Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə13/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   9   10   11   12   13   14   15   16   ...   30

8. BRUKARINTERESSER – RETNINGSLINJER OG TILTAK

Vedtaket om oppretting av Jotunheimen Nasjonalpark og Utladalen Landskapsvernområde med verneforskrifter inneber ei rekkje utfordringar til forvaltning av området. Seinare har det kome til fleire nye og sentrale problemstillingar. Dette avsnittet om brukarinteresser er ein gjennomgang av problemstillingar som erfaring tilseier er mest aktuelle. I forvaltningsplanen blir det berre trekt opp retningslinjer og aktuelle tiltak, og det vert såleis ikkje teke avgjerd/løyve om kva som kan gjerast. Det må skje gjennom vedtak i eige brev frå Fylkesmannen.


Verneforskriftene er det juridiske grunnlaget for kva som kan tillatast i verneområda. I nasjonalparken skal landskapet i utgangspunktet «vere verna mot inngrep av alle slag» (framlegg til verneforskrift § 3, 1.1). I landskapsvernområdet er «alle inngrep som vesentleg kan endre landskapets art eller karakter» forbode (framlegg verneforskrifta § 3, 1.1). Verneforskriftene saman soneinndelinga vil vere retningsgjevande for vurdering av søknader og spørsmål om ulike tiltak. I tillegg til løyve etter vernereglane treng alle tiltak både i og utanfor verneområda løyve frå grunneigarar og eventuelt kommunen (for unnatak jf. t.d. friluftslova § 35).


8.1. Landbruk



Husdyrbruk og beiting

Etter verneformålet for nasjonalparken skal det innafor visse rammer vere høve til m.a. landbruk (framlegg verneforskrift § 2). Også for landskapsvernområdet framgår det av formålet at områda skal kunne nyttast til m.a. landbruk (framlegg verneforskrift § 2), jf. at landskapsvernområdet ikkje skal vere til hinder for drift av gardsbruka Vetti, Lauvhaugen og Flaten, vern skal ikkje vere til hinder for vanleg jordbruksdrift i utmarka, og at planar om endra bruksformer som kan ha vesentleg innverknad på landskapets art eller karakter, skal godkjennast av forvaltningsstyresmakta (framlegg verneforskrift § 3, 1.2 a.).


I følgje verneforskrifta for nasjonalparken kan opparbeidde turistruter og -løyper leggjast om eller leggjast ned dersom omsynet til m.a. beitedyr tilseier det (framlegg verneforskrift § 3.5.5 NP og § 3.4.5 LVO). Eksisterande setrer kan oppretthaldast og skjøttast (framlegg verneforskrift § 3, 1.1 NP),. Større endringar i seterdrifta skal godkjennast av forvaltningsstyresmakta (framlegg verneforskrift § 3.1.3 g NP). Vidare er beiting tillate, men Direktoratet for naturforvaltning kan ved forskrift regulere beiting som kan skade eller øydeleggje naturmiljøet (§ 3.2.2 og 2.4 NP og § 3.2.2 LVO)
Statsallmenningane blir forvalta etter fjellova av 6. juni 1975 nr. 31. I følgje framlegg til verneforskrifter § 3.8 (NP), kan bruksrettar og allmenningsrettar utøvast i «den grad dei ikkje kjem i strid med vernereglane for nasjonalparken». Vedhogst til brensel i kraft av gamle bruksrettar er tillate etter utvising frå forvaltningsstyresmakta.
I Jotunheimen nasjonalpark er det berre på Memurubu det er seterfeste med seter i drift i dag (dyr på beite). På Gjendebu har det tidlegare vore seter, men det er ikkje seterfeste knytt til staden i dag (”falt i det fri” jfr Fjellova). Pr. i dag er det lite aktuelt med endringar i seterdrift. I Utladalen landskapsvernområde er det ingen aktive setrer i bruk, men beitedyr (sau) mange stader.
Det landbruket som dei seinare åra har vore utøvd etter at setringa vart nedlagt, er beite med bufe. I Veodalen og Storådalen/Veslådalen (Gjendebu) er det i dag organiserte fedrifter. Sau beiter over relativt store område, særleg i Russdal-området, Gjende-området og i Utladalområdet ved Guridalen. I samband med fedriftene kan det koma ønskje om bygging av anlegg som gjerde, bruer og klopper. Slike konstruksjonar vil bli vurdert i kvart enkelt høve. Vurderinga vil m.a. hengje saman med kor urørt området er og i kva for sone det ligg og om det er konstruksjonar på staden.
Som hovudregel vil det ikkje bli gjeve dispensasjon frå verneforskrifta til nye byggverk i område der det ikkje er bygningar frå før. I urørte område og vernesone kan ikkje dette påreknast i det heile.
Det kan kome ønskje om istandsetjing av eldre husvære, stølar og naust i samband med landbruksturisme. Vurderinga her vil vere dei same som for byggverk/konstruksjonar i samband med beiting av bufe, dvs. eit løyve til nye bygningar sit langt inne og vil berre bli gjeve i område der er liknande bygningar frå før, t.d. stølsområde.
Det er gjeve løyve til bygging av fe-stengsel i Storådalen og Veslådalen. Krav som må stillast til slike stengsel er at dei skal vere minst mogleg skjemmande i terrenget og at dei skal byggast naturvenlege og ha ei tradisjonell utforming. Vidare at dei skal haldast godt vedlike når dei er i bruk. Det må og stillast krav om opprydding når bruk ikkje lenger er aktuelt. Ein føresetnad for bygging av slike gjerde er at dei ikkje stengjer for vanleg ferdsel.
Gjerde rundt gamle setrer og setervollar som ikkje lenger er i bruk, og som blir vurdert til ikkje å ha nokon kulturell verdi, skal fjernast.
Fylkesmennene kjenner ikkje til noko forhold som tilseier at det er aktuelt å forby beiting i nokon del av verneområda.
Løyve til bygging av jordbruksveg for utnytting av beiteområda i Utladalen (p. III 1.2. i gamal verneforskrift for nasjonalparken) er det ikkje lenger høve til å gje. Dette vart avklart gjennom Miljødepartementet si handsaming av dette i 1985. Punktet er difor teke ut av framlegget til ny verneforskrift. Dei indre områda i Utladalen, området Vettismorki - Vormeli - Skogadalsbøen - Guridalen, er ein av få fjelldalar med skog i Sør-Noreg som ikkje er tilgjengeleg med bil/traktor. Mangfaldet i området er særleg stort.
For å halde viktige kulturlandskap i hevd er det naudsynt med beiting. Skjøtsel i verneområda bør baserast på skjøtselsplanar. Då kan det vere aktuelt å nytte forvaltningsmidlar til kulturlandskapstiltak som beiting og slått.
Etter framlegg til verneforskrift for nasjonalparken, § 3.2.3 (NP), kan fylkesmannen gi løyve til hogst av ved til brensel for hyttene skje etter utvising frå forvaltningsstyresmakta. Dette bør, dersom det gjeld større uttak av ved, skje etter ein særskilt plan. I nasjonalparken bør noko av bjørkeskogen stå urørt både for å ha referanseområde og av omsyn til det biologiske mangfaldet. I landskapsvernområdet er hogst av ved til eigen bruk og til hytter tillate når dette vert gjort som plukkhogst, men urskogprega furuskog og holde tre og stammer som er eigna som buplass for fugla må likevel ikkje fellast (framlegg ny verneforskrift § 3.2.3)
Tamreindrift

Det er teke omsyn til utøving av tamreindrift ved at det i verneforskriftene for nasjonalparken i §3.5.5 står at forvaltningsstyresmakta kan leggje om eller krevja fjerna merking av stiar og løyper dersom tilhøva til m.a. tamreindrifta tilseier det. Vidare er tamreindrifta innarbeidd i framlegget til nye verneforskrifter § 3.6.3b. ved at det kan gjevast løyve til motorferdsel i samband med tamreindrift.


Aktuelle anlegg i samband med tamreindrift er sperregjerde og gjetarhytter. For slike innretningar bør dei same retningslinene gjelde som for landbruket elles. Plastband skal som hovudregel ikkje nyttast som stengsel. Dersom det likevel er naudsynt, skal det brukast i svært korte periodar.
Det synest å vere eit sikkert beitegrunnlag for det reintalet som beiter innanfor nasjonalparken i dag, og ein god balanse mellom tamreindrifta og friluftslivet. Det er difor ikkje store konfliktar mellom desse.
Omfanget av tamreindrifta i området er som følgjer:

Lom Tamreinlag:

Vinterstamme ca 2400 dyr

Produksjon/tilvekst. ca 1700 dyr
Vågå Tamreinlag

Vinterstamme 2300 dyr

Produksjon/tilvekst ca 1600 dyr
(Fram Tamreinlag i Vang kjem eigentlig ikke i berøring med nasjonalparken då dei har beite sør for Bygdin, men har ei vinterstamme på 3000 dyr og ein produksjon/tilvekst på ca. 1900 dyr)

Retningslinjer:

Landbrukstiltak som fremjar verneformålet, m.a. ivaretaking av kulturlandskapet, vil få positiv handsaming. Nye konstruksjonar i samband med landbruksdrift vil bli vurdert i kvart enkelt høve. Løyve til nye byggverk i område der det ikkje er slike frå før vil som hovudregel ikkje bli gjeve.
Skjøtsel i verneområda bør baserast på skjøtselsplanar.
Tiltak:

- Sjå til at konstruksjonar ikkje verkar skjemmande. Sjå til og at det blir rydda opp i konstruksjonar som ikkje lengre er i bruk dersom dei blir vurdert til ikkje å ha kulturell verdi.

- Følgje med om talet på beitedyr er i samsvar med beitegrunnlaget


1   ...   9   10   11   12   13   14   15   16   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət