Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə9/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   5   6   7   8   9   10   11   12   ...   30

6.2. KRITERIA FOR SONEINNDELING

Følgjande kriteria bør vurderast når ein skal avgjere kva for sonekategori som skal nyttast for eit område i forvaltningsplanen:




  • naturkvalitetar og sårbarheit

  • kartfesting av inngrepsfrie område

  • omfanget av inngrep (vegar, hytter, stiar, slitasje, master m.m.)

  • bruk av området (ulike typar og omfang av bruk, ferdsel og møtepunkt/konfliktar mellom ulike brukarar)

  • storleik på områda og topografiske tilhøve

  • tilgjengelegheit (avstand frå innfallsport, kor vanskeleg terrenget er å ferdast i mv)

  • (grad av) tilrettelegging for friluftsliv (bør byggje på dagens ferdselsmønster, men må tilpassast endringar som er naudsynte for å ta vare på naturkvalitetane)

  • spesielle omsyn til fauna og vegetasjon

  • behov for å skjerme sårbare område i høve til ferdsel og anna verksemd

  • omfang og konsekvensar av utfart og større tilretteleggingstiltak for reiselivet utanfor verneområdet

  • førekomst av kulturminne avgjer ikkje sonekategori for eit område, men bruken av eit kulturminne kan gjere det

  • kulturlandskap som blir skjøtta høyrer heime i brukssone eller sone med spesielle inngrep og tilrettelegging, alt etter omfanget av skjøtsel og kor området ligg i høve til inngrep og/eller urørt natur

  • årstidsvariasjonar bør vurderast med omsyn til bruk og sårbarheit

I tillegg er følgjande forhold vektlagt i soneinndelinga:


 i eit urørt naturområde vil den første bruken relativt sett påverke området meir enn seinare bruk. Eit område som er mykje brukt, blir relativt mindre påverka ved tilsvarande auke i bruk. Det er difor eit sentralt virkemiddel å kanalisera ferdsla for å spare urørte eller tilnærma urørte område.

 det er eit mål å leggja tilhøva til rette for flest moglege sider ved det tradisjonelle norske friluftslivet. Naturverdiane som det tradisjonelle friluftslivet er tufta på, må sikrast så godt det let seg gjere

 i dei sentrale stroka av verneområda og i område som framleis er tilnærma urørte, bør det generelt visast varsemd med tilrettelegging.

 tilrettelegging for friluftslivet bør bygge på det ferdselsmønsteret og dei turrutene som alt er i området.

 større organiserte ferdselsopplegg og arrangement skal i hovudsak leggjast til brukssoner og/eller område som har tradisjon for dette.


6.3. OMTALE AV SONEINNDELINGA I ULIKE DELAR AV JOTUNHEIMEN NASJONALPARK OG UTLADALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE

Kartet som ligg ved (vedlegg 11) syner sone- og teiginndelinga i området.



6.3.1. Vernesone


I denne sona er det store samanhengjande område med tilnærma urørd natur. Målet er å unngå meir tilrettelegging og nye inngrep i desse områda. Det ligg ei ubetjent turisthytte heilt utkanten av sona, Vormeli. Det er svært få merkte stiar i denne sona.
Overordna strategi for sona:

Ressursane urørt natur, ro og stillheit skal prioriterast. Nye tiltak og inngrep skal i utgangspunktet ikkje skje. Løyve til tilrettelegging kan berre gjevast unntaksvis og i svært spesielle tilfelle når dette vil fremje verdiane knytt til urørt natur, ro og stillheit.
Teig 1: Øvre Leirungsdal-området

Området ligg i Vågå kommune mellom Gjende, Svartdalen og nasjonalparkgrensa. Arealet utgjer omlag 92 kv.km (omlag 6% av verneområda). Knutshø ligg også i denne teigen. Der Leirungsåa renn ut i Gjende er det 2 hytter. Vidare er det ei steinbu (Rathbonebua) på høgdedraget mellom Gjende og Øvre Leirungsvatnet. Denne bua som vart bygd på 1850-60 talet, er restaurert av Vågå historielag.


Området er prega av den frodige Leirungsdalen som sprengjer seg inn mellom høge tinderekkjer. Den høgste fjelltoppen er Knutsholstind (2341 m.o.h.). På båe sidene av dalen er det fleire brear, m.a. Leirungsbreen, Skarvflyløyftbreen og Steinflybreen. Vidare er det fleire små vatn i området. Frå gamalt av er Leirungsdalen kjent som ein god beitedal.
Vegetasjonen i sjølve dalen er prega av plantesamfunn med snøleie. På nordsida er det frodig vegetasjon med godt innslag av kalkkrevjande planteartar. Plantesamfunna har frå liten til moderat slitestyrke. Noko av vegetasjonen har sein rehabilitering. Det som elles dominerer området, er bart fjell, blokkmark og brear.
Gjennom Leirungsdalen går det ein sti der T-merkinga vart teke bort i 1999 som oppfølging av forvaltninsplanen. Det er framleis ein del ferdsel langs denne stien til Svartdalen, men slitasjeproblema er mindre.
Frå omlag 15. april då vegen over Valdresflya blir opna er det stor skiutfart i området. Dette er eit uromoment for faunaen i området. P-plassar langs vegen over Valdresflya avgjer kor ferdsla går ut i naturen i området.
Knutshø har lenge vore eit mykje besøkt turmål, og det går ein umerkt sti over fjellryggen og tilbake langs øvre Leirungen. Nyare kunnskap om området viser at det er sårbare artar i og ved Knutshø. Med bakgrunn i dette og i høve til våtmarksområda i Øvre Leirungsdalen er vernesona utvida slik at heile Knutshø er med. Det vil ikkje bli lagt opp til meir tilrettelegging/merking av ruta over Knutshø. Turen er krevjande med nokre utsatte punkt, og det har vore fleire redningsaksjonar i området. Tiltak for å ivareta tryggleiken er difor gjort med m.a. vegvisarpil på kritisk stad. Informasjon om denne fotturen må få klart fram at den krev meir erfaring enn vanlege T-merkte ruter. Området er spesielt sårbart fyrste halvdel av sommaren.
Retningslinjer:

Inga ny tilrettelegging eller nye inngrep. Stien gjennom Leirungsdalen skal ikkje vere merkt. Marknadsføring av ruta over Knutshø må tilpassast vanskegrad og sårbarheit i området. Ruta vil ikkje bli merkt, men det er gjort enkle tiltak for å hjelpe folk så dei ikkje går feil. Omfanget av ferdsel i høve til fauna og slitasje må følgjast nøye.

Teig 2: Memurutind-/Memurubreområdet

Denne teigen ligg i Lom og Vågå kommunar mellom Storådalen, Skautflya/Veodalen, Russdalen og Memurutunga. Arealet er på omlag 105 km2 (omlag 7% av verneområda) og er det området i nasjonalparken som har mest villmark (meir enn 5 km frå næraste veg, kraftregulering, fast busetnad). Det meste av arealet ligg meir enn 1800 meter over havet. Området er karakterisert av brear (omlag 50% av arealet) og kvasse tindar. Dei mest kjende breane er Austre Memurubre, Vestre Memurubre og Hellstugubreen. Den høgste fjelltoppen er Surtningssui (2368 m.o.h.).


Innanfor teigen er det ein merkt sti frå Memurudalen og opp på Surtningssui. Memurubu turisthytte utførte denne merkinga før nasjonalparken vart oppretta og er såleis ansvarleg for denne. Steinbua frå 1899 på ca. 2200 moh på Surtningssui frå er eit interessant kulturminne som no er i forfall. Ved Austre Memurubre har Lom Røde Kors Hjelpekorps ei naudbu, og ved Hellstugubreen har Norges Vassdrags- og Elektrisitetsdirektorat (NVE) ei bu (låst) som er nytta i samband med registreringar. Glitterheim turisthytte har tradisjonar for føring av turistar i området. Fjellføring skjer på Veobreen og på Styggehøbreen frå Glitterheim. Det er også føring av turistar frå Memurubu, mest til toppen av Surtningssui. På forespurnad skjer det også noko føring frå Spiterstulen til Memurutind/Surtningsui-området.
Retningslinjer:

Inga ny tilrettelegging eller inngrep.

Teig 3: Glittertind-/Trollsteinkvolv-området

Området ligg i Lom kommune mellom nasjonalparkgrensa, Veodalen og stien som går frå Glitterheim til Spiterstulen. Området er eit stort naturområde utan moderne inngrep. Innanfor området er det fleire minne etter eldre fangstkultur. Delar av området er ettertrakta i samband med småviltjakt. Arealet er på omlag 84 km2 (omlag 6% av verneområda). Stien frå Glitterheim over Glittertinden til Visdalen og Spiterstulen, som er merkt med unntak av brekappa på toppen, er ei mykje nytta turrute.


Glittertind (2464 m.o.h. med brekappe, 2452 moh utan) er det høgste fjellet i området. Tidlegare var Glittertind, medrekna snø- og iskappa på toppen, det høgste punktet i Noreg. Området nord for Glittertind er særleg vilt med djupe botnar og fleire vatn og isbrear. Området har såleis store kvartærgeologiske kvalitetar.
Vegetasjonen veks i hovudsak opp til omlag 1700 m.o.h. Dei vegetasjonstypane som dominerer er frostmarker av le- og rabbetype. På Bukkeflyi opp mot Smådalshø strekkjer det seg frostmark med sterkt polygonpreg opp til over 1800 m.o.h.. Innslag av rikare vegetasjonstypar finst spreidd. Vegetasjonen er dominert av plantesamfunn med liten slitestyrke og sein rehabilitering. Kanalisering av ferdsla til området ved tilrettelegging vil raskt kunne redusere den spesielle "mystikken" området har.
Glitterheim turisthytte har tradisjonar for føring i området, særleg til Glittertind. Omfanget av føringa har ikkje vore like stort som til Surtningsui i teig 2. NVE har ei hytte (låst) ved Gråsubreen.
Retningslinjer:

Inga tilrettelegging eller inngrep.

Teig 4: Hurrungane-omådet

Området ligg i kommunane Luster og Årdal mellom nasjonalparkgrensa i nord og vest, grensa for landskapsvernområdet i sørvest, Utladalen og Gjertvassdalen. Arealet er på omlag 115 km2 (omlag 8% av verneområda). Området har store naturkvalitetar. Her er nokre av dei villaste fjellområda i Noreg og fleire brear. I Utladalen er det stort biologisk mangfald.


I området er det ei hytte på Skagastølsbandet (Skagastølsbu, bygd 1894) som tilhøyrer Den Norske Turistforening. Den vart sett i stand gjennom omfattande vedlikehald i 2003, men vart samstundes nedlagt som ubetjent turisthytte, og fungerer difor i dag som naudbu. T-merkinga av stien i Midtmaradalen vart fjerna på siste halvdel av 1990-talet av omsyn til villreinen i området, og det same med ein vaier, som ofte var nedsnødd, som hang på det brattaste partiet for å kome ned i Midtmaradalen. Også T-merkinga i Styggedalen vart fjerna av omsyn til villreinen. Det er merkt sti fram til Skagastølsbreen frå Turtagrø. Norsk Tindeklubb har ei hytte rett utafor nasjonalparkgrensa i Skagadalen. Her har det vore slitasje- og søppelproblem tidlegare pga mykje telting, men tilhøva har vorte betre frå årtusenskiftet.
Hengjedalane som går ut i Utladalen, var tidlegare viktige beitedalar for bufe. Ved munningane i nokre av hengjedalane er det eldre setrer som i dag dels er restaurerte og står opne for turgåarar (Gravdalen og Stølsmaradalen) som ubetjente turisthytter. Desse setrene ligg like utanfor sona, i teig 12 Heimre Utladalen. Området som er avgrensa i teig 4 Hurrungane, framstår i dag som eit i hovudsak urørt og ikkje tilrettelagt naturområde. Vormeli i Utladalen er einaste (ubetjent) turisthytte som ligg i sona.
Hurrungane-området er det villaste og mest alpine fjellområdet i Jotunheimen. Området er særprega av kvasse eggar, spisse toppar, djupe botnar og fleire brear. Den høgste fjelltoppen er Store Skagastølstind («Storen» 2403 m.o.h.). Området har frå gamalt av ein eigen aura for fjellklatrarar. Frå Skagastølsbu til ”Hjørnet” vil villvardar bli fjerna, og nye små vardar på egga bli sett opp av omsyn til tryggleiken og kanalisering av ferdsla.
Den villaste og mest utilgjengelege delen av gjelet i Utladalen (mellom heimre og øvre Utladalen) er no med i sona. At eit lågareliggjande område er så utilgjengeleg og lite nytta av menneske gjer at det særleg interessant for å ivareta det biologiske mangfaldet. Området i Utladalen går frå der Vettisfossen renn saman med Utla og opp til Gjertvasselvi, slik at den ubetjente hytta Vormeli er med i denne sona.
Hurrunganeområdet er viktig for villreinen. Det er difor viktig at det ikkje vert gjennomført tilretteleggingstiltak som fører til auka ferdsel, og at tiltaka medverkar til at ferdsla held seg på faste stader. Det bør bli sett opp vardar som syner vadestaden over Midtmaradøla for å unngå at folk vandrar på vestsida av elva (m.a.o. at dei berre vandrar på ei side: austsida). Det er viktig at stien er godt markert ved starten ned mot Utladalen ved Kyrkjestigen. Vegvisarpilen frå stien mellom Skogadalsbøen og Vetti mot Vormeli bør fjernast å halde nede omfanget av ferdsel i området. Brua over Utla vart undersøkt for nokre år sidan og er i god nok stand dersom vanleg vedlikehald vert gjennomført.
Frå Turtagrø har det i mange år vore arrangert turar med førar til Store Skagastølstind og til Skagastølstind-området. Det har og vore arrangert slike turar frå Skogadalsbøen turisthytte. Dei seinare åra har det vore arrangert telemarksrenn frå Dyrhaugsryggen.
Det er stor pågang for å drive fjellføring og kursverksemd i området. Det er viktig at den organiserte ferdsla ikkje vert så stor at den kjem i konflikt med naturkvalitetane i området og/eller fortrengjer dei som går tur på eiga hand.
Retningslinjer:

Inga ny tilrettelegging eller inngrep. Det skal takast særskilt omsyn til villreinen i området. Stien frå Gjertvassdalen til Vormeli kan ryddast, men ikkje merkast. Stiane gjennom Styggedalen og Midtmaradalen skal ikkje merkast opp på nytt. Det kan arrangerast telemarksrenn frå Dyrhaugsryggen på visse vilkår. Vormeli skal ikkje marknadsførast unødig.


6.3.2.Brukssone

Brukssone gjeld alt areal i nasjonalparken utanom vernesona, med unntak av nokre små område som er definerte som soner med spesiell tilrettelegging og inngrep.


Mange stader i brukssona er det relativt høg tilretteleggingsgrad. Målt på kart er det omlag 300 km med merkte stiar. I brukssone er det 7 betjente turisthytter (Glitterheim, Memurubu, Gjendebu, Skogadalsbøen, Avdalen gard (sommar), Vetti gard (sommar), Fanaråken (sommar)), 1 sjølvbetjent hytte (Olavsbu) og 3 ubetjente hytter (Ingjerdbu, Gravdalen, Stølsmaradalen). Fremre Hjelledalen vart nedlagt som ubetjent hytte på slutten av 1990-talet. Dei betjente hyttene, med unntak av Fanaråken, har sjølvbetjeningskvarter når den betjente delen er stengd.
Det er store naturkvalitetar i områda med brukssone. Det er eit mål å ta vare på desse samstundes som områda vert brukt, ikkje minst for friluftsliv. Retningslinjer og tiltak tek sikte på å finne den optimale balansen mellom bruk og vern.
Brukssona omfattar fleire attraktive og lett tilgjengelege turmål som er særleg sentrale i samband med reiseliv og fjellføring, m.a. til Uranostind frå Koldedalen. I nokre område av sona er det tradisjon med føring av turgåarar. I nokre område er det særlege interesser i høve til tidlegare bruk kulturlandskap, m.a. kring Gjendebu, og Heimre Utladalen. Her er det utarbeidd eigne skjøtselsplanar. I nokre område i brukssona kan det gjevast løyve til ulike arrangement , sjå omtale under teiginndelinga nedanfor (teig 5 til teig 10).
Overordna strategi for sona:

Tilrettelegginga som er i området i dag kan med få unntak haldast vedlike eller fornyast. Utanom mindre justeringar/endringar skal ikkje koma nye tiltak som merkte stiar, byggverk m.m (vil berre bli vurdert i heilt spesielle tilfelle). Auke i overnattingskapasiteten ved hyttene vil bli vurdert i høve til verknaden på naturmiljøet og som følgje av auke over lang tid. Det skal ikkje skje ytterlegare tilrettelegging for ferdsel til dei sentrale delane av brukssona.

Teig 5: Olavsbu-/Mjølkedalsbre-området

Teigen omfattar området mellom Gravdalen, nasjonalparkgrensa, Uranosbreen, Veslådalen og Storådalen. Den sjølvbetjente DNT-hytta Olavsbu ligg sentralt i området. Dei mest nytta turrutene går gjennom Raudalen (Gjendebu, Olavsbu, Skogadalsbøen) og frå Eidsbugarden til Olavsbu. Det er relativt mykje vegetasjonsslitasje langs turruta frå Olavsbu mot Grisletjern (Gjendebu). Teigen utgjer store delar av dei sentrale stroka i verneområda.


Den merkte stien mellom Raudalen og Skogadalen over pkt. 1617 vart nedlagt som merkt sti på 1990-talet av omsyn til villreinen. Villreinen held seg no vest for Utladalen. Fylkesmannen går inn for at stien kan merkast, men at den kan bli lagt ned som merkt sti dersom villreinen byrjar bruke områda aust for Utladalen.
DNT har teke opp at det kan bli aktuelt å utvide kapasiteten (lager og evt overnatting) på Olavsbu. Fylkesmannen er innstilt å sjå på dette dersom det kan påvisast mangel på kapasitet over lang tid.
Retningslinjer:

Stien over pkt. 1617 mellom Raudalen og Skogadalen kan merkast, men det skal vurderast å fjerne merkinga dersom villreinen tek i bruk tilgrensande område, aust for Utladalen. Elles inga ny stimerking og anna tilrettelegging. Vurdere evt. utviding av Olavsbu.

Teig 6: Gjende aust-/Besseggen-/Besshø-området

Besshø-området er eit variert naturområde med fjelltoppar som er lett tilgjengelege heile året. Fjelltoppane er attraktive turmål både sommar og vinter.


Turruta mellom Memurubu over Besseggen er den mest nytta turruta nasjonalparken og er av landets mest besøkte turistrute i fjellet. Truleg er mellom 40.000 og 50.000 personar innom denne turruta i løpet av sommarsesongen. På stien opp frå Memurubu og opp frå Gjendesheim er det stor markslitasje med erosjon. Det er gjennomført fleire skjøtselstiltak på desse bratte partia, tiltak som ikkje har vore tilstrekkelege, men som likevel har demma opp for erosjonen i nokon grad. Det vart i 2005, i samarbeid mellom DNT, SNO, Fylkesmannen i Oppland og fjellstyra i Lom og Våg,å sett i gong eit stort fleirårig prosjekt for å rette opp skadene og lage ein sti med ein standard som er tilpassa omfanget av ferdsla og for å stanse erosjonen, sjå pkt. 8.3..
Mellom Gjendesheim og Memurubu går det rutebåt. Det har til no ikkje vore avgrensingar på tal turar på denne strekninga innafor rammeløyvet. Ny båt med større kapasitet vart godkjend for drift frå 2006. (jf. kap. 8.4 og 8.15.).
Det går ein brukbar sti med noko varding rundt Bessvatnet til Besseggen. DNT ønskjer å merke denne. Fylkesmannen vil tilrå at stien T-merkast, sjå elles omtale under kap. 8.5.
DNT har teke opp moglegheit for å byggje ny sjølvbetjent hytte mellom Glitterheim og Bessheim. Fylkesmannen ser ikkje dette som ei god løysing, jf kap. 8.2.
Retningslinjer:

Stien frå Memurubu over Besseggen til Gjendesheim kan framleis nyttast som ein hovudattraksjon i nasjonalparken, og er prioritert med eit stort prosjekt m.o.t. skjøtsel og tiltak for å redusere/reparere markslitasje og erosjon. Merking av sti rundt Bessvatnet kan få løyve. Det er ikkje aktuelt å tillate bygging av ny hytte langs stien Glitterheim-Bessheim

Teig 7: Galdhøpigg-området

Området har store naturkvalitetar som det høgastliggjande med mektige tindar, mange brear og breavsetningar. Området er svært attraktivt for friluftsliv. Galdhøpiggvegen gjer området lett tilgjengeleg om sommaren. Denne vegen er bygd fram til Juvasshytta og Galdhøpiggen Sommerskisenter. Frå skisenteret er det bygd skiheis på Veslejuvbreen opp mot nasjonalparkgrensa. Lettaste tilkomst til området om vinteren er frå Spiterstulen når vegen hit er open.


Sjølve Galdhøpiggen er som det høgaste fjellet i Noreg (2469 moh) eit av dei mest attraktive turmåla i nasjonalparken. Enkelte dagar kan det vere opp til 1000 personar der. I løpet av sommaren er det rekna med at nærare 30.000 personar kjem opp på toppen.
Om sommaren er det turar med førar over Styggebreen og Svellnosbreen opp til Galdhøpiggen. På Svellnosbreen blir det og arrangert eigne breturar. På toppen av Galdhøpiggen er det ei hytte med kiosk, eigd av Juvasshytta. I staden for bruk av aggregat til drifta av kiosken bør andre løysingar vurderast. Med det høge talet på fotturistar som kjem på toppen av Galdhøpiggen kvart år, er det behov for ei eller anna form for toalett her i tilknyting til hytta. Eigarane av kiosken, kommunen, forvaltningsstyresmakta og oppsynet vil måtte avklare ansvar for oppføring og drift av eit eventuelt toalett.
Trass i oppryddingar dei siste åra er det framleis ein del skrot i området. Det store besøkstalet gjev m.a. turleiarane og breførarane ei stor utfordring m.o.t. informasjon og haldningsskapande arbeid.
Trass i tilbodet om turføring til Galdhøpiggen og åtvaringsskilt mot å gå åleine på Styggebreen, er det kvart år mange turgåarar som tek turen utan å gå i taulag på breen. I området, t.d. ved Juvasshytta og sommarskisenteret, bør det difor gjevast meir informasjon om farane med dette.
«Galdhøpiggrennet» er eit årleg arrangert telemarksrenn vest for Spiterstulen som kan halde fram med same vilkår og omfang som tidlegare.
Galdhøpiggen Sommerskisenter ligg svært nær nasjonalparken. Nye tiltak i dette området opp mot nasjonalparken bør vurderast særleg nøye. I 2004 vart nasjonalparkgrensa justert slik at toppunktet ligg utafor nasjonalparkgrensa. Grensejusteringa vart gjort på bakgrunn av unøyaktig kartgrunnlag i samband med grensedragninga på vernetidspunktet i 1980. Grensene er nå i tråd med føresetnadene for oppretting av nasjonalparken gjennom at heile alpinanlegget ligg utafor nasjonalparken.


Retningslinjer:

Galdhøpiggen er ein relativt lett tilgjengeleg hovudattraksjon i nasjonalparken. Det skal vere ryddig og fritt for søppel på toppen av Galdhøpiggen. Drift av hytta/kiosken på Galdhøpiggen føreset at det ikkje blir forsøpla der. Med det store talet turistar som besøkjer området, bør det lagast gode ordningar for søppelhandtering. Behovet for toalett må vurderast. Det bør informerast betre om trygg ferdsel på breane. Galhøpiggrennet kan arrangerast i si noverande form og omfang.

Teig 8: Smørstabbre-området

Området har store naturkvalitetar knytt til breane og avsetningar frå desse. Om sommaren er Smørstabbreen lett tilgjengeleg både frå Sognefjellet og frå Leirdalen/Gravdalen. Området er særleg attraktivt pga spennande fjelltoppar og brear.. Vegen over Sognefjellet blir opna omlag 1. mai. Området er difor mykje nytta til skigåing på forsommaren. I turistsesongen er det turar med førar over breen. På breen blir det årleg arrangert fleire brekurs. Det er ingen hytter eller merkte stiar i området, men ruta over breen mellom Krossbu og Leirvassbu vert kvista til påska. Det er utført tiltak (klopplegging) i høve til slitasjeskader på myr/vegetasjon på stien mot nasjonalparkgrensa ved Bøverbreen. Det er mange døme på uforsvarlig ferdsel i området og ved gjevne mellomrom er det ulykker og redningsaksjoner på breane i området. Det er behov for å videreutvikle informasjon om forsvarlig ferdsle på bre i området.


NVE har ei hytte (låst) ved Storbreen like utafor nasjonalparken og området.
Retningslinjer:

Området er mykje brukt som turområde, og vil bli særleg følgt m.o.t. naturslitasje og søppel og m.o.t. omfanget av ferdsel. Informasjon om sikker ferdsel på bre må videreutviklast.

Teig 9: Fanaråken

Området er lett tilgjengeleg frå omlag 1. mai når Sognefjellsvegen opnar. Fanaråken er kanskje det området som er mest nytta til skigåing (vårskiturar) utover forsommaren. På Fanaråkbreen er det etter nærare vilkår gjeve løyve til oppkjøring av langrennskiløyper med motoriserte kjørety etter 1.07., dersom mangel på snø gjer at skiløyper ikkje kan nyttast andre stader på Sognefjellet utanfor nasjonalparken. I dei siste åra har det ikkje vore naudsynt å nytta Fanaråkbreen til dette formålet.


På toppen av Fanaråken har DNT ei sommarbetjent turisthytte. Denne vart utvida i 1998-99 (ferdigstilt i 2000). Hytta er stengd elles i året. På toppen er det også ein gamal vêrvarslingsstasjon som no tilhøyrer DNT. Stasjonen er bygd om slik at den i dag er soveromsavdeling for den betjente hytta.
Stien frå Helgedalen/Turtagrø opp til Fanaråken har over Ekrehytta hatt ein del slitasje. Sommaren 2002 vart det gjennomført relativt omfattande reparasjonsarbeid.
Nord for Fanaråken vart det funne svært mykje søppel (m.a. 80 stort sett tome oljetønner). Desse vart fjerna seinsommaren 2003 då snøsmeltinga var stor i området. Ny opprydding vart gjort i 2006 då det igjen var stor avsmelting. Enno ligg noko søppel att, og då ny avsmelting kan avdekke meir vil det bli vurdert om ny rydding er naudsynt.
Søppelhandtering for Fanaråkhytta har vore sortering og utflyging av all søppel. Dette er ei ordning som bør halde fram.
Fanaråken Duatlon er eit kombinert sykkel- og turløp der løpinga er opp til toppen av Fanaråken. Rennet vert arrangert utan bruk av motorferdsel. Arrangementet kjem i liten konlfikt med nasjonalparken og kan halde fram i si noverande form og omfang.

Retningslinjer:

Området er mykje brukt og omfanget av ferdsla vil bli følgt m.o.t. naturslitasje og naturoppleving. Oppkøyring av langrennskiløyper på Fannaråkbreen etter 1.07. kan halde fram etter nærare fastsette vilkår og med tidlegare omfang. Søppel nord for Fannaråken skal fjernast når det igjen vert stor avsmelting om sommaren. Fanaråken Duatlon kan arrangerast.

Teig 11: Øvre Utladalen

I øvre Utladalen går det fleire merkte stiar og det den betjente turisthytta Skogadalsbøen ligg her. Skogadalen turisthytte vart utvida i 1998 til om lag 85 sengeplassar. Området er mykje brukt som sauebeite. Guridalen er ei seter i området med mange sel, fleire av dei steinsel, om enn i dårleg stand. Her er det også ei jakthytte for Utladalen Sameige, som leiger ut hytta som ein del av utleige av jaktrettane på hjort.


Det er slitasjeproblem i våte parti langs dei merkte stiane i området. Grunneigarane ønskjer å ta vare på dei gamle steinsela. Det er løyve til 3 landingar med helikopter ved Skogadalsbøen eller ved jakthytta i Guridalen i samband med hjortejakta. Stor-Hilleren er ei gamal fangsbu som vart restaurert i 1996.
Retningslinjer:

Øvre Utladalen har store kvalitetar m.o.t. kulturlandskap og frilfutsliv Stølshusa i Guridalen kan setjast i stand etter løyve. Våte parti på dei merkte stiane kan tilretteleggjast for å hindre vegetasjonsslitasje.

Teig 12: Heimre Utladalen

I den heimre delen av Utladalen, til og med Vettismorki- og Fleskedalenområdet, er det mange kulturminne og eit spesielt kulturlandskap som fortel om tidlegare bruk av området. Inn til Vetti gard er det bygd veg, -«Folkevegen». Årdal kommune har laga reglar for bruk av vegen. Området er godt tilrettelagt med stiar og bruer.. På stien frå Vetti og inn til Vettisfossen, som er eit mykje nytta turmål, blir det kvart år gjennomført vedlikehaldsarbeid. Vetti gard er open for overnatting og servering om sommaren.


På Avdalen gard og husmannsplassen Hagaberg er alle dei tidlegare bygningane sett i stand eller nybygde etter 1991. Avdalen gard vert driven som betjent hytte om sommaren, elles som ubetjent. Det er eit svært omfattande skjøtselsarbeid kring garden som også er gjennomført
Sjølve vegen til Vetti, «Folkevegen», Vetti gard og kraftleidningane til Vetti og Avdalen fell inn under kategorien «sone med spesiell tilrettelegging og inngrep» (kap. 6.3.4.).
Det vart i 1998 utarbeidd ein eigen skjøtselsplan for Heimre Utladalen som vert følgt opp med innleigd sommarhjelp kvart år, og dei skjøttar kulturlandskapet innover folkevegen. Innhaldet i skjøtselsplanen står fortsatt ved lag.
Utladalen naturhus ligg like innafor grensa og er eit informasjonssenter under Norsk Fjellmusuem.
Retningslinjer:

Heimre Utladalen har store kvalitetar m.o.t. kulturlandskap og nyare kulturminne. Skjøtselsplanen for Heimre Utladalen legg føringar for arbeidet med skjøtsel og ivaretaking av kulturminne og kulturlandskap. Ved tilretteleggingstiltak og restaurering av byggverk og stiar skal tidlegare standard og utforming vere retningsgjevande.


6.3.3. Sone med spesiell tilrettelegging og inngrep

Sona er aktuell rundt dei betjente turisthyttene, langs vegar og andre større inngrep som kraftutbygging og kraftleidningar. Rundt dei betjente turisthyttene omfattar det arealet som er festa/kjøpt avgrensa til ein avstand på 250 meter frå byggverk (for unntak sjå oppstillinga nedanfor). Ei tilsvarande sone gjeld rundt inngrep etter kraftreguleringar (dammar, synkar, massedeponi) og langs vegar og kraftleidningar. Til vedlikehald av vegar skal det ikkje takast masse i verneområdet. Dette bør og gjelde der vegar går inn til vernegrensene. Nye tiltak innafor sona skal som tidlegare handsamast etter verneforskrifta. Sona gjeld for/ved følgjande stader (ikkje teikna inn på vedlagt kart):


Betjente hytter: - Glitterheim turisthytte, nasjonalparken

- Memurubu turisthytte (medrekna båtbrygga og kraftanlegget i/ved Muru

elv), nasjonalparken

- Gjendebu turisthytte (medrekna bryggja og dei to private hyttene ved

Storådøla), nasjonalparken

- Skogadalsbøen turisthytte, landskapsvernområdet

- Vetti Gard, landskapsvernområdet

- Avdalen Gard, landskapsvernområdet


Vegar: - Glitterheimvegen, nasjonalparken

- Gravdalsvegen, nasjonalparken

- Folkevegen til Vetti gard, landskapsvernområdet

- Koldedalsvegen, landskapsvernområdet


Kraftutbygging: - dam og synk i Gravdalen, landskapsvernområdet

- massedeponi og synk Raudalen, landskapsvernområdet

- massedeponi og synk Skogadalen, landskapsvernområdet

- massedeponi og synk i Fleskedalen, landskapsvernområdet

- Ytre Vasspollane og Kyrkjevatna, landskapsvernområdet

- Koldedalsvatnet med massedeponi, landskapsvernområdet


Kraftledningar: - leidning over Breikvam, landskapsvernområdet

- leidning til Avdalen og Vetti, landskapsvernområdet



Overordna strategi for sona:

Utanom mindre justeringar/endringar skal det som hovudregel ikkje koma nye tiltak som vegar, byggverk ved hyttene. Inngrep frå tidlegare som ikkje er i samsvar med verneformåle, vil bli vurdert om noko bør gjerast for å stille dei tilt. Det skal ikkje takast masse til vedlikehald av vegar inne i verneområdet.
1   ...   5   6   7   8   9   10   11   12   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət