Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə14/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   10   11   12   13   14   15   16   17   ...   30

8.2. Turisthytter og andre hytter, buer og naust

I tillegg til turisthyttene (sjå kap. 3.3.6., s.21) er det i verneområda og nokre private hytter som normalt ikkje er til utleige. Desse ligg i hovudsak ved Gjende og i Vettismorki, og dessutan ei hytte ved Russvatnet. Vågå fjellstyre, Lom fjellstyre og fjellstyret for Luster Austre statsallmenning har til saman 7 oppsynshytter i nasjonalparken. Desse kan i periodar vere utleigde.


I tilgrensande område til nasjonalparken er det omlag 20 større og mindre turisthytter/hotell, som til dømes Gjendesheim, Bessheim, Spiterstulen, Leirvassbu, Krossbu, Sognefjellshytta, Turtagrø, Fondsbu, Torfinnsbu og Bygdin.
I nasjonalparken er landskapet verna mot inngrep av alle slag, herunder m.a. oppføring, utviding eller ombygging av bygningar (framlegg verneforskrift § 3, 1.1a). Forvaltningsstyresmakta kan likevel gje løyve til mindre utviding eller ombygging av eksisterande bygningar og til bygging av nye bygningar og innretningar som er naudsynte for drifta av turisthyttene (framlegg verneforskrift § 3.1.3a).

I landskapsvernområdet er alle inngrep som vesentleg kan endra landskapets art eller karakter forbode, medrekna m.a. oppføring av bygningar, anlegg m.v. (framlegg verneforskrift § 3.1.1). Vanleg vedlikehald er tillate. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til m.a. ombygging og utviding av eksisterande bygningar (framlegg verneforskrift § 3.1.3a), oppføring og og mindre utviding av bygningar og innretningar som er naudsynte for drift av turisthyttertil utviding av eksisterande og oppføring av nye bygningar som er naudsynte for landbruksformål og istandsetjing av seterhus (framlegg verneforskrift § 3.1.3). .


Søknad om oppføring av nye bygningar på stadar der det ikkje finst bygningar frå før, er uheldig i høve til verneverdiane og vil ikkje få løyve.
Dei siste byggje arbeida/utvidingane av turisthytter i nasjonalparken/landskapsvernområdet som det er gjeve løyve til er

  • Memurubu - 1999 - betjeningsbustad

  • Skogadalsbøen (1996, utviding sengetal og betjeningsbustad??)

  • Fannaråkhytta (2000 utviding sengetal)

  • Gjendebu – 2005, sanitærbygg

Det vil på bakgrunn av handsaminga av Kgl. Res. i 1980 ved opprettinga av Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vere lite aktuelt å gje løyve til bygging av nye turisthytter og andre hytter, med unntak av dei det vart gjeve opning for i samband med oppretting av verneområda (jf foredraget til Kgl. Res.). Søknad om auke i kapasiteten ved eksisterande hytter må vurderast konkret m.o.t. om behovet har vist seg over lang tid. Det vil vere uheldig å auke standarden på turisthyttene. Med ”auke i standard” meiner fylkesmennene at det å gå bort frå fellesløysingar som felles toalett-, dusj-, tørke- og opphaldsrom er uønskt standardheving. Søknader om høgare standard kan vere problematisk fordi det kan føre til behov for meir motorferdsel for transport av proviant og utstyr. Høg standard vil til vanleg også gje auke i energibehovet. Det kan føre til ønskje/ krav om nye inngrep som mikrokraftverk, og/eller at ein må ha store aggregat med høg forbruk og dermed høgt transportbehov. Det gjev auka motorferdsel som resultat, noko som ikkje er ønskjeleg i verneområda.


Særleg ved hyttene i dei sentrale stroka av nasjonalparken (jf. m.a. teig 5) er høgare standard lite aktuelt. Her bør opplevingsverdiar som urørt natur, stillheit og lite markslitasje tilleggjast stor vekt. Enkel standard på hyttene er og meir i samsvar med eit enkelt og lite ressurskrevande friluftsliv. Hyttene blir på denne måten ein del av fjellopplevinga i nasjonalparken. Offentlege pålegg vedrørande til dømes brannforskrifter, krav til kjøkken og handtering av kloakk og gråvatn kan også presse fram endringar på turisthyttene. Slike tiltak vil bli vurdert etterkvart.
Mikrokraftverk for turisthyttene må vurderast konkret m.o.t. føremoner og ulemper, t.d. motorferdsel av diesel og støyproblem opp mot fråver av vassdragsnatur og inngrepa som bygging av mikrokraftverk inneber. Skogadalsbøen har lansert planar om bygging av mikrokraftverk som skal stå for straumforsyninga til turisthytta. Dette for å redusere helikoptertransport av diesel til motoraggregat. Det ligg og føre forslag/idear om minikraftverk både på Gjendebu, Glitterheim (Storåe) og Memurubu (Hestbekken) Memurubu turisthytte har eit minikraftverk frå 1972 (dvs. før nasjonalparken vart oppretta), effekt ca. 60 kW. Mikrokraftverk kan i nokre tilfelle vere ei god løysing ut frå ei total miljøfagleg vurdering. Det vil ikkje vere rett å tillate nye vasskraftutbyggingar i nasjonalparken for å dekkje energibehovet for turistbedrifter med høg (hotell-liknande) standard. Fylkesmannen meiner at mikrokraftanlegg nokre gonger kan vere ei løysing dersom inngrepa er små, lite synlege ,inntaket av vatn lite og at krafta skal brukast på staden.

Ein stad det har vore lufta om det kan gjevast dispensasjon for å kunne setje opp ei ny (sjølvbetjent) turisthytte. DNT har teke opp om det kan vere mogleg å få løyve til å byggje sjølvbetjeningshytte ved Russvatnet fordi ruta mellom Glitterheim og Gjendesheim er for lang for mange av fotturistane. Det kan vere problematisk med ei mindre ubetjent hytte mellom 3 store betjente hytter ut frå kapasitetsomsyn. Ei nedkorting av rutene her vil til ein viss grad leggje føringar for kor lange rutene skal være elles i nasjonalparken. Ei gradvis nedkorting av rutene som kan føre til krav om nye hytter andre stader, er ikkje ønskjeleg. Ei ny turisthytte bør i tilfelle leggjast utanfor nasjonalparken, gjerne i tilknyting til eksisterande bygningar ved Russvassosen.


Skagastølsbu (DNT) er omgjort frå ubetjent turisthytte til naudbu i (2003). Hytta er langt på veg eit kulturminne gjennom sin sentrale plass i norsk klatrehistorie i over 100 år. I hytta har Luster Røde Kors Hjelpkorps lagra ein god del naudutstyr. Det er viktig med gode ordningar med tilsyn og vedlikehald av hytta og tryggleiksutstyr. Dette har no gått seg til.
Memurubu turisthytte fekk løyve til omfattande utviding og nybygg i 1990. I tillegg vart det gjeve løyve til oppføring av betjeningsbustad i 1999. Ein del av byggjetiltaka har fått ei uheldig utforming med terrenginngrep. Dette er bakgrunnen for at Fylkesmannen i Oppland har fekk utarbeidd ein landskapsanalyse for Memurubu (2004). Gjennom denne vert det lagt eit grunnlag for å retta opp feila som er gjort og kome fram til ei betring av situasjonen på staden. Framover vil det vere ei prioritert oppgåve å få til opprydding i området med utkøyring av avfall og overskotsmateriale som er på området kring Memurubu. Vidare blir revegetering, sanering av unødige vegar, og få ein farge på eksponerte bygg som i mindre grad bryt med omgjevnadene, vere viktig. Den spesielle historia for Memurubu turisthytte gjer at Memurubu ikkje bør setje standard for drift av turisthyttene i nasjonalparken.
I tillegg til dette vart laga planskisse for istandsetting av bryggeområde med toalett for Gjendebåten. Dette vart gjennomført i 2005. Ein oppryddingsplan er no på veg til å bli gjennomført.
For Olavsbu (DNT) har DNT munnleg teke opp mogleg utviding med ei ny hytte fordi overnattings-kapasiteten (lager og evt overnatting) i periodar er for liten. Fylkesmannen er ikkje heilt avvisande til dette dersom standarden vert på same nivå. Generelt kan ein auke i overnattingskapasiteten berre vurderast på bakgrunn av pressa kapasitet over ein lengre tidsperiode og ikkje etter enkeltår med høge besøkstal.
Med bakgrunn i verneforskriftene vil det normalt ikkje bli gjeve løyve til oppsetting av private hytter, buer eller naust når slike løyve/lovnader ikkje er gjeve før vernevedtaket kom. Eventuell oppføring av hytter, buer eller naust på statsallmenning bør førast opp og eigast av vedkomande fjellstyre. Dersom private hytter, buer eller naust blir til sals, bør forvaltningsstyresmakta vurdera å kjøpe desse slik at dei kan stillast til disposisjon for almen bruk eller fjernast.
Alle nybygg, utvidingar og vedlikehald bør vere i tradisjonell og lokal byggestil. Forvaltningsstyresmakta vil samarbeide med fylkeskultursjefen om dette.
Retningslinjer:

Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjeve løyve til nye bygg utover dei som det tidlegare (i samband med handsaminga av vernevedtaket) er gjeve løyve til.
Alle nybygg, utvidingar og vedlikehald skal utførast i tradisjonell og lokal byggestil og på ein slik måte at det i minst mogleg grad bryt med natur- og kulturlandskapet og eksisterande bygg i området .
Tiltak:

- Samarbeide med kommunane om følgje opp tradisjonell byggestil.

- Samarbeide med fylkeskonservatoren om utsjånad på bygg i samband med restaureringsarbeid.

- Halde kontakt med Den Norske Turistforening og private turisthytter om om drift av turisthyttene

1   ...   10   11   12   13   14   15   16   17   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət