Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə17/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   13   14   15   16   17   18   19   20   ...   30

8.5.Tilrettelegging for ferdsel – merking av fotturruter



Generelt

Friluftsliv inngår som ein del av verneformålet fori Jotunheimen nasjonalpark og for Utladalen landskapsvernområde ved at ”Ålmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging” (framlegg til verneforskrifter § 2). I verneområda er det i dag lagt godt til rette for fjellvanding og skiturar. Dei fleste fotturrutene er godt T-merkte, og over fleire elver/bekkar er det bygd bruer/klopper. Hyttenettet er og godt utbygd både innanfor og utanfor verneområda. I ein avstand på omlag 5 km. frå verneområda er det i alt 12 turisthytter. Desse ligg ved sentrale innfallsportar til verneområda. Tilrettelegginga må ta strenge omsyn til naturkvalitetane og faunaen i området, som villreinen, jf. St.meld nr. 39 (2000-2001). Både for ekstensivt og intensivt friluftsliv bør dei aktuelle tilretteleggingstiltaka utførast med så små inngrep som mogleg, slik at naturpreget i Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde i størst mogleg grad blir halde ved lag.


Forvaltningsstyresmakta og oppsynet har i liten grad kapasitet til sjølve å stå for naudsynte tilretteleggingstiltak. Forvaltningsstyresmakta må konsentrere seg om ein strategi for kvar og korleis tilrettelegginga skal skje og informere grunneigarar, kommunar, organisasjonar og lag om dette. Merking og tilrettelegging i områda som grenser inntil verneområda bør og vurderast saman med det som er strategien for verneområda.
Den Norske Turistforening er har eit heilskapleg driftsopplegg for rute- og hyttenettet m.a. med tanke på å redusere eventuell belastning på naturmiljøet.
Vedlikehald av eksisterande stiar med merking, skilt, bruer og liknande er tillate (framlegg verneforskrift § 3.1.2b NP, § 3.1.2c LVO). Fylkesmannen kan gi løyve til merking av nye stiar, skilt, vegvisarpilar og bygging av bruer (framlegg verneforskrift § 3.1.3 NP og § 3.1.3 LVO)
Merking av fotturruter (T-merking, varding)

Turstiar kan vere både umerkte, varda eller merkte (varda + merke). I Jotunheimen er det dei T-merkte turrutene som dominerer.


Merking av stiar i eit område gjer området meir tilgjengeleg for folk flest, samstundes som det fungerer kanaliserande på ferdsla. Slitasjen vert såleis konsentrert og kan føre til slitasje- og erosjonsproblem, og fører til at naturen her vert mindre urørt, medan naturen rundt i liten grad vil bli påverka av ferdsla. Såleis kan merking av stiar føre til at ein sparar andre område for ferdsel. Merking av stiar er på den måten positivt og viktig for å få folk til å drive friluftsliv med å gå turar i fjellet. Særleg gjeld dette for folk som er lite røynde.
Den Norske Turistforening har med støtte frå og i samarbeid med Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning laga retningslinjer for merking av turruter (Merkeinstruksen, revidert fleire gonger). I retningslinene står det m.a. at merkinga ikkje må vere meir omfattande enn det som er absolutt naudsynt for ein sikker ferdsel. Vidare at enkelte område bør vere urørt slik at rutevalet blir overlate til fjellvandrarane sin eigen bruk av kart og fantasi. For sommarmerking er utgangspunktet at det er vardane som skal vise veg, og ikkje T-merkinga. T-merkinga skal vere ein «signatur». Tett markering med maling er ikkje føremålstenleg og er lite ønskjeleg. T-merking skal ikkje utførast på fast fjell. Merkeinstruksen skal bli lagt til grunn ved merking av stiar i verneområda i Jotunheimen.
Vedlikehald av eksisterande stiar med bruer, klopper, vardar, T-merking, skilt og vegvisarar kan halde fram så sant dette ikkje er i strid med retningslinjene for dei enkelte sonene. Forvaltningsstyresmakta skal gje løyve til nye turistruter og -løyper (jf. verneforskrifta § 3, 1.3e, for nasjonalparken og § 3, 1.3e for landskapsvernområdet). Merkinga av stiar kan fjernast dersom omsyn til naturmiljøet (t.d. villrein) tilseier det, jf verneforskrifta § 3, 5.5).
Vegvisarpilar skal ha nøktern utforming og til vanleg lagast i naturmateriale (tre, stein) og monterast på trestolpar. Det same bør vere hovudregelen for skilt. Skilt ute i naturen i verneområda som opplyser meir enn ein vegvisar, skal det som hovudregel vere minst mogleg av. Slike skilt kan det likevel vere ønskjeleg å setje opp både m.o.t. tryggleik og ved særskilte kulturminne. Eventuelle løyve i samband med oppsetting av skilt må vurderast i kvart enkelt høve. På sikt bør ein få til meir standariserte vegvisarar både på DNT sine merkte ruter og merking som skjer gjennom andre aktørar i tilknytning til nærområda for nasjonalparkane jfr. nasjonalparksatsinga ”Nasjonalparkriket”.
På blaute parti med stor slitasje, t.d. myrområde, har det vore nytta klopplegging av tre, sjå foto under
Klopplegging ved Bøverbreen i Lom. Foto: Odd Repp
I samband med forvaltningsplanen frå 1998 vart stiane gjennom Leirungsdalen og Midtmaradalen nedlagde som T-merkte stiar. Dette har etter forvaltninga sitt syn fungert godt.
Justering av rutenettet

Etter framlegget til nye verneforskrifter kan fylkesmannen av omsyn til naturmiljøet, (m.a.. villrein), reindrift, beiting, tryggleik og kulturminne leggje om eller krevje fjerna merking av stiar og løyve (framlegg ny verneforskrift § 3.5.5 NP og § 3.4.5 LVO). Dei rutene som forvaltningsstyresmakta går inn for kan haldast ved like med merking, er innteikna på kartet som ligg ved forvaltningsplanen (vedlegg 6). Alle stiane på forvaltningsplankartet er sentrale i turrutenettet, og i DNT si bok "Til fots i fjellet" er dei merkte turrutene nærare skildra. Det er ikkje aktuelt å leggje ned merkte stiar i verneområda.


Det har vore framme følgjande framlegg om nye merkte stiar og andre endringar sidan forvaltningsplanen vart godkjend i 1998:

  • Fjerne vegvisarpil til Vormeli (umerkt sti)

  • Oppgradering/betre markering av stien mellom Vormeli og opp Kyrkjestigen (i Utladalen)

  • T-merking mellom Rauddalen og Mjølkedalen (gamal rute som tidlegare var merkt)

  • Merking av stien parallelt med Glitterheimvegen

  • Varding av ny rute (sti i dag) rundt Bessvatnet til Besseggen

  • Merking av sti fram til utsiktspunktet under Vettisfossen

  • Omlegging av merkt sti forbi Russvasstunet

For områda vest for Utladøla der Vormeli ligg, er omsynet til villreinen avgjerande. Områda vest for Utladalen er eit viktig villreinområde, og fylkesmannen finn det ikkje rett å leggje til rette for meir ferdsel i dette området. Førespurnaden om meir merking i dette området er kome som følgje av meir ferdsel til Vormeli, og dermed vidare langs elva til Kyrkjestigen. Omsynet til villreinen var ein av grunnane til å fjerne merkinga gjennom Midtmaradalen. Det bør ikkje gjerast ytterlegare tilretteleggingstiltak i området, med to unntak. Vadestaden over Midtmaradøla vert markert med vardar for å leggje tilhøva til rette for at folk går i Midtmaradalen på same sida som stien (dvs. aust for elva), fordi det vil vere uheldig for villreinen med ferdsel på båe sider. Iinnsteget til Kyrkjestigen ovanfrå bør vere godt markert (varde om naudsynt) slik at stien er lett å finne her (umerkt sti). Stien opp Kyrkjestigen må markerast nedst fordi det har etablert seg ein ny sti her etter at mange har gått feil. Vi rår vidare til at ein fjernar vegvisarpilen til Vormeli ved stien mellom Skogadalsbøen og Vetti, slik at ferdsla ikkje aukar her. Vormeli bør vere ein bortgøymd perle for dei som vert godt kjende i Jotunheimen og Utladalen. Brua ved Vormeli over Utla er i god stand, men må ha tilsyn jamnleg. Dei 2 enkle bruene nede ved Utla mellom Vormeli og Kyrkjestigen kan skiftast ut dersom dei vert tekne av ras, men standarden skal ikkje aukast.


T-merkinga på stien mellom Rauddalen og Mjølkedalen vart fjerna for nokre år sidan av omsyn til villreinen. Villreinen har likevel ikkje vore aust for Utladalen på mange år. Fylkesmannen går difor inn for at denne stien kan T-merkast på vilkår av at merkinga vert fjerna igjen dersom villreinen byrjar nytte områda i nærleiken aust for Utladalen.
Merking av stien langs Glitterheimvegen (P-plass – Glitterheim) er aktuelt for å gjere fotturen inn til Glitterheim trivelegare. Stien er eit gamalt råk, og han vart varda opp av DNT i 2004. For å auke bruken av stien kan det vere aktuelt med vegvisarpil og/eller T-merking i tillegg.
DNT har søkt om merking av ny sti langs Bessvatnet. Det er aktuelt å gi løyve. Ein merkt sti her vil ha ein viktig funksjon på stinettet kring det mest nytta turområdet i nasjonalparken. På bakgrunn av den posisjonen Gjende og Besseggen har i reiselivssamanheng og signala frå sentrale styresmakter om auka reiselivssatsing i samband med nasjonalparkane, vil vi tilrå at stien T-merkast. Dette vil avlaste båttrafikken på Gjende og vil gje eit meir synleg alternativ for å gå ruta over Besseggen. Det er behov for særskilte tiltak på blaute parti og informasjon om beitedyr i område (problem med lause hundar). Men mange lokalt er mot merking av denne stien pga konflikt med beiteinteresser. Fylkesmannen er difor komen til at stien kan vardast for å få folk til å halde seg til ei rute. Stien vil då visast som umerkt sti på kart over området, slik det og er i dag.
Stien til Vettisfossen (sett nedanfrå) er viktig i reiselivssamanheng. Samstundes går den på ei strekning som er sterkt utsett for ras, slik at stien må vedlikehaldast ved å gravast ut i lausmassane kvart år. Det har synt seg at dette er den beste måten å løyse dette på. Ein bør truleg leggje til rett ved hjelp av steinmuring for å markere kor det beste utsiktspunktet for Vettisfossen nedanfrå er når ein kjem fram dit, dvs. der stien sluttar. Sett ovanfrå er det beste og tryggaste utsiktspunktet rampa som Morkagjengen har laga.
Stien forbi Russvasstunet ved enden av Russvatnet bør leggjast om utanfor sjølve tunet, både av omsyn til dei som brukar hyttene her og dei som går tur.
Dei seinare åra har det i enkelte område (t.d. på Veslefjellet) kome opp mange småvardar som ikkje har noko med turrutenettet å gjere. Småvardane verker forstyrrande i høve til naturmiljøet og kan gjere ei turrute vanskeleg å følgje. Slike småvardar bør difor rivast.
Bruer over elver langs T-merkte stiar er eit viktig tilretteleggings- og tryggleikstiltak. Pga meir ekstremt ver dei seinare åra har ein til tider større vassføring enn før. Friluftsliv i fjellet har dessutan tiltrekt seg nye brukargrupper som har mindre ferdigheiter i å krysse elvar.
Sikringstiltak for friluftslivet/ferdsel

Som hovudregel skal sikringstiltak for å lette ferdsla eller gjere ferdsla tryggare ikkje vere nokon praksis i verneområda, fordi dei utgjer varige inngrep, og fordi retten til fri ferdsel i utmark kviler på at ferdsla skjer på eiga ansvar. Det er valt å gjere unntak frå dette på to punkt på T-merkte stiar i nasjonalparken: kjetting på ”Vesleløyfti” på stien frå Besseggen ned til Gjendesheim (2005) og wire ved Bukkelegret (etablert før nasjonalparkvernet, men løyve til vedlikehald blir gjeve). Vesleløfti og Bukkelegret er svært profilerte og markedsførte turruter, delvis pga. tilretteleggingsnivået elles gjennom rutebåten på Gjende. På grunn av vanskegraden på noen punkt og omfanget av ferdsel er det valt å gje løyve til enkle sikringstiltak her. DNT er ansvarleg for vedlikehald av sikringstiltaka på desse to rutene. Det er fjerna wire/kjetting i Vesle-Utladalen og frå Midtmaradalen og opp på Bandet.


Store Skagastølstind (Storen) er av dei mest besøkte målet for alpin ferdsel i landet. Nokre meter under toppvarden på Store Skagastølstind er det ein nokså fast stad for rappellfeste ned til Hjørnet. Her har det også vore etterlate så mange slyngjer at at det grensar til forsøpling. Det har difor vore vurdert å setje opp eit fast rappellfeste her. Om mogleg bør ein unngå varige inngrep i fjellheimen og i nasjonalparkane. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane går difor inn for at det ikkje blir sett opp eit fast rapellfeste (borebolt) på Store Skagastølstind, men vil følgje situasjonen her. Det vil bli sett opp informasjon ved innfallsporten på Turtagrø om at alle må ta med seg gamle slyngjer som ein ikkje brukar. På ruta til Store Skagastølstind er det rot i vardinga over Skagastølsbu mot Hjørnet. SNO har sommaren 2004 og 2006 rive villvardar opp mot Hjørnet, og systematisert vardane på ryggen mellom Skagastølsbu og Hjørnet. Bakgrunnen er å betre tryggleiken m.a. i høve til steinsprang og kanalisere ferdsla til den tryggaste ruta.
Det vil vere viktig å ikkje senke terskelen for sikringstiltak, og fylkesmennene vil generelt vere restriktive med slike tiltak. Dette er også understreka av Direktoratet for naturforvaltning.

Retningslinjer:
Tilrettelegging for ferdsel skal ta strenge omsyn til naturverdiane. Merking av fotturruter skal følgje Merkeinstruksen (utarbeidd av DN og DNT). Vegvisarar skal vere nøkterne og lagast i naturmateriale. Det skal takast omsyn til fauna og flora ved merking av stiar. Bruer vil få løyve langs T-merkte stiar der dette er naudsynt. Bruer skal vere i diskret material- og fargeval og med ei utforming som gjer at dei går best mogleg inn i terrenget. Den som har løyve til merking og/eller oppsetting av bruer m.m., har også ansvar for tilsyn og vedlikehald av tiltaket.
Tiltak:

Sjå til at merking av stigar/turruter skjer etter det turrutenettet som finst i dag og etter nasjonale retningslinjer. Vidare sjå til at opparbeidde turruter og -løyper som kan vere til skade blir fjerna/lagt om. For nedlegging av ruter/ikkje oppattmerking av ruter sjå kap. 6.3.2. (Leirungsdalen, Midtmaradalen og Styggedalen).
Sjå til at tilrettelegginga skjer på rett måte og på rett stad.
Følgjande stiar kan merkast etter søknad:
• Oppgradering av merking og varding frå Vormeli opp Kyrkjestigen (i Utladalen)

T-merking mellom Rauddalen og Mjølkedalen (gamal rute som tidlegare var merkt)

Merking av stien parallelt med Glitterheimvegen

Merking av ny rute (sti i dag) rundt Bessvatnet til Besseggen

Merking av sti fram til utsiktspunktet under Vettisfossen
Vegvisarpil til Vormeli vert fjerna, og vadestad over Midtmaradøla skal vardast
Småvardar som ikkje har merkingsfunksjon (turistvardar), skal rivast

1   ...   13   14   15   16   17   18   19   20   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət