Ana səhifə

Randi Kristin Strand Med gardsnamnregister utarbeidd av Bjørn Austigard


Yüklə 6.38 Mb.
səhifə1/52
tarix25.06.2016
ölçüsü6.38 Mb.
  1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   52
Matrikkelen av 1723

Ved


Randi Kristin Strand

Med gardsnamnregister utarbeidd av Bjørn Austigard

Romsdal Sogelag

2009
FØREORD

Arbeidet med avskrifta av 1723-matrikkelen har vore eit prosjekt over fleire år som eg har hatt ved sidan av anna arbeid. Å vere etter kvart fembarnsmor i full jobb har gjort dette til ein langsam prosess. I denne samanhengen ønskjer eg difor å rette ei stor takk til Romsdal Sogelag ved Bjørn Austigard for tolmodig venting over lang tid.
Eg ønskjer også å takke bror min, Mads Åge Strand, for å ha hjelpt meg med eit tidkrevjande rednings- og omformateringsarbeid etter at det første manusutkastet mitt i mac-format krasja og gjekk heilt i vranglås. Mannen min, Olav Harnes, har bidrege med tolkingshjelp til vanskelege tekstavsnitt i den gotiske, handskrivne originalen, med korrekturlesing av innleiinga og elles med oppmuntring undervegs.
Molde, 10.3.2009
Randi Kristin Strand


Matrikkelen av 1723. Innleiing. 4

Bakgrunn 4

Kva gjekk matrikkelprosjektet til Nobel ut på? 5

Saksgangen 7

Kritikk og motstand 8

Ei landsomfattande matrikulering 10

Matrikuleringsarbeidet i Romsdal 11



Matrikkelen vert forkasta 13

Intrigar og maktkamp 13

Storpolitikk 14

Kva hende med matrikkelen? 16

Kva kan vi finne i matrikkelen? 17

Eksaminasjonsprotokollen 17

Matrikuleringsprotokollen 18

Om avskrifta av matrikkelutkastet frå 1723 19

Feilkjelder 21

Utgjervarteikn 21

Forkortingar 22



Kjelder 25

Utrykte kjelder 25

Trykte kjelder 25

Litteratur 25

Forkortingar i fotnotane 25




Romsdals Fogderietz Nye Matricull Forfattet In Anno 1724 26

Fanne åtting 27

Eresfjord åtting 88

Rødven åtting 135

Romsdal åtting 168

Voll åtting 209

Vestnes åtting 242

Sund åtting 281

Vågøy åtting 317

Gardsnamnregister ved Bjørn Austigard 367

Matrikkelen av 1723. Innleiing.

En aldeles nødvendig Betingelse for Stats-Samfundets Tilværelse er: at hver dets enkelte Lem maa bidrage til det Heles Vedligeholdelse. Dette kan ske ved Opoffrelse af physisk Kraft, ved Præstationer af de til Livets Nødvendigheder henhørende Varer, eller ved Betaling af Penge.”

Frå innleiing til ”Forklaring over Hoved-Matriculerings-Commissionens Arbeide” i 1826.1
På 16-1700-talet var omlag 90% av folket i Noreg busett på landet og knytt til jordbruket. Her fann kongen militærmannskapet, dei fleste skatteytarane og den næringsvegen som fødde dei fleste av undersåttane. Jordeigedomsforhold og jorda som skatteobjekt var difor interessante område for den dansk-norske kongen og embetsverket hans.

Skylda eller landskylda låg til grunn for skattlegginga av fast eigedom. Skylda var opphavleg den leigeavgifta leiglendingen betalte til gardeigaren. Jo høgare skyld ein gard hadde, jo meir skulle den betale i skatt. Landskylda vart dermed skatteskyld. For å skaffe seg oversyn over grunnlaget for skatteutlikninga fekk styresmaktene utarbeidd matriklar. Matriklar er med andre ord oversyn over grunneigedom. Skatteskylda innført i matriklane kallast matrikkelskyld. I matriklane finn ein såleis lister over eigedomar med opplysingar om eigar, oppsitjar/ brukar, skyld og skatt.



Bakgrunn


Matriklane var ei vidareutvikling av jordebøker og skattelister. Ei overgangsform frå skatteliste til matrikkel var skattemanntalet frå 1647. Det markerte ei omlegging av skattesystemet ved at landskatten2 vart oppheva. Ein gjekk no over til ein kombinasjon av gardsklassesystemet som var plassering av gardar i gardsklassar med faste takstar og landskyld. I 1661 vart det nedsett ein kommisjon for å registrere all jordeigedom og utarbeide ny matrikkel. Arbeidet vart utført, men utan at skylda vart justert i samsvar med einskildgardanes dåverande bruksverdi og skatteevne. Få år etter vart det difor i 1665 gjort forsøk på ein landsomfattande revisjon av matrikkelskylda. Det synte seg likevel i ettertid at det var mishøve i matrikkelskylda både mellom dei einskilde tinglaga og innanfor eitt og same tinglag. Dette grunna i at arbeidet ikkje var utført på ein heilskapleg måte. Ein hadde mellom anna ikkje teke omsyn til at nokre gardar hadde tilhøyrd adelsgods der skyldsettinga var gjort etter godseigarens hovud, og heller ikkje til at tinglags- og distriktsinndelinga somme stader hadde endra seg.3 At skylda vart rekna i ulike species4 eller vareslag, gjorde ikkje saka betre. Skattesystemet var framleis urettvist og uoversiktleg.

På byrjinga av 1700-talet kom det fleire framlegg om revidering av matrikkelen til kongen i København. Ein ville freiste å oppnå orden og rettferd for å skape ro i Noreg. Først ute, i 1706, var Rasmus Krag, tidlegare forvaltar over Reinskloster, med eit matrikkelprosjekt for Trondheim stift. Året etter sende amtmannen i Nordlandene, Ove Schelderup, eit liknande framlegg for sitt amt. Begge desse framlegga vart liggjande utan at noko skjedde.5 Same år mottok Fredrik IV eit tredje prosjekt, forslaget gjaldt denne gongen for heile landet. Innsendaren var Hans Nobel, dåverande amtmann i Romsdals amt.6



Kva gjekk matrikkelprosjektet til Nobel ut på?


I planane må Nobel ha teke utgangspunkt i tilhøva slik han kjende dei i amtet. I utgreiinga si la han fram at gardane frå dei eldste tider vart skyldsette eller matrikulerte etter storleiken på avling, avkastninga frå skog eller utbyttet frå fiskeri. Nobel peika på at denne fordelinga av skyld hadde vist seg urettvis for dei gardane som låg ved havet i høve til dei som låg lenger inne: Utkomma frå fisket hadde stor variasjon år for år. Fisket var dessutan felles for alle, også for dei som hadde gardar lenger inn i landet. Nobel meinte at skyldsetjing med utgangspunkt i fiskeutbyttet var den direkte årsaka til at ”eendeel af de største Gaarder ved Søe-Kanten nu aldelis ligger øde og ubebygde.” 7 Matrikulering gjort i eit godt fiskeår førte til at bøndene ikkje makta å svare skatt og landskyld etter takst i jordebok og matrikkel når fisket seinare svikta. Samstundes kunne ein gard som hadde gode innkomstar frå sagbruk og andre ”herligheder” 8, betale etter ein låg takst som var fastsett før garden var ferdigrydda og sett i full drift. At gardar som var sterkt forbetra sidan skyldsettinga i 1660-åra, skulle betale same skatt som ein dårleg gard som låg meir eller mindre aude, var både urettvist og verka til hinder for skatteinngangen til kongen.

Skylda var etter gamalt fastsett i høgst ulike vareslag. Det kunne vere ulike typar korn, smør, ost, ulikt tilverka fisk og så bortetter. Alt i 1693 hadde statthaldar Gyldenløve sendt inn forslag om å gjere noko med dei 72 ulike ”skyldspesier” som eksisterte utan at noko vidare vart gjort.9 Nobel tok no tak i dette og ønskte å få til eit system som verka likt over heile landet. Dei ulike vareslaga skyldsetjinga var i, måtte samordnast til eitt slag med lik verdi overalt. Eit anna mål for Nobel var å få øydegardane tilbake i drift slik at eigarane slapp å stå økonomisk ansvarleg for leiglendingsgods som ikkje var i bruk. Målet med prosjektet var å auke inntektene for kongens gods og for andre godseigarar. Samstundes skulle nyordninga vere meir rettferdig for oppsitjarane: Ingen skulle svare for meir enn dei hadde evne til etter garden.

Nobel såg fleire føremoner også. Han argumenterte for at kongen no lettare kunne få mannskap til dei militære avdelingane sine. For dersom kvar gard vart taksert slik at den kunne svare til den leigeinntekta garden faktisk gav eigaren, ville ein unngå at flittige og ambisiøse menn ”hæmmelig sniger sig bort” til framande land for å finne seg betre utkomme enn det dei kunne få ut av ein dårleg og tungt skattlagt gard heime. Men med ”dend lade og dovne haver det ingen Fahre, saasom han giærne lader sig nøye endten at være een Huusmand eller og blive een Tiggere udi Landet”, meinte Nobel.10 Ein ny matrikkel skulle altså sikre at dei beste folka vart verande i landet til nytte for kongen og fedrelandet.

Korleis skulle matrikuleringa utførast? Ved gjennomføringa av den nye takseringa tykte Nobel det var best om medlemmene av matrikuleringskommisjonen sjølve drog på synfaring på gardane. Det var på denne måten matrikuleringa i 1660-åra hadde blitt utført i amtet. Nobel meinte at om ein bonde såg sitt eige bruk nøye taksert ”bekiender hand vel giærne og utvungen sin Nabois Lejlighed”.11 Denne framgangsmåten skulle med andre ord gjere det muleg å kontrollere at opplysingane var rette bøndene imellom. Nobel var skeptisk til å la sorenskrivar, prest eller fut vere kommisjonsmedlemmer då desse hadde sterke eigeninteresser både som gardeigarar og proprietærar12. Elles meinte han det var viktig å ta omsyn til at jorda var meir fruktbar inne i landet enn ute ved havet, at kornavlen var vanskeleg å få til på fjellgardane og at gardane hadde ulike føresetnadene når det gjaldt nærleiken til beite og slåttemark.



  1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   52


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət