Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə12/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   8   9   10   11   12   13   14   15   ...   30

7.3. Å TA VARE PÅ NATURVERDIANE

Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde har store naturkvalitetar/verdiar som det er viktig å t vare på for framtidige generasjonar. Hovudformålet i dei to verneområda er å ta vare naturkvalitetane i områda. Jotunheimen er eit heilt sentralt område med tilnærma urørt natur i Noreg, og er eit område der folk frå heile Noreg og utlandet kjem for å drive friluftsliv og få seg naturopplevingar som varer livet ut. For å ta vare på desse kvalitetane vil det vere avgjerande at ein i framtida klarer å halde område der det ikkje er inngrep frå før, fri for nye inngrep.


Noreg har eit særleg og internasjonalt ansvar for villreinen og ivaretaking av deira leveområde. I ”Villrein og Samfunn” (NINA 2004) er det gjort ein gjennomgang av alle villreinområda i landet. Den stamma som høyrer til Jotunheimen er klassifisert på tredje nivå etter dei nasjonalt viktige villreinområdene og dei såkalla europeiske villreinregionane. Denne rådgivingsgruppa presiserer betydninga av å ta vare på alle våre villreinområde. For å få det til, vil det vere naudsynt med meir kunnskap om villreinen, og det bør setjast i gang registrering og kartfesting av villreinen sine trekkvegar og bruk av området. Vidareutvikling av turstinettet må ta omsyn til villreinen, og det inneber at villreinnemndene skal involverast før saker som berører villreinen, som t.d. godkjenning av turstiar.
For å redusere ferdsla i sårbare område er kanalisering av ferdsla til mindre sårbare område gjennom merking av stiar og markering av innfallsportane og kor ein sti startar viktig. Vardar og T-merking av stiar har lang tradisjon i Noreg og i Jotunheimen, og har store føremoner både i høve naturen og tryggleiken for fotturistane, særleg dei mindre røynde. T-merkte stiar bør såleis leggjast utanom område med sårbar flora og fauna, som t.d. rovfugl.
Stiar oppstår gjennom trakk som fører til at vegetasjonen endrar seg og blir borte ved mykje trakk. Regnvatn som renn i stiane kan føre til erosjon og skade på stiane, til og med større sår i landskapet. I våte parti, som t.d. myr kan trakk føre til reine sumpen over tid. Der ein har særleg store problem med erosjon og trakkslitasje, er det naudsynt med tiltak for å hindre og evt. reparere skade. Det kan gjerast gjennom utlegging av trematerialar, ved bruk av stein o.a. Den norske turistforening har lang erfaring med dette. Den mest omfattande stireparasjonen i Jotunheimen til no er prosjektet på stien over Besseggen.
Informasjon har ein viktig funksjon for å ivareta naturverdiar. Ved informasjon kan ein nå ut til viktige brukargrupper med kunnskap både om naturen og om korleis ein skal oppføre seg og om moglegheitene som finst for naturopplevingar. Ein bør leggje vekt på positiv informasjon, sjølv om vernereglane inneheld forbod.
Retningslinjer:

Ta vare på naturverdiane i verneområda på kort og lang sikt
Tiltak:

Følgje med endringar i naturtilhøva som følgje av bruken, og evt kome med framlegg til tiltak.

7.4. REPARASJON AV INNGREP

Både i nasjonalparken og i landskapsvernområdet er det fleire stader der det har vore vasskraftutbygging, m.a. Fortun og Tyinutbyggingane på 1950- og 60-talet. Årdal- og Sunndal Verk AS var utbyggjar. Anlegga er no overtekne av Hydro. Ein finn gamle anleggstippar og andre uheldige forhold etter kraftutbygging som gamle køyrespor følgjande stader



  • i Gravdalen (dam)

  • Gravdalsvegen

  • i Raudalen (steintipp med erosjon og køyrespor)

  • i Skogadalen opp mot Øvre Mjølkedalen (steintipp)

  • i Fleskedalen (steintipp og underjordisk inngang i betong)

  • strandlinja ved Koldedalsvatnet (steintipp)

  • langs Koldedalsvegen (utanfor verneområde, grusuttak)

  • lagra slammasser ved Styggebrevatnet (uttak kvart 10.-15. år)

  • alt vatn i ovannemnde vassinntak vert nytta i kraftproduksjon (det vart ikkje sett krav om minstevassføring, og inntaket utgjer kring 88% av naturleg tilsig på årsbasis)




Dam i Gravdalen

Desse tilhøva har vore utgangspunkt for ein handlingsplan for å reparere uheldige inngrep. Med revisjon av forvaltningsplanen er det nærliggjande å vurdere desse tilhøva her.


I 2000 og 2001 var det fleire synfaringar til dei aktuelle staden. Ein fann at revegetering til ein viss grad skjedde, men at revegeteringa burde ha kome lenger. Å skyve på masser for at dei skal få ei betre form er problematisk, fordi tippane då igjen vert store skinande sår i landskapet.
Det er no gått nærare 50 år sidan kraftutbygginga i Utladalen. Når det har gått så mange år og ein ser korleis det ser ut i dag, blir spørsmålet om det bør gjerast noko, t.d. for å hjelpe prosessane til å gå litt fortare. Spørsmålet er også om landskapspleie vil utgjere eit nytt inngrep. Då er tidsperspektivet viktig. Det er betre å sjå landskapspleia i eit lengre perspektiv som 20-25 år enn å bruke metodar som gjev rask effekt, men ei dårlegare løysing. Det er landskapsestetiske omsyn som bør prioriterast, og verkemiddela ein nyttar må vere mest mogleg i samsvar med naturleg biologi.. Det er viktig å få bort inntrykket av ”nye store tippar”. (med andre ord går dei naturlege prosessane for seint – lite naturleg revegetering har skjedd på 40 – 50 år). Det vil vere viktig å halde på inntrykket idag, dvs. opplevinga av landskapet. Tiltaka må såleis ikkje skje i strid med omsynet til naturmiljøet elles og intensjonar og føresegner knytt til verneområda. Berørte område ligg anten i nasjonalpark/landskapsvernområde eller i det ein kan kalle bufferområdet for verneområda. Dette stiller særlege krav til kvalitet og gjennomføring på tiltaka.
På anleggstippane kan det vere aktuelt med landskapspleie. Mest aktuelt er å gjennomføre vegetasjonfremjande tiltak som å tilføre vekstsubstrat, som vil gjere det lettare for planter som finst i området å etablere seg naturleg. I heilt spesielle tilfelle kan ny utforming av delar av steintippar vere aktuelt. Der vegetasjon har starta etablering på tippane bør ein unngå masseflyttingar. Det er ei dårleg løysing å så framand gras her på tippar for å dekkje over inngrep, m.a. fordi den irrgørne fargen bryt med omgjevnadene.
Ved Styggebrevatnet (i nasjonalparken) vart slammassar tekne ut og lagra første gong på først del av 1980-talet. Desse massane ligg delvis innafor nasjonalparken, dels utafor. Ved siste uttak i 1996 vart massane lagra utafor nasjonalparken, på ein stad der det mogleg å lagre også seinare uttak. Massane frå midt på 1980-talet har fått noko vegetasjon, og bør liggje i fred når dei no har fått utforming og noko farge frå vegetasjon (lav), noko som gjer at desse massane no ikkje syner altfor godt att i landskapet.
Betongkonstruksjonar (dammur, vassinntak o.l.) bør skjulast gjennom bruk av jord, naturstein og evt materialar i tre.
Andre uheldige inngrep i landskapet som vegar bør i størst mogleg grad tilstellast slik at dei vert minst mogleg skjemmande. Vegane i Koldedalen, Gravdalen og Glitterheim er døme på slike uheldige inngrep med dårleg landskapstilpassing..
Gravdalsvegen som går frå Leirvassbu og inn i Jotunheimen nasjonalpark til Gravdalsdammen, ca. 9 km i alt, er særleg dei første 4-5 kilometrane frå Leirvassbu (dei 2 første km utanfor nasjonalparken) framleis nærare 50 år etter bygging eit skjemmande inngrep i landskapet. Dei første 4-5 km av vegen bør stellast til, t.d. ved å tilføre eit tynt lag (1-2 cm) med masse som tilsåast med 1-årig gras og som så får naturleg vegetasjon. Vegen vert brukt i samband med vedlikehald av dammen i Gravdalen (noko som ikkje skjer kvart år), og vil likevel kunne nyttast. Vedlikehald av dammen i Gravdalen bør då skje ved bruk av helikopter. Å få vegen til å framstå meir som ein god sti vil vere ein svært stor gevinst i høve til naturkvalitetane i området. Tilstelling av Gravdalsvegen bør følgjast opp som eit eige prosjekt i samarbeid med Hydro, grunneigarane og kommunen.
Vegkantane på Koldedalsvegen og Glitterheimsvegen kan med fordel stellast til med tilføring av eit tynt jordlag for naturleg revegetering. Dette vil gjere vegane langt mindre dominerande i landskapet.
Hydro fekk i 2001 konsesjon for bygging av Nye Tyin kraftverk, og samstundes vart konsesjonen for det gamle Tyin kraftverk fornya. I konsesjonsvilkåra ligg att det skal vere ein full gjennomgang av alle anlegg i det gamle kraftverket for å sjå på korleis desse skal stellast til. Denne gjennomgangen er enno ikkje gjort, men ein slik gjennomgang vil bli gjort saman med kommunane, NVE og fylkesmannen.
Rivinga av telefonlinja ned Veslådalen til Gjendebu i Den Norske Turistforening sin regi i 1994 er eit positivt døme på opprydding etter tidlegare inngrep. Der var og sjølve gjennomføringa av arbeidet utført på ein fin måte.
Retningslinjer:

Uheldige/skjemmande inngrep skal vurderast om dei skal reparerast/stellast/fjernast eller om det beste er å la naturen gå sin gang.
Tiltak:

Undersøke om uheldige inngrep bør/kan reparerast/stellast/fjernast, m.a. Gravdalsvegen
Gjennomføre reparasjon/tilstelling/fjerning og andre tiltak som vegetasjonspleie av tippar, vegar og andre uheldige inngrep i verneområda. Dette skal skje i samarbeid med berørte partar, somgrunneigarane, kommunane, Hydro og NVE.

1   ...   8   9   10   11   12   13   14   15   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət