Ana səhifə

*Blomstringsvarsel* 10 -2013 (20. 9 ) Tromsø arktisk-alpine botaniske hage GÅ ikkje glipp av


Yüklə 1.21 Mb.
tarix24.06.2016
ölçüsü1.21 Mb.
*Blomstringsvarsel* 10 -2013 (20.9 - )

Tromsø arktisk-alpine botaniske hage

GÅ IKKJE GLIPP AV:



  1. Ein hovudattraksjon i Hagen no er alle rognebuskene. Dette gjeld især dei asiatiske artane med kvite bær. Biletet viser den kinesiske fjellrogna Sorbus koehneana som vi har mange stader i hagen. Oppe i Himalaya kan du sjå 5 ulike artar med kvite fruktar og eit-par med rosa. Haustfargen på blada er også svært dekorative, og dei er alle svært hardføre.




  1. No er det eigentleg tid for ’avblomstringsvarsel’, men det er masseblomstring i søtesamlinga enno. Kinasøta vil blomstre langt inn i oktober (sjølv om det kjem snø). Arten Gentiana ternifolia i Rhododendrondalen står no i knopp og vil i år truleg rekke å blomstre før vinteren sett inn.




  1. Tradisjonshagen. Her står mange høgstauder og blomstrer heilt til dei blir skore ned for høsten. Tigerlilja innsamla frå ein hage i Bodø blomstar fint denne hausten .




  1. Ei eng av sjølvsådd marokkansk torskemunn, Linaria maroccana,  saman med ein liten spesialitet,  Cotula socialis frå Sør-Afrika blomstrar enno for fullt i Afrika-samlinga.




  1. Fleire artar av storkenebb har lang blomstingstid gjennom sesongen, Geranium subcaulescens i Alpe-samlinga er kanskje den som blomstar lengst i botanisk hage.




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət