Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə10/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   6   7   8   9   10   11   12   13   ...   30

7. Informasjon, kulturminne, kulturlandskap og naturverdiar



7.1. INFORMASJON OG NATURRETTLEIING

I St. melding nr. 62 (1991-92) står det at erfaringa med oppsynet så langt viser at i tillegg til oppgåver knytt til rein tilsynsverksemd, må innsatsen aukast i høve til andre vesentlege oppgåver som informasjon og rettleiing, naturfaglege registreringar og skjøtsel. Vidare blir det påpeikt at informasjon og haldningsskapande arbeid er ein viktig del av arbeidsområdet til naturforvaltninga og representerer ei stor utfordring i arbeidet med forvaltning av nasjonalparkar. Det blir gått inn for auka satsing på dette området, og det blir sett på som særleg viktig at ulike former for informasjon og rettleiing bidreg til auka forståing for naturvern og motivasjon for naturvenleg framferd både i og utanfor verneområda. Ved god informasjon vil ein kunne unngå forbod og mange unødvendige ”problem”saker.


Brukarundersøkinga som vart gjennomført sommaren 1992 synte m.a. dei som var på tur ønskte meir informasjon, særleg om dyreliv, planteliv, geologi, historie, naturvern og friluftsliv, både gjennom informasjonstavler, brosjyrar, organisert informasjon på turisthyttene og tilfeldig informasjon i fjellet
Brukarundersøkinga 2002.

I regi av Østlandsforskning (2002) gjennomførte Marit Vorkinn ei brukarundersøking i nasjonalparken. Undersøkinga var basert på sjølvregistreringskasser ved 8 mest sentrale innfallsportane til nasjonalparken. Totalt kom det inn svar fra over 7000 personar fordelt på dei to åra. I tillegg vart det gjennomført intervju i felt av totalt 500 personar, og er oppfølging av brukarundersøkinga frå 1991.


Hovudkonklusjonar og trendar frå 1992 til 2002:

  • I perioden er det registrert ein auke i bruken av nasjonalparken på 16%.

  • Det er registert ein nedgang i talet besøkande som har langvarige besøk i nasjonalparken,medan talet på besøkande med kortare fleirdagars turar og dagsbesøkande har auka.

  • Gjennomsnittsalderen på brukarane av nasjonalparken har auka med 5 år i perioden

  • Andelen av utlendingar har auka sidan 1998. Det er ei meir samansett brukargruppe i 2002 enn i 1992 (40 nasjonalitetar er representerte).

  • Brukarane av nasjonalparken har i større grad blitt positive til ulike former av tilretteleggingstiltak (tydelegare merking, klopplegging mv.) Brukarane av Jotunheimen er i større grad positive til tilrettelegging enn i andre fjellområde med tilsvarande undersøkingar.

  • Lågare kunnskapsnivå om vernereglar i 2002; utlendingar har minst kunnskap om regelverket.

  • Ein større del av brukarane har registrert lite forsøpling i nasjonalparken i 2002 i høve til 1992; ein større del er godt fornøgd med forvaltninga av nasjonalparken i 2002.

Brukarregistreringane og prosjektet i naturrettleiing/naturinformasjon vil leggje grunnlaget for utarbeiding av strategiar for informasjon- og naturrettleiingsarbeidet.




7.1.1. Tavler og brosjyrar


Rundt nasjonalparken og landskapsvernområdet står det større informasjonstavler med informasjon om nasjonalparken følgjande stader:


  • Hjelle i Utladalen (Årdal)

  • Turtagrø (Luster)

  • Sjodalen (Vågå)

  • Gjendesheim (Vågå)

  • Eidsbugarden (Vang)

  • Veodalen, Glitterheimvegen

  • Krossbu/Smørstadbreen

Det finst 6 mindre informasjonstavler med plakat kring nasjonalparken og landskapsvernområdet, m.a, på Sognefjellet.


I tillegg bør setjast opp nasjonalparkinformasjon i Koldedalen (når P-plass er på plass), Bygdin/Torfinnsbu, Vargebakkane, Bessheim, Heimsand/Russdalen. Storleiken og omfanget må vurderast konkret.
Fleire organisasjonar/etatar bør samarbeide om dei større tavlene slik at informasjonen om fjellet kan samlast. Informasjonstavlene bør plasserast ved sentrale innfallsportar utanfor verneområda. I tillegg bør det plasserast i tettstadene kring Jotunheimen og Utladalen, dvs. Lom, Skjolden, Øvre Årdal, Vang, Fagernes, Beitostølen, Vågå.
I samband med prosjektet Nasjonalparkriket i Nord-Gudbrandsdalen for å er det utarbeidd ein designmal for m.a. ulike informasjonstavler. Ein bør halde seg til Nasjonalparkriket sin design for informasjonstavler kring Jotunheimen. For den delen av nasjonalparken som grensar til Nord-Gudbrandsdal så vil det være eit krav at all informasjon ved innfallsportane er basert på info/skiltmalarbeidet til nasjonalparksatsinga (”Nasjonalparkriket”). Også på vestsida bør denne malen vurderast.
Berre unntaksvis bør tavler setjast opp inne i nasjonalparken. Stader det kan vere behov for å setje opp tavler, må vere samlingspunkt der det er andre inngrep og tilretteleggingstiltak frå før. Av aktuelle stader er bryggja ved Memurubu og bryggja ved Gjendebu.
Informasjonsplakaten for Jotunheimen nasjonalpark vart laga i ny og større utgåve i 2000. Det må lagast ny utgåve etter vedtak om nye verneforskrifter.
I eit avgrensa omfang kan det og vere aktuelt å setje opp noko informasjon i Utladalen landskapsvernområde i samband med kulturlandskapet i Utladalen.
Sommaren 1993 kom det ein ny informasjonsbrosjyre om nasjonalparken utarbeidd av Direktoratet for naturforvaltning. Brosjyren vart oppdatert i 2001. Ved revisjon av brosjyren bør det bli laga nye oppdaterte informasjonsplakatar til informasjonstavlene og til dei turisthyttene som ønskjer slike. Ny brosjyre om nasjonalparken vil bli utarbeidd av Direktoratet for naturforvaltning
Siste informasjonsbrosjyre om Utladalen landskapsvernområde er frå 1995.
Tavler/skilt og brosjyrar vil følgje Direktoratet for naturforvaltning sine malar og grafisk profil for verneområdet. Ein ser positivt på at andre aktørar samordnar seg, t.d. slik Nasjonalparkriktet har gjort.
Statens Kartverk (frå 2004 overteke av Ugland IT Group) har gjeve ut turkart over Jotunheimen i målestokk 1:100 000 og 1:50 000. På baksida av karta er det viktig og nyttig informasjon og natur, kultur og tilrettelegging for friluftsliv i området. Ugland IT Group har utgjeve kart over Galdhøpiggen og Besseggen i målestokk 1:25 000, med informasjon om natur og kultur på baksida. Også for Hurrngane er det utgjeve eit kart i målestokk 1:25 000.


7.1.2. Nasjonalparksentra

Med den store turiststraumen og alle dei brukarinteressene som finst i tilknyting til Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde, har informasjonssentra ei viktig oppgåve for å nå flest mogleg. Norsk Fjellmuseum i Lom, som vart opna 10. juni 1994, gjev informasjon om fjellet og bruken av fjellet frå gamalt av, og informerer dessutan om verneområda både i regionen og i heile landet. Det vil difor vere naturleg at hovudbasen for informasjon blir lagt til fjellmuseet. Her bør det vere informasjon både som oppslag, utstillingar og gjennom direkte publikumskontakt.




Nasjonalparksentra

I rapport 2005 –1 kom Direktoratet for naturforvaltning med policy og retningslinjer for miljøforvaltningen sitt samarbeid med nasjonalparksentra. I rapporten står det bl.a. at under føresetnad av at budsjettsituasjonen gjev rom for det, ønskjer DN å gi spesifiserte ekstratilskot. Grunntanken er at sentra som utfører fleire oppgåver i tråd med miljøforvaltninga sine intensjonar skal honorerast for det. I første omgang kan naturrettleiing vere aktuelt som grunnlag for denne type tilskot. Frå miljøforvaltninga si side er det ønskjeleg at nasjonalparksentrane stimulerer til friluftslivsaktivitet gjennom naturrettleiing, arrangerte turar, guiding, uteaktivitet for barn og unge osv. Intensjonen er at sentra som har eigen naturrettleiar eller guidetjeneste skal kunne pårekne ei fast delfinansiering.






Norsk Fjellmuseum fekk i juli 1997 status som nasjonalparksenter, som eit av 6 sentra i landet. Det er Direktoratet for naturforvaltning som gjev godkjenning som nasjonalparksenter. Formålet med nasjonalparksentra er at dei skal vere ein sentral del av eit heilskapleg informasjonsarbeid kring nasjonalparken. Den kompetansen som etter kvart blir bygd opp i fjellmuseet vil også kunne styrke informasjonstilbodet ved andre senter og innfallsportar rundt verneområdet (t.d. gjennom infomasjonsbasar). Autorisasjonen som nasjonalparksenter vart fornya i 2007.
I rapport 2005 –1 gav DN med policy og retningslinjer for miljøforvaltningen sitt samarbeid med nasjonalparksentra. I rapporten står det m.a. at under føresetnad av at budsjettsituasjonen gjev rom for det, ønskjer DN å gi spesifiserte ekstratilskot. Grunntanken er at sentra som utfører fleire oppgåver i tråd med miljøforvaltninga sine intensjonar skal honorerast for det. I første omgang kan naturrettleiing vere aktuelt som grunnlag for denne type tilskot. Frå miljøforvaltninga si side er det ønskjeleg at nasjonalparksentrane stimulerer til friluftslivsaktivitet gjennom naturrettleiing, arrangerte turar, guiding, uteaktivitet for barn og unge osv. Intensjonen er at sentra som har eigen naturrettleiar eller guidetjeneste skal kunne pårekne ei fast delfinansiering.
Til fjellmuseet har det tidlegare vore knytt ei naturrettleiarstilling. Det bør vere ei fast stilling som informasjonskoordinator/informasjonsutviklar ved museet.
Utladalen Naturhus som er eit mindre informasjonssenter som ligg i Årdal, opna 21. mai 1998, og er no ei avdeling av Nasjonalparksenteret Norsk Fjellmuseum. Utladalen Naturhus ligg i Skåri like innafor Hjelle, som er hovudinnfallsporten til Utladalen landskapsvernområde. Utladalen landskapsvernområde med sine store verdiar innan natur og kultur vert vist på utstillinga. Sikring av bygningar, kulturlandskap og naturmiljø som viser tidlegare bruk av området, har vore gjennomført dei siste 10 åra i samsvar med godkjend skjøtselsplan for Heimre Utladalen (godkjend 1998), og Utladalen Naturhus har vore organisator av dette arbeidet. Utviklinga av naturhuset er eit samarbeid mellom nasjonalparktenesta (og seinare SNO) og stiftarane som er Årdal kommune, Hydro Årdal og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Stiftinga Utladalen Naturhus og Norsk Fjellmuseum har inngått ein samarbeidsavtale som gjer naturhuset til ei avdeling under Norsk Fjellmuseum.
Klokkarhaugen i Vang i Valdres vart opna i 2001, og inneheld forutan kontor for Statens naturoppsyn eit lite informasjonssenter om Jotunheimen nasjonalpark og andre verneområde i Vang
Jotunheimen blir stadig sterkare marknadsført som turmål for Beitostølen. Som reiselivsdestinasjon er Beitostølen i sterk vekst. Det derfor bør arbeidast vidare med å etablere eit mindre informasjonspunkt om nasjonalparken her.
Vurdert ut i frå behovet for informasjon om Jotunheimenområdet vil Norsk Fjellmuseum i Lom og informasjonssenteret i Årdal bli prioritert med omsynet til bruk av ressursar. Fylkesmannen ser det som mogleg å samordne informasjon for Jotunheimen nasjonalpark med andre verneområde i nærleiken som Reinheimen og det planlagte verneområdet i Breheimen – Mørkridsdalen, ved høvesvis Norsk Fjellmuseum og planar om eit informasjonsenter i Skjolden (i samfunnshuset Fjordstova), litt med Utladalen naturhus som modell.
Det meste av informasjonen om verneområda er det nasjonalparksentra, turistkontor, turisthytter og dei som driv føring og organiserte turar som står for. Den Norske Turistforening er ein viktig medspelar gjennom sitt kontor i Oslo. Det er viktig at informasjonen har god kvalitet.
Frå 2005 vert det i regi av Norsk Fjellmuseum i Lom, sett i gong eit prosjekt med å involvere reiselivsbedrifter og overnattingsstader kring Jotunheimen og Utladalen i informasjonsarbeidet for nasjonalparken og landskapsvernområdet. Målet har vore å heve kompetansen på betjeninga/infomedarbeidarar ved dei enkelte turisthyttene når det gjeld lokal kunnskap om fjell og ruter i nærleiken og om nasjonalparkvernet generelt.
Eit aktuelt informasjonstiltak kan vere at forvaltningsstyresmakta arrangerer fagsamlingar/ seminar i samarbeid med tilsynsutval og/eller informasjonssentra, både om verneområda generelt og om særlege fagemne. På samlingane/seminara vil ulike interesser frå lokalmiljøa vere velkomne til å ta del. Dei fire siste åra har slike samlingar vore arrangerte i Utladalen.
Som eit ledd i Direktoratet for naturforvaltning (DN) si satsing på arealvern/reiseliv/friluftsliv har DN to pilotprosjekt kalla ”Nasjonalparksentrene som kunnskaps-/ressurssenter overfor reiseliv og lokal miljøtilpassa næringsutvikling”. Pilotprosjektet består av to prosjekt som vert gjennomført ved to nasjonalparksentra. Gjennom prosjekta ønskjer DN å få utgreidd nasjonalparksentra si rolle og potensiale som kompetansesenter for reiselivet i høve til turistmessig bruk i tilknyting til verneområda.
DN har i 2005 gjeve tilskot til Norsk Fjellmuseum, i samarbeid med Utladalen Naturhus, å utgreie delprosjekta ”Utvikling av nasjonalparksenteret som kompetansesenter” og ”Utvikling av nasjonalparksenteret som informasjonssentral”. Prosjekta vert finansierte av DN.
Prosjektarbeidet ved Norsk Fjellmuseum starta vinteren 2004-2005, og det er bl.a utarbeidd ein ny informasjonsperm som har vore utplassert ved 35 reiselivsbedrifter og 6 turistinformasjonar rundt Jotunheimen og Utladalen sommeren 2005. Vidare er det gjennomført to ein-dagars kurs for reiselivsbedrifter i og rundt Jotunheimen. Arbeidet vert vidareført i 2006 og er blitt eit viktig bidrag i det totale informasjonsarbeidet for nasjonalparken. Permen er teken godt i mot av målgruppa, og bør oppdaterast jamnleg.

7.1.3. Internett

Internett vert ein stadig viktigare kanal for å formidle informasjon. Internettsider om Jotunheimen og Utladalen finst m.a. på fylkesmennene sine sider. Direktoratet for naturforvaltning har nasjonale sider for nasjonalparkar og store verneområde. Norsk Fjellmuseum og Utladalen Naturhus har også eigne sider som informerer om nasjonalparken og landskapsvernområdet, Kommunane har også informasjon om verneområde i deira kommune.


Det bør lagast ein felles internettportal for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde, der ein kan finne all relevant informasjon og nyhende frå områda, med link til relevante nettsider, t.d. kommunane, fylkesmennene og reiselivsbedrifter. Det vil vere ønskjeleg at Norsk Fjellmuseum er ansvarleg for ein slik felles nettportal.
Det er viktig at internettsider vert kontinuerleg oppdaterte og fornya.
Retningslinjer:

Gje informasjon om nasjonalparken og landskapsvernområdet til grunneigarar, lokalmiljøa, organisasjonar, brukarar av området og til dei som sjølve formidlar informasjon. Informasjon på skilt/ tavler og brosjyrar vil følgje Direktoratet for naturforvaltning sine skiltmalar og grafisk profil.
Samordna informasjon ved innfallsportane, i innhald og form, ta utgangspunkt i skiltmal for Nord-Gudbrandsdal; Nasjonalparkriket
Samarbeide med Norsk Fjellmuseum og kommunane om informasjon om nasjonalaparken og landskapsvernområdet
Det er viktig med god informasjon framfor forbod og restriksjonar
Tiltak:

- Lage og oppdatere informasjonsmateriell som brosjyrar, plakatar og lysbileteseriar.

- Setje opp og halde vedlike informasjonstavler

- Gi samordna informasjon til brukarar av området

- Utvikle samarbeidet med andre aktuelle lag og organisasjonar med tanke på informasjon

- Samarbeide med Norsk Fjellmuseum og Utladalen Naturhus om ymse informasjonsmateriell, temahefte og aktiv informasjon. Utvikle Klokkarhaugen som informasjonssenter



- Halde seminar for dei som formidlar informasjon om og i området (samarbeid Norsk Fjellmuseum

- Utarbeide gode internettsider om nasjonalparken og landskapsvernområdet

- Utvikle felles nettportal for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde (v/ Norsk Fjellmuserum)




1   ...   6   7   8   9   10   11   12   13   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət