir enn 30 år, men det er først etter 1980 elgbestanden har teke seg godt opp i området. Dei fleste åra er det elgjakt ved Gjende. I Vest-Jotunheimen villreinområde vert det årleg jakta rein, og fleire dyr blir som oftast felt innafor verneområdet kvart år.
Småviltjakt går i dag føre seg på mest heile området. Mange fjellvatn i området har særs gode bestandar av aure, og det vert etter løyve (i samråd med fiskeforvaltaren hos fylkesmennene) sett ut fisk i vatn der det er sett ut fisk frå før.
Friluftsliv og turisme

Botanikaren Christen Smith gjekk i dei austlege områda i Jotunheimen i 1813. Han er m.a. omtala som «den fyrste fotturisten». Studentane B.M. Keilhau og P.B. Boeck blir omtala som «dei første oppdagarane» av Jotunheimen. Saman med reinjegeren Ole Urden frå Austre Slidre var dei i 1820 på «oppdagingsferd» gjennom Jotunheimen. I avisartiklar og tidsskrift skreiv Keilhau om opplevingane frå denne turen. Dette var med på å lokke fleire eventyrarar til området.


Kjøpmannen Thomas Heftye frå Oslo kom til Jotunheimen i 1859. Han var i 1868 med på å skipa Den Norske Turistforening (DNT) og vart den første formannen der. Den første hytta til DNT i Jotunheimen var ei steinhytte ved Bygdin som vart kjøpt i 1870. Året etter vart det ført opp eit lite hus på Gjendebu seter med to rom og åtte senger. Skogadalsbøen seter fekk stønad i 1875 til å hjelpe turister. 13 år seinare vart det ført opp eit eige turisthus der. Gjendesheim kom i 1878. Den første stigen som vart varda for turistar var stigen frå Memurubu til Bessheim. Dette skjedde i 1874. Jotunheimen har vore eit satsingsområde for Den Norske Turistforening heilt frå starten.
Ein av dei mest kjente fotturistane og tindeklatrarane var engelskmannen William C. Slingsbye. Han kom første gongen til Jotunheimen og Vetti i 1874. Slingsbye blir rekna som den første som tok til med avansert klatring i området. I 1876 kom han m.a. opp på toppen av Store Skagastølstind. På same turen stoppa Emanuel Mohn i Mohns skar, medan Knud Lykken gjekk noko lenger. Mohn og Slingsby diskuterte i fleire år kva for ein fjelltopp som var den vanskelegaste å kome opp på i Jotunheimen. Mohn heldt på Knutsholstind som han sjølv var den første til å nå toppen, medan Slingsby heldt på Storen.
To av tre engelskmenn som hadde vore i Jotunheimen utgav i 1882 boka «Tre i Norge ved to av dem». Karane låg fast ved Memurubu og dreiv jakt og fiske. Ein del av utstyret etter dei tre er tatt vare på og står i dag på Norsk Fjellmuseum i Lom og på Memurubu.
Grunna den store interessa Jotunheimen tidleg fekk som turistmål, vart det etter kvart fleire lokale turførarar. Den fyrste som fekk «patent» på føring i området frå Den Norske Turistforening var Knud Vole frå Lom (1890). Det meste av fjellføringa dreiv han på slutten av 1800-talet. Han førte mykje på Galdhøpiggen og bygde ei steinbu både der Juvasshytta står i dag (1884) og på «Piggen».
Sommaren 1906 vart det starta motorbåttrafikk både på Tyin og Gjende. I 1911 gjekk «Gjende» to gonger frå Gjendesheim og brukte 2 timar til Gjendebu. Billettprisen var kr. 2,75 ein veg og kr. 4,00 tur-retur. På Bessvatnet var det robåttrafikk fram til det kom motorbåt på Gjende.
Jotunheimen har og gjeve inspirasjon til fleire kjente diktarar og komponistar. For dei fleste er Henrik Ibsen med Peer Gynt godt kjent. Åsmund Olavsson Vinje er ein av dei diktarane som har vore mest i Jotunheimen. Om han er det skreve at «ingen norsk skald hev lagt so mykje av høgfjellet inn under diktingi som han». Andre kjende diktarar er Henrik Wergeland og Theodor Caspari.
Edvard Grieg kom til Gjendebu i 1888. Grieg høyrde då ei uvanleg klar og fin stemme som lokka inn buskapen. Det var den 17 år gamle Gjendine Slålien han høyrde. Resultatet vart m.a. nr. 19 i opus 66 - «Gjendines bånlåt».
Jotunheimen har stor variasjonsbreidde i landskapsformer. Dette har gjort området kjent og gjeve grunnlag for eit variert og spanande friluftsliv. Tilretteleggingsgraden varierer frå område med mange turisthytter og merka turstiar og -løyper til område som er heilt utan inngrep. Det er enkelt å koma inn i området både sommar og vinter. Sjølv om ferdsla er stor, kan ein enda oppleva den fridomen, mystikken, roa og stillheita som friluftslivet er tufta på. Nokre stader kan ein og framleis «utforske» tilsynelatande «nytt land».
Inne i nasjonalparken er det i dag fire betjente turisthytter. Tre av desse (Glitterheim og Gjendebu og Fannaråken (enkel betjent)) tilhøyrer Den Norske Turistforening (DNT) og ei er privat (Memurubu). Vidare har DNT ei sjølvbetjent hytte (Olavsbu) i nasjonalparken. Skagastølsbu som tidlegare var ubetjent hytte, er sett i stand og fungerer no som naudbu. I landskapsvernområdet er det tre betjente turisthytter (Skogadalsbøen (DNT), Vettismorki (privat) og Avdalen (Årdal Turlag)) og 4 ubetjente hytter, som alle er låst med DNT sin universalnøkkel (Ingjerdbu på Vettismorki, Gravdalen Seter, Stølsmaradalen og Vormeli). Samla har dei betjente og sjølvbetjente hyttene omlag 600 senger.

Det er i dag DNT Oslo og omegn, den største lokalforeininga i DNT, som driv turisthytter, aktivitet og har ansvaret for rutenettet i Jotunheimen. I forvaltningsplanen vil DNT vere synonymt med lokalforeininga DNT Oslo og omegn.


Av turisthytter som ligg rundt og inn mot nasjonalparken kan nemnast Turtagrø Hotell, Sognefjellshytta, Krossbu, Jotunheimen fjellstue, Leirvassbu, Raubergstulen, Juvasshytta, Spiterstulen, Bessheim, Hindseter, Valdresflya ungdomsherberge, Bygdin Høyfjellshotell, Torfinnsbu, Fondsbu (på Eidsbugarden) og Tyinholmen, dei aller fleste med tradisjonar tilbake på 1800-talet.
Til saman er det omlag 300 km T-merkte fotturruter i verneområda. Dei fleste av desse vert kvista som skiruter før påske. I tillegg er det stiar som er varda og rydda. Sentrale innfallsportar er Gjende, Veodalen, Visdalen, Leirdalen, Sognefjellet, Turtagrø, Utladalen, Tyin, Bygdin og Valdresflya. Om sumaren går det bilveg til alle desse stadene. Sjølv med fleire stengde vintervegar som Valdresflya, Sognefjellsvegen og fjellvegen Årdal Turagrø, er det god tilgang til områda også om vinteren.
Det har både i 1992 og 2002 blitt gjennomført ei brukerundersøking i nasjonalparken. Resultata viser ei endra bruk i denne perioden m.o.t. brukargrupper, typar turar og omfang. Sjå kap 7.1 for hovudkonklusjonar.

1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət