Ana səhifə

Forvaltningsplan for jotunheimen nasjonalpark


Yüklə 1.89 Mb.
səhifə22/30
tarix27.06.2016
ölçüsü1.89 Mb.
1   ...   18   19   20   21   22   23   24   25   ...   30

8.14. Avfall, ureining og støy

Etter framlegget til nye verneforskrifter for nasjonalparken (§ 3.7), i er all slags ureining og forsøpling av vassdrag og naturen elles er forbode. All bruk av kjemiske midlar som kan påverke naturmiljøet er forbode, og avfall skal takast med ut av området. Unødvendig støy er forbode, m.a. bruk av motordrive modellfly og modellbåt (framlegg verneforskrift § 3.6.3 NP). Tilsvarande reglar gjeld i landskapsvernområde (framlegg verneforskrift § 3.6).


At framlegget til nye forskrifter inneheld forbod mot unødvendig støy (m.a. motordrive modellfly og modellbåt) er viktig fordi naturen sine eigne lydar og stillheit er ein viktig del av naturmiljøet og for folk si natur- og friluftslivoppleving.
Fram til i dag har det vore relativt lite forsøpling frå vanlege turgåarar, og det er lite søppel langs dei mest brukte merkte stiane. Undersøkingar m.a. frå Besseggen syner likevel at langs stiar som tiltrekkjer meir urøynde turgåarar, vil det over tid samla seg noko søppel. Det er og registrert søppel ved mykje nytta teltplassar. Den største forsøplinga skjer likevel ved sentrale innfallsportar til verneområda og ved nokre av dei mest attraktive fiskevatna. I desse områda og langs dei mest nytta turrutene er det såleis naudsynt å gjennomføre årleg renovasjon. Ved nokre av dei mest sentrale innfallsportane bør det etter kvart vurderast å gjennomføre tiltak som reduserer forsøpling. Ved nasjonalparkgrensa på Glitterheimvegen vart slike tiltak gjennomført i 1996 og seinare. Der er det og opparbeidd ein enkel parkeringsplass med markering av yttergrensa for å unngå at plassen breier seg planlaust ut i terrenget.
Kommunen og den som driv turistverksemd i eit område har ansvar for å gjennomføre naudsynt opprydding (forureiningslova § 35). Då turistverksemdene tener på straumen av turistar, har dei eit større og forpliktande ansvar for renovasjon og opprydding, i samarbeid med offentlege styresmakter.
Det vil ikkje vere aktuelt å etablere ordningar med søppeltømmingsstader inne i verneområda. Det har vist seg at slike tiltak fører til opphoping av søppel. Der slike er etablert, bør dei fjernast. Regelen må vere at dei som besøker områda sjølve tek med søppelet ut.
Kring 30 000 fotturistar tek turen til Galdhøpiggen kvart år, der det også er kioskutsal. Fylkesmannen meiner turistbedrifta her har eit klart ansvar for å forhindre forsøpling her frå avfall og avtrede. Det seier seg sjølv at ein slik samlingsstad for så mange folk har behov for toalett. Fylkesmannen vil støtte økonomisk oppføring av eit toalett i tilknyting til hytta på Galdhøpiggen, men drifta av denne er bedrifta sitt ansvar i samarbeid med Lom kommune.
I nasjonalparken og landskapsvernområdet ligg det nokre stader att restar og avfall etter tidlegare verksemd. Det er eit viktig mål å fjerna alt slikt skrot. Dette finn ein særleg etter vasskraftutbygging og vêrstasjonen på Fannaråken. I landskapsvernområdet er det fleire bekkar/elver der det har vore vasskraftutbygging; her er det synkar (bekkeinntak), og ved nokre av dei ligg det skrot etter anleggstida. Også på/ved nokre anleggstippar ligg det skrot som bør ryddast opp. Hydro Energi i Årdal har dei seinare åra gjort ein god innsats med å rydde opp på og ved sine anlegg i landskapsvernområdet. Under Fannaråken vart det sommaren 2002 funne store mengder gamalt søppel frå den tida det var Metereologisk værstasjon på Fannaråken, m.a. vart det funne kring 80 tomme oljetønner. Dette vart i stor grad rydda opp i 2003 då snøsmeltinga var særleg stor. Det låg enno noko søppel att, og det meste av dette vart rydda i 2006 då det igjen var stor avsmelting. Området vil bli ettersett og evt. rydda igjen neste gong med stor snøsmelting om sommaren. Det har generelt vore veldig godt samarbeid og vilje til å rydde opp gamalt søppel i verneområda.
I 2004 vart det gjennomført ein stor ryddeaksjon på Gjendebu der større mengder avfall vart transportert ut av verneområdet. Det er behov for opprydning/utkjøring av avfall og overskotsmateriell på Memurubu og ved Hesttjønnet over Memurubu.
Den mest synlege ureininga i verneområda kjem frå fluorskader frå aluminiumsindustrien i Årdal, særleg frå kring midten av dette århundret. Landskapsbiletet i den heimre delen av Utladalen til og med delar av Vettismorki er mange stader spesielt pga av daud furuskog. Undersøkingar synte at i løpet av 80- og 90-talet oppnådde Hydro Aluminium Årdal vesentlege utsleppsreduksjonar, særleg med omsyn til fluoridar. Dette førte til ei betring av skadebiletet på vegetasjonen rundt verket i Årdal. I Utladalen er furuskogen i ferd med å etablere seg på nytt ved naturleg forynging. I 1990 vart noko av den daude skogen i Utladalen hogge ned (Furuhaugen ved Avdal). Det er ikkje ønskjeleg å hogga ned meir av den daude furuskogen. Utviklinga i høve til dette bør gå naturleg. Etter kvart vil ny naturleg furuskog ta over for den gamle.
Utladalen Naturhus gjev informasjon om tidlegare (luft-)ureining og betringa av situasjonen i Utladalen dei siste 15-20 åra. Etter ein konferanse i Årdal i 1990 vart det starta opp eit prosjekt for effektstudium av utslepp frå primæraluminiumsverk i Norge.
I 1987 vart store delar av områda forureina av radioaktivt nedfall frå Tsjernobyl. Forureininga syntest å vere størst i dei austlege områda av nasjonalparken. Etter 1987 er det utført årlege målingar av radioaktivitet i fisk, vilt, husdyr og beite. Det er meininga at slike årlege prøver skal halde fram. Målingane så langt syner raskare nedgang enn tidlegare rapportar synte. Dette er forureining som ikkje kan hindrast lokalt eller nasjonalt. Det er likevel viktig å følgje opp utviklinga slik at endringar kan registrerast og erfaringar bli hausta både i høve til sjølve naturtilstanden og i høve til brukarane av områda.
Bruk av dieselaggregat til drifta av turisthyttene gjev ureining, støy og motorisert transport av diesel. Ofte vil bruk av dieselaggregat vere den einaste aktuelle løysinga for produksjon av elektrisk straum. Nokre stader kan tilhøva ligge til rette for bruk av mikrokraftverk. Når tilhøva ligg til rette for det, bør dette alternativet bli utgreidd. Eventuelle søknader om bygging av mikrokraftverk må vurderast i kvart enkelt tilfelle i høve til verneformålet og i høve til akseptabel standard på turisthyttene jfr kap 8.2. For slike søknader vil forvaltningsstyresmakta ta kontakt med og samarbeida med Norges Vassdrags- og Energiverk.
Ved rydding av vegetasjon for å hindre attgroing kan det vere aktuelt å å gi løyve til stubbebehandling med kjemiske midlar for å hindre ny attgroing. Føresetnaden er at det skjer som eingongsbehandling i eit avgrensa omfang, og at skadeverknaden vurdert saman med nytten ikkje kjem i strid med formålet med vernet (jf verneforskrifta § 4 både nasjonalparken og landskapsvernområde). Det vil gjerne vere ein føresetnad at det ligg føre ein godkjend skjøtselsplan for området.
Mattilsynet kan påleggje turisthytter å bruke kjemiske middel i drikkevatn. Dette er ikkje ønskjeleg i verneområda, og fylkesmennene vil gå gjennom slike saker med Mattilsynet før eit evt. løyve.

Retningslinjer:

Minst mogleg avfall og forsøpling i og ved verneområda. Turistbedriftene har eige ansvar for transport av avfall/overskotsmatriell som følgjer av turistbedrifta si drift.

Tiltak:

- Ta initiativ overfor dei som har liggjande att restar frå tidlegare verksemd til å ta del i oppryddingsarbeid, om naudsynt gje pålegg.

- Ta initiativ overfor dei som i dag har verksemd i området til å rydde opp i eventuelt avfall, om naudsynt gje pålegg.

- Overvake områda m.o.t. avfall og eventuelt ta del i opprydding.

- Følgje med i registreringar og delta i registreringsarbeid som blir utført både m.o.t. kort- og langtransportert forureining.

- Følgje med på om det skjer unødvendig (motor)støy i verneområda

- Følgje med på framsmelting av søppel, m.a. under Fanaråken, og evt. rydde


1   ...   18   19   20   21   22   23   24   25   ...   30


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət