Ana səhifə

Randi Kristin Strand Med gardsnamnregister utarbeidd av Bjørn Austigard


Yüklə 6.38 Mb.
səhifə5/52
tarix25.06.2016
ölçüsü6.38 Mb.
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   52

Kva hende med matrikkelen?


All uroa og intrigane rundt matrikkelen enda såleis med at fruktene av det store arbeidet vart forkasta. Berre nyryddingsplassar som ikkje tidlegare var skyldsette, følgde matrikkelutkastet frå 1723. I tillegg vart nummereringa av matrikkelgardar i futedøme som tidlegare ikkje hadde nummerert gardane, teke i bruk. Resten av den reviderte matrikkelen hamna i arkivet til Rentekammeret der den vart ståande som ei lang rekke arkivprotokollar. Matrikkelen frå 1665 heldt fram som gjeldande skatteutlikningsgrunnlag i Noreg. Ny matrikkel vart ikkje utarbeidd før i 1838.

Kva kan vi finne i matrikkelen?


...den yderste Nødvendighed, baade for Kongen og Landet, med Tiden vil udkræve, at disse nu henlagde Matriculer uomgiengelig en Gang igien maa foretages, da de vel passerer med Berømmelse, naar Conjuncturerne blive anderledes...”

Frå udatert og usignert dokument om matrikkelen av 1723, truleg forfatta av bisp Deichman.69


Sjølv om matrikkelen frå 1723 aldri vart sett i verk har den likevel kome til heider og verdigheit i moderne tid. Matrikkelen, som ikkje lenger er interessant for styresmaktene, har derimot synt seg å vere eit oppkome for alle som er interessert i slektshistorie og lokalhistorie på gardsnivå. Den er også kjelde for 1700-talets økonomiske historie.

Kva opplysingar finn vi i matrikkelen? Matrikkelforarbeidet er samansett av to protokollseriar: Ein serie for undersøkingsresultata eller eksaminasjonen, og ein serie som inneheld matrikkelutkastet. For kvart futedøme finst det med andre ord ein eksaminasjonsprotokoll og ein matrikuleringsprotokoll.



Eksaminasjonsprotokollen


Eksaminasjonsprotokollen for Romsdal er på 508 sider. I denne finst opplysingane om einskildgardane frå dei lokale kommisjonane. I protokollen finn ein gardane samla åtting for åtting. For kvar åtting er nedskriven ei forklarande innleiing der mellom anna namna på dei som har teke del i registreringa av gardane er oppgitt. Deretter følgjer eit handskrive registreringsskjema som inneheld følgjande kolonneoverskrifter:

Nummer

GaardeNafne

Oppsidders Tal

Proprietaire og Bøxle Raadig

HuusmandsPladser

Skoug og Sætter

Qværn og Fiskerier

Situation og Beleilighed

Sæd

HøeAvling

Heste og Creature

Taxt efter gl: Matric:

Forhøyed

Aftaged
I denne protokollen er alle gardane nummererte. I tillegg til matrikkelnummer får vi for kvar gard vite namn og kor mange oppsitjarar/ brukarar der er. Vidare er oppgitt namn på gardeigar og kor stor del i garden han eller dei, om der er fleire, eig. Vi får vite om der er husmenn til garden og om dei har plass eller ikkje. Med dette er meint om dei disponerer jord eller berre sit på hustomta si. Under den neste kolonneoverskrifta er det oppført om garden har skog og seter. Kvar setra ligg og avstanden til gardstunet er ofte oppgitt. Under kvern og fiskeri er nedskrive talet på kverner og om det høyrer særskilte fiskerettar til garden. Det er vel då helst tenkt på rettar til laksefiske. Ordinært fiske er ikkje rekna med her. Til dømes står det ofte oppført på gardane ytst ute mot havet i Sund Åtting: ”intet fiskerie uden af det vilde hav.” ”Situasjon og beleilighed” inneheld ei skildring av garden: Kvar den er plassert, ei vurdering av kvaliteten på jorda samt kor egna den er til korn- og grasavl. Etter dette kjem ei vurdering av kor lett det er å drive jorda, og om der er muleg å rydde meir jord. Så får vi opplyst kornavlen som er oppgitt i kornslag og mengde, og vidare kor mange høylass garden gir. Deretter kjem dyretalet. Dyreslaga er gjerne, men ikkje alltid, oppført etter verdi slik at hest står først, deretter mjølkekyr, så ungdyr og til sist småfe, det vil seie sauer og geiter. Dei siste tre kolonnane gjeld taksten på garden; først taksten i den gamle matrikkelen deretter kor mykje taksten skal setjast anten opp eller ned. Under kvar gards oppgåver er eit felt der ”herligheder,” som laksevorper, sager og liknande innført og takserte. I dette feltet er også opplyst om garden har skattefritak av noko slag.

Matrikuleringsprotokollen


Matrikuleringsprotokollen er ikkje fullt så omfangsrik, men sjølve matrikkelutkastet er likevel på 332 sider. Det hanskrivne registreringsskjemaet registrerer gardane for kvar åtting og har kolonneoverskriftene:

Nummer

GaardeNafne

Opsideris Nafne

Taxt efter gammell Matricull

Gammell Leilending Sckat

Reduction til HartKorn. Nye Matricull

Leilending Sckat, Nye Matricull

Oddel Sckat

Leeding

Wunden

Tabt

Toldene

Aarlig Ansatte Tiende

Biug

Blandkorn

Hafre

Ost i Penge

Penge Summa
Også i denne protokollen er gardane sorterte etter matrikkelnummer, gardsnamn og namn på oppsitjarane. Som regel er berre innført førenamna, men med det unntak at enkjer ikkje er nemnd med namn. Elles er opplyst om gardparten er øyde. Kven som eig gardane er her utelate. Så kjem for kvar brukar ei rekkje skattetekniske opplysingar som taksten i den gamle matrikkelen, gamal leiglendingsskatt, reduksjon til hartkorn i ny matrikkel, leiglendingsskatt i ny matrikkel, odelsskatt, leidang, storleiken på kva som er vunne eller tapt i høve til eldre skattlegging, ”tolde”, som er andre skattar, og til sist den årlege tienda i vareslaga bygg, blandkorn, havre og ostepengar. Til sist er innført den nye matrikkeltaksten som er den gamle taksten justert for beløpa i vinnings- og taps-kolonnene.

Etter skjema for gardsregistrering finst eit skjema med oversyn over alle kvernar i åttingen med takst for kvar og ei av dei. Deretter eit registreringsskjema over husmenn der alle står oppført med namn, adressenamn, husmannsskatt, grunnleige og toll. Så følgjer ei liste over sager og laksevorper med takst. Deretter ei summering av alle inntektene i åttingen. Heilt sist ligg eit brev med ei kort vurdering av resultatet for matrikuleringsarbeidet i åttingen. Brevet har underskrifter og segl frå alle involverte i arbeidet.



1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   52


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət