Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə8/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   4   5   6   7   8   9   10   11   ...   30

5.2. OMRÅDE SOM GRENSAR TIL VERNEOMRÅDA

Område som grensar til verneområda er ikkje ein del av forvaltningsplanen fordi dei ligg utanfor verneområda. Areala her vert forvalta av kommunane som ansvarleg styresmakt etter plan- og bygningslova (PBL). Areala i tilgrensande område til verneområda i nasjonalparken er likevel viktige i høve til sjølve verneområdet og forvaltninga av desse. Her er oftast store naturkvalitetar, og områda er innfallsportar til nasjonalparken og landskapsvernområdet. Større utbyggingar og inngrep tett opp til vernegrensa kan føre til at verneområda blir utsette for uheldige påverknad som slitasje, støy og uro. Det at eit område har fått vernestatus gjev og signal om forvaltninga av dei areala som grenser til.


Det er difor viktig at område som grensar til ein nasjonalpark vert sikra ei heilskapleg, langsiktig og forsvarleg forvaltning av kommunane gjennom aktiv bruk av dei verkemidla som finst i plan- og bygningslova (PBL).
Fylkeskommunen og fylkesmannen har eit overordna planansvar i høve til plan- og bygningslova, dvs. sjå til at kommunane si arealplanlegging er i samsvar med nasjonale og regionale mål og retningslinjer. Fylkesmennene oppmodar at kommunane i sine vedtak som gjeld desse områda tek særlege omsyn til verneområda. Ved utarbeiding og rullering av kommuneplanar vil det vere ei sentral oppgåve å koma med meir konkrete og faglege tilrådingar til kommunane med tanke på planprosessane etter plan- og bygningslova. Fylkesmannen kan kome med motsegn til planar og vedtak i kommunane dersom dei er uakseptable i høve til verneområda.
Generelt bør ein vere varsam med bygging av landbruksvegar og andre varige inngrep i område som grensar til verneområda. Det bør stillast strenge krav til utforming og landskapstilpassing ved eventuelle tiltak og inngrep.
Både Rv 55 over Sognefjellet og Rv 51 over Valdresflya er nasjonale turistveger. Her har Statens vegvesen satsa spesielt på tilrettelegging for turistar med rasteplassar, P-plassar og informasjon om verneområda, kulturhistorie og andre interessante attraksjonar, og med gjennomført stilreint design og materialbruk.


6. SONEINNDELING AV JOTUNHEIMEN NASJONALPARK OG UTLADALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE




6.1. KATEGORIAR FOR SONEINNDELING

I ein forvaltningsplan der ein skal ta vare på verneformålet samstundes som ein skal leggje til rette for bruk som let seg sameine med dette formålet, er det føremålstenleg å dele verneområda inn i soner. For dei enkelte sonene vert det laga eigne strategiar og retningslinjer som skal vere med på å sjå til at måla blir nådd. Vern av naturmiljøet (landskap og biologisk mangfald) er likevel overordna for alle sonene, og verneforskriftene er dei same for heile området. Det er praktiseringa av verneforskriftene som vil variere mellom dei ulike sonene. Sonene kan igjen delast i teigar med særskilte retningslinjer.


I forvaltninga av nasjonalparkar i Noreg blir desse sonene nytta:
Vernesone

Som oftast er dette villmarksprega område der naturvernomsyn skal vere overordna andre interesser. Her er det få spor av nyare inngrep, og det er ønskjeleg i framtida å halde områda utan inngrep. Merking av stiar og bygging av(turist-/ turlags-) hytter vil ikkje bli tillate her. Evt. tilrettelegging vil berre bli tillate der det er gamle ferdselvegar eller enkelt merkte stiar med noko ferdsel. Å ta vare på høvet til å oppleve urørt natur med naturene sine eigne lydar utan (motor)støy, eller å ivareta dei formene for friluftsliv som baserer seg på at det er tilgang på slike område, vil ofte vere ein viktig del av grunngjevinga for ei særleg streng forvaltning. Behovet for streng forvaltning gjeld sjølv om det er noko tilrettelegging i området. Å oppleve urørt natur vil vere ein viktig verdi for dei som ferdast i området. Det skal vere ein streng praksis i forhold til nye tiltak. Innan sona vild et bli stilt strenge krav til mest mogleg natur- og landskapstilpassing dersom det likevel blir gjeve løyve til eit tiltak. Der stiar utgjer gamle ferdselsvegar må kulturmiljøomsyn takast. Omlegging av stiar kan vere aktuelt for å skåne sårbare naturverdiar. I utgangspunktet bør denne sona gjelde større areal. Det kan og markerast særskilt sårbare område innan sona. Område med urørt natur der naturen sine eigne prosessar skal gå mest mogleg upåverka, høyrer heime her. Eit godt døme er kjernområdet i ein nasjonalpark. Å kunne oppleve naturen sine eigne lydar og stillheit, utan (motor)støy er ein svært viktig kvalitet.


Brukssone

Dette er område der forsiktige tiltak, tilrettelegging og inngrep for det enkle friluftslivet kan tillatast, som merking av stiar og bygging av sjølvbetjente/ubetjente turlagshytter innafor eit planlagt rutenett. Hytter og stølar med og utan drift kan liggje i denne sona. Det same gjeld område der det er opna for hogst, og enkle tiltak i tilknyting til reindrift og husdyrbeite. Sona kan bli nytta til både mindre og større areal. I samband med tyngre tilrettelagde stiar, kjerrvegar, køyretrasear, gjerde og liknande, kan sona ugjere ein smal tarm gjennom landskapet. Det kan også vere aktuelt å opne for bestemte tiltak og aktivitetar med spesielle behov, og samstundes vere restriktiv overfor andre interesser. Eit døme er at ein vil opne for drift av setre for å ivareta verdiane i kulturmiljø og landskap, men ikkje for andre tiltak som kan redusere verneverdiane eller vanskeleggjere drifta. Uttak av skogsvirke og brensel som vert tillate etter ein godkjent plan, er eit døme. Også sentrale innfallsportar til verneområda, beiteområde for bufe/tamrein og lett tilgjengelege turmål er døme på brukssone. Omsyn som slitestyrke på vegetasjon og særlege verneverdiar må vurderast. Naturbasert turisme er mogleg så lenge det gjeld ferdsel som ikkje fører til nye inngrep og tilretteleggingstiltak.


Sone med spesiell tilrettelegging og inngrep

Dette gjeld område der ein kan leggje forholda spesielt til rette for ferdsel og kan opne for spesielle tiltak knytt til reiseliv, reindrift m.m.. Område der det er gjort store tekniske inngrep, t.d. regulerte vatn, høyrer med i denne sona. Oftast utgjer sona mindre område av heilt spesiell interesse for tilrettelegging eller tiltak.



1   ...   4   5   6   7   8   9   10   11   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət