Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə4/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   30

2.4. JOTUNHEIMEN NASJONALPARK OG UTLADALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - FORVALTNINGSPLAN

Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde eit område med store natur- og verneverdiar. Det er eit av fjellområda i Noreg som er mest nytta i samband med friluftsliv med fleire av dei mest etterspurde turmåla i landet. Det er mange ulike brukarinteresser knytt til områda, og fleire nye er i ferd med å koma.


Auka bruk av områda og at det i aukande grad kjem ønskje om meir utradisjonelle måtar å nytta områda på, gjer det stadig viktigare med ein forvaltningsplan. Utviklinga gjer det naudsynt med ei meir aktiv forvaltning dersom verneformålet skal kunne haldast vedlike og sikrast. Utan ein samla forvaltningsstrategi for områda, kan m.a. viktige verneverdiar kome i fare, og sider ved det tradisjonelle norske friluftslivet få vanskelegare kår.
Formålet med Jotunheimen nasjonalpark er (Kgl. res. i 1980) ”å verne eit vilt, eigenarta, vakkert og i stor grad urørt fjellandskap med geologiske førekomstar, dyre- og planteliv og kulturminne på overgangen mellom austlandsk og vestlandsk fjellnatur. Ålmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging. I nasjonalparken er det innafor ramma av vernereglane høve til å utøve landbruk, jakt og fiske, undervisning og forsking
I framlegget til ny verneforskrift heiter det at

formålet med nasjonalparken er å verne eit vilt, eigenarta, vakkert og i stor grad urørt fjellandskap med geologiske førekomstar, dyre- og planteliv og kulturminne på overgangen mellom austlandsk og vestlandsk fjellnatur.


Ålmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.
I nasjonalparken er det innafor ramma av vernereglane høve til å utøve landbruk, jakt og fiske, undervisning og forsking.”
Formålet med Utladalen landskapsvernområde er (Kgl. res. 1980) ”å verne eit vilt og vakkert vestlandslandskap med naturmiljø og kulturminne i tilknyting til Jotunheimen nasjonalpark, samstundes som områda skal kunne nyttast til landbruk, jakt og fiske. Ålmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging (framlegg til ny verneforskrift § 2).
I framlegget til ny verneforskrift heiter det at

Formålet med landskapsvernområdet er å verne eit vilt og vakkert vestlandslandskap med naturmiljø og kulturminne i tilknyting til Jotunheimen nasjonalpark, samstundes som områda skal kunne nyttast til landbruk, jakt og fiske.


Ålmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.”
Forvaltningsplanen bygger på verneforskrifta, røynsler forvaltningsstyresmakta sit inne med og meldingar frå brukarane etter at områda vart verna. Forvaltningsplanen er eit hjelpemiddel for å fremje verneformåla. Gjennom planen blir det lagt opp til ei praktisering av forskrifta som i eit langt tidsperspektiv skal vere med på å gje ei utvikling i samsvar med verneformålet. I tillegg til at planen skal gje retningslinjer, skal den vere eit hjelpemiddel i forvaltninga av områda. Den skal m.a. gje grunnlag for kontroll med arealdisponeringa og vere ein konkret rettleiar for forvaltningsstyresmakta, grunneigarar og andre brukarar i økologisk skjøtsel, bruk og tilrettelegging. Forvaltningsplanen vil og gje eit betre grunnlag for å samordne til dømes naturvern- og friluftsinteressene slik at ein unngår unødige konfliktar mellom desse. For å få med nye røynsler er det naudsynt at forvaltningsplanen blir ajourført med jamne mellomrom, t.d. kvart 10. år.


3. NATURFAGLEG OG HISTORISK BAKGRUNN




3.1. VERNEVERDIAR I JOTUNHEIMEN-OMRÅDET

I samband med diskusjonen om vern av Jotunheimen vart det lagt stor vekt på at området har nokre av dei mest typiske ville fjellformasjonane i Noreg med preg av både austlandsk og vestlandsk fjellnatur. Frodige, lågareliggjande dalar, særeigne vassdrag, ei mengd brear og dei høgste fjella i Nord-Europa finst her innafor eit relativt avgrensa område. Det er vitskapelege verneinteresser innan geologi, limnologi, botanikk og zoologi. I vest lever ein villreinstamme. I området finst kulturminne som skriv seg frå fangstfolket som følgde reinen da breane trekte seg attende, steinbuer, hustufter og fangstanlegg. Delar av Jotunheimen har stor verdi som beiteområde for tamrein og bufe. I Utladalen er det fleire nedlagde gardsbruk, stølar og husmannsplassar. Den tidlegare bruken av landskapsvernområdet gjer at det er eit særmerkt kulturlandskap der. Utlavassdraget vart varig verna mot kraftutbygging i 1986 i Verneplan III for vassdrag, og her renn Vettisfossen som er den 3. høgste fossen i landet (275 m fritt fall), og den høgste uregulerte fossen.


Friluftsliv og fotturisme i Jotunheimen tok til for omlag 150 år sidan. Å bevare området slik at det og i framtida kan vere triveleg å nytta til vanleg tradisjonelt friluftsliv og fotturisme var sentralt framme i diskusjonen om vern eller ikkje.

3.2. GEOGRAFISK UTBREIING OG EIGEDOMSTILHØVE

Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde ligg i kommunane Luster og Årdal i Sogn og fjordane fylke og kommunane Vang, Vågå og Lom i Oppland fylke.


Nasjonalparken har eit areal på omlag 1145 km2, medan arealet som utgjer landskapsvernområdet er på omlag 314 km2. Fordelinga av det samla vernearealet (1459 km2) på kommunar går fram frå figuren nedanfor.



Samla verneareal fordelt på kommunar.
Med unntak av eit mindre område i Vang kommune ligg heile nasjonalparken på statsgrunn. For landskapsvernområdet ligg omlag 56% på privat grunn og omlag 44% på statsgrunn. Kva for eigedomar verneområda omfattar, går fram av verneforskriftene i vedlegg nr. 2 og 3.


1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət