Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə11/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   7   8   9   10   11   12   13   14   ...   30

7. 2. KULTURMINNE OG KULTURLANDSKAP

Nasjonalparkar er oppretta og avgrensa ut frå eit hovudformål om å ta vare på naturmiljøet. Men naturvernlova (§ 3) slår fast at i nasjonalparkar (skal) «landskapet med planter, dyreliv og natur- og kulturminne skal vernes mot utbygging, anlegg, forurensing og andre inngrep» Sikring av kulturminne er dermed eit vesentleg motiv for oppretting av nasjonalparkar, og vil vere ein viktig premiss for forvaltninga. Gjennom kulturminnelova er alle kulturminne eldre enn år 1537 automatisk freda (for samiske kulturminne er grensa sett til 100 år). Kulturminne er ein del av verneformålet både for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde i framlegget til verneforskriftar.


Kulturminne kan grupperast slik:

 busetnadsspor: Stort spenn og store variasjonar

 næringsgrunnlag: Steinbrot, fangstanlegg, dyregraver, anlegg i samband med tradisjonell reindrift, og spor og anlegg etter skogsdrift og fløting frå tidlegare tider

 religiøse minne: Menneskegraver, magiske stader, sagnstader, offerplassar



 kommunikasjon/samferdsel: Gamle vegar, bruer (ofte stein), brygger, gamle sti-far
Stadforståing er tilnærmingsmåten kulturminnestyresmaktene tilrår i forvaltninga av kulturminne. Stadforståing inneber å prøve å sjå heilskapen og i kva for samanheng eit kulturminne finst.
Ut frå det faktum at det i nesten alle naturområde i Noreg finst spor etter tidlegare menneskeleg aktivitet, er det naudsynt med ei medveten haldning til både automatisk freda kulturminne og til kulturminne frå nyare tid i nasjonalparkane. For nyare kulturminne vil ein til tider stå overfor spørsmålet om vern eller riving/fjerning.
Vern av kulturminne innafor nasjonalparkar og landskapsvernområde inneber vern av heile kulturmiljøet kring desse, og vil vere verdfulle tilskot til det generelle kulturvernarbeidet. Kulturminne i naturvernområde står i ei særstilling i høve til kulturminne andre stader. Det kjem at av overalt elles møter vi kulturspor frå vår tid - det er ein overrepresentasjon av inngrep/spor av desse - og dei dominerer. I dag er heilskaplege intakte landskapsrom ein mangelvare, medan i naturvernområde vil nye inngrep kunne unngåast. Kulturminne i nasjonalparkar vert dermed framtidas referanseområde sett t.d. i eit 200 års perspektiv. Dette må også få konsekvens for forvaltninga av kulturminne når det gjeld tilrettelegging, skilting, kartfesting m.m.. Det er i større grad utanfor enn innanfor verneområda det skal tilretteleggjast og informerast om kulturminne. I verneområda kan i staden kulturminna vere der, utan at dei blir fokusert på som stader alle skal vitje.
Med framlegg til ny verneforskrift er vern av kulturminne kome inn som eit av verneformåla for Jotunheimen nasjonalpark. Ansvar for kulturminne har tidlegare likevel gått fram av naturvernlova §3. For landskapsvernområdet er naturmiljøet med kulturminne/ kulturlandskap framheva som verneformål i verneforskrifta. Jf. også at i kulturminnelova og er kulturminne frå før 1537 automatisk freda, og det same gjeld bygningar eldre enn 1649.
Mange av kulturminna og kulturlandskapet som er innanfor verneområda vil det vere eit mål å sikra og/eller halde ved like. Dei fortel om samspelet mellom menneske og natur og gjer områda rikare. Registrering og tiltak for å ta vare på kulturminne og kulturlandskap krev særleg kompetanse og ofte store ressursar. Slike tiltak føreset eit nært samarbeide med Riksantikvaren/fylkeskonservatorane og forskingsmiljøa.
Fylkesmannen i Oppland har i samarbeid med fylkeskonservatoren i Oppland sett i gong eit prosjekt på registrering og kartfesting av kulturminne i verneområde til ein database (2005). Eit liknande prosjekt bør setjast i gong på vestsida av verneområda. Det er viktig å kartleggje alle kulturminne i verneområda, og det bør difor lagast ein samla kulturminneplan for verneområda i Jotunheimen, som vert følgt opp med midlar til viktige prosjekt.
For nokre nyare anlegg eller konstruksjonar må ein vurdere om dei skal sjåast på som kulturminne ut i frå at dei fortel om tidlegare bruk av områda, eller om dei skal endrast av estetiske grunnar, eller om dei skal fjernast fordi dei bør vurderast som avfall. Bygningar som kan ha historisk og/eller kulturell verdi kan berre rivast etter samråd med forvaltningsstyresmakta.
Det bør vere eigarane sitt ansvar at bygningar med særlege bygningskvalitetar blir haldne i hevd. Forvaltningsstyresmaktene har i tillegg til handheving av verneforskrifta eit ansvar i høve til rådgjeving og kanalisering av økonomiske midlar.
Det mest særprega og varierte kulturlandskapet og dei fleste kulturminna finst i sjølve Utladalen med nokre av sidedalane.
I skjøtselsplanen for Heimre Utladalen (1998) er ivaretaking av kulturminne og kulturlandskap sentralt. Arbeid med sikring av kulturminne og kulturlandskap har pågått i Utladalen i fleire år ved stor dugnadsinnsats frå lokale lag/foreiningar og privatpersonar. Avdal Gard er eit godt døme på dette. Her har ein i dag restaurert alle bygningane som kunne restaurerast, og sett opp nye bygningar der dei var borte. Husmannsplassen Hagaberg som tilhøyrde Avdal Gard er og restaurert, og i 2005 starta arbeidet med å setje opp ny løe på Hagaberg. Med det er eit gamalt gardsbruk med hovudgard, seter og husmannsplass på plass att. Vetti gard og den særeigne løa der vart det i 1992 utført sikringsarbeid på, ytterlegare reparasjon vart gjort i 2000. Gravdalen seter er restaurert, og stølshusa i Hjelledalen er restaurerte/i ferd med å bli restaurerte. Store delar av det gamle kulturlandskapet i Utladalen, som var i ferd med å gro att, vert no kvart år skjøtta gjennom beiting, slått og lauving, m.a. i Avdalen. Arbeidet med skjøtsel og ivaretaking av kulturlandskapet i Utladalen bør også sjåast i samanheng med utvikling av ein berekraftig turisme i området. Planen bør reviderast og evt. utvidast til å omfatta øvre delar av Utladalen.
For Gjendebuområdet vart det utarbeidd ein eigen skjøtselsplan i 2001. Tiltaksdelen vart revidert saman med dei involverte partane i 2003. Sentrale problemstillingar og mål for arbeidet er:

  • Generell opprydning og transport av avfall og overskotsmateriell ut av nasjonalparken (utført i 2004)

  • Kartlegging av biologisk mangfald og forslag til skjøtselstiltak (utført, Miljøfagleg utredning 2005).

  • Slått av setervolden (utførast årleg rundt 15, august)

  • Tynning og rydding av bjørkeskog – mål: gjenskape det opne landskapet slik det var rundt 1970.

  • Arbeide for å innføre beitedyr i området – dette er eit særlig viktig punkt får å kunne ivare ta de ope beiteprega landskapet med verifullt biologisk mangfald.

  • Skjøtsel, bevaring og restaurering av kulturminna i området

  • Tiltak i høve til Gjendebu turisthytte (det meste utført i 2004 og 2005)

  • Tilrettelegging av stier

  • Informasjon – natur og kultursti.

Fylkesmannen er ansvarleg for planen. Tiltak som gjeld skjøtselstiltak i høve til vegetasjon, ferdsel og informasjon vert styrt av Statens naturoppsyn. DNT er ansvarleg for tiltak i høve til bygningar og kulturminna knytte til turistbedrifta i området. Alt arbeid med kulturminna skal avklarast med fylkesantikvaren og fylkesmannen.


I verneområda er det fleire gamle fangstanlegg og jaktbuer. Hellarar, som i tillegg til jakt har vore brukt som ly mot uver, er det fleire av. Arbeidet med å setje i stand Stor-Hilleren i Storutladalen, som er ein særmerkt hellar, vart fullført i 1997. Steinbua under toppen av Surtningssui (ca. 2200moh) er omsøkt restaurert av eigar.

Tiltak som tek vare på kulturminna er oftast positive. Dersom det framleis hadde vore setring etter eldre driftsmåtar på dei gamle stølane ville dette på mange måtar ha gjort områda rikare på opplevingar. Moderne landbruksdrift kan medføre uheldige inngrep som til dømes vegbygging. Dersom slike og liknande inngrep er naudsynte for å gjennomføre skjøtsel, er attgroing og naturtilstanden å føretrekkje. Det kan vere aktuelt med bruk av enkel motorgåande reiskap, til dømes slåmaskin, i arbeidet med å halde kulturlandskapet ved like. Kva for reiskap som skal nyttast må vurderast heilskapleg i høve til m.a. nærleik til veg.


Det bør innførast rutinar for fortløpande registrering av kulturminne i feltarbeidet. Framleis er det kulturminne som ikkje er registrerte i verneområda. Det må samstundes lagast rutinar som hindrar at registreringane blir misbrukte, med påfølgjande uønskt press på kulturminna.
Gjennom vidare samarbeid og oppfølging bør ein koma fram til klare retningslinjer for handtering av kulturminne, særleg ustabile kulturminne, det vil seie kulturminne som er utsett for relativt rask endring og forfall. I nasjonalparken vil ein i større grad enn elles tillate at naturen går sin gang med omsyn til naturtilstanden. Attgroing av kulturminne vil ikkje alltid innebere forfall, men at kulturminna får eit vernande lag med vegetasjon over seg.
Naturlandskapet som er utan særlege spor etter folk er ikkje aktuelt for skjøtsel korkje i nasjonalparken eller landskapsvernområdet. Der naturen har utvikla seg utan menneskeleg påverknad bør dette halde fram.

Retningslinjer:

Ta vare på verdfulle kulturminne og verdfullt kulturlandskap og bygningsmiljø i verneområda.
Uheldige/skjemmande inngrep skal vurderast om dei skal reparerast eller om det beste er å la naturen gå sin gang.
All forvaltning av kulturminne skal skje i samarbeid med kulturavdelinga i fylkeskommunen. Skjøtsel av kulturlandskap skal skje i samarbeid med kommunane og landbruksavdelinga hos fylkesmannen.
Tiltak:

- Utarbeide ein kulturminneplan for verneområda

- Gjennomføre kontinuerlege registreringar av kulturminne i samarbeid med andre personar og institusjonar med koordinatfesting

- Utvikle samarbeid med fylkeskonservatorane, forskingsmiljø, skular og lokalpersonar om arbeid som vedkjem kulturlandskap, bygningsmiljø og kulturminne.

- Heve kompetansen m.o.t. kulturminne og kulturlandskap.

- Ta del i sikring av kulturminne i samarbeid med andre, jf. lokalkunnskap.

1   ...   7   8   9   10   11   12   13   14   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət