Ana səhifə

Randi Kristin Strand Med gardsnamnregister utarbeidd av Bjørn Austigard


Yüklə 6.38 Mb.
səhifə3/52
tarix25.06.2016
ölçüsü6.38 Mb.
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   52

Ei landsomfattande matrikulering


I 1721 sende kongen eit opent brev om ny matrikkel.34 Føremålet var som tidlegare ”at faae en lighed og fast Vished i de Kgl. Skatter samt Jordegodsets Taxt over Norge.” For å hindre uro vart det vektlagt at føremålet var rettferd, ikkje pålegg av nye tyngsler. Som leiarar for arbeidet vart utnemnd ikkje uventa Hans Nobel, som no var flytta til Danmark der han hadde eit gods på Fyn. I tillegg kom overhoffmeisteren til dronninga: Christian Fredrik von Holstein. Sekretær var Andreas Hojer. Året etter vart bispen i Christiania: Bartholomeus Deichmann, pålagt å samarbeide med Nobel om sjølve utføringa av matrikuleringa.35 Deichman hadde stor kongeleg tillit og hadde eit godt forhold til dronninga. Han vart rådspurt i mange slags saker og hadde stor påverknadskraft. Det finst jamvel døme på at han vart nytta som kontroll på statthaldaren i Noreg.36 Med den høge stjerna og tilliten han hadde i København var det naturleg at han vart sett på denne viktige saka. Deichman og Nobel vart sidan titulerte som direktørar, medan Holstein var overdirektør for matrikuleringa.

Hausten 1722 vart utnemnd kommisjonar som skulle stå for den praktiske gjennomføringa i amta og futedøma. I kommisjonane sat stiftamtmenn, amtmenn, sorenskrivarar, lagrettemenn og etter kvart bispar og prestar.37 Den nye statthaldaren38 i Noreg, Ditlev Wibe, sendte ut ordrar til amtmenn og lagmenn.39 Etter at Nobel hadde flytta til Danmark, kom han meir og meir i bakgrunnen, og det vart etter kvart kanselliråd40 og lagmann41 Peter Vogt saman med Deichman som leia arbeidet i Noreg. Desse hadde oppgåva å svare på spørsmål og ta imot matrikkelutkast som skulle vidaresendast til Danmark.42 Matrikkeldireksjonen var også overordna klageinstans.



Matrikuleringsarbeidet i Romsdal


I perioden 1723-24 vart landsmatrikuleringa sett i verk. I Romsdal heldt kommisjonen den første samlinga si i Molde 27.januar 1724. Møtet for Fanne åtting43 vart leia av Erich Must, amtmann i Romsdal som dessutan var Hans Nobels svigerson, samt Christian Solgaard; assessor i Overhoffretten44 og dertil ”Vice-Laugmann over Trundhiems Laugstoel.” Forretninga vart opna ved at ein leste opp alle ”Patenter, Forordninger, Instructioner og Ordres om Matriculens indrettelse”. Innhaldet vart nøye forklart ”Posteviis” for allmugen. Så heldt soknepresten i Veøy Erich Leganger ein kort tale der det vart forklart at føremålet med matrikkelrevisjonen var ”en rætfærdig Lighed og Ligning imellem jordeier og Jordbrugende”. Deretter vart alle oppmoda til å være lydige og ærlege når dei skulle gi opplysingar om gardane sine. Til sist vart utnemnt ein lagrett av ”de Elste, fornuftigste og beskedligste Sogne Mænd”. I tillegg til presten var det 6 menn som gjorde eid på at dei skulle hjelpe kommisjonsmedlemmene på ein rettvis og usjølvisk måte. Presten Erich Leganger hadde på førehand gjort eid til Biskop Krogh. Futen Børge Eg og sorenskrivaren Johannes Friis skreiv under eidserklæringa under møtet.45

Fire dagar etter, den 31. januar, var allmugen på nytt innkalla til eit felles møte. Kommisjonsmedlemmene hadde i mellomtida samla inn opplysingar frå bøndene og var no ferdige med å registrere gardane og vurdere skyldsetjinga. Den nye matrikkelen, innført i eit skjema utsendt frå styresmaktene, vart no opplest for allmugen. Sidan vart det stilt spørsmål til lagretten og allmugen om dei visste av ”noget Skatteboel eller Rødningspladtz 46 som kunne føyast til matrikkelen. Forretninga vart så avslutta og underskriven av amtmann Must, Christian Soelgaard, presten Erich Pedersen Leganger, fut Børge Eeg, Sorenskrivar Johannes Friis, lensmannen og dei 6 lagrettemennene.47

Denne framgangsmåten gjentok seg så i dei andre Romsdalsåttingane etter tur: Allmugen i Eresfjord åtting vart kalla saman 4. februar og matrikkelforretninga avslutta 8.2. I Rødven åtting vart møtet sett 10. februar og avslutta den 12. Romsdal åtting heldt forretning 14. februar som var til endes to dagar etter, den 16. februar. Kommisjonen drog til Voll åtting 17. februar og sette signaturane sine den 18. Vestnes åtting vart besøkt 21. februar og heldt på til 23. februar. Sund åtting kom saman 2. mars og var ferdige alt 3. mars, og endeleg Vågøy åtting, samla 4. mars, fekk sitt matrikkelutkast signert 6. mars. Over alt deltok amtmannen, Christian Soelgaard, futen, sorenskrivaren, ein prest og somme tider to, samt lokal lensmann og 6 utnemnde lagrettemenn. Forretninga tok 1-4 dagar avhengig av talet på gardar i dei ulike åttingane, og matrikkelrevisjonen for heile Romsdal var dermed ferdig etter ein månads arbeid. Protokollinnførslane frå Romsdal syner at kommisjonen må ha samla inn munnlege opplysingar frå bøndene. På Nordmøre, der matrikuleringa vart utført i 1721 og 1722, hadde kommisjonen i fleire tinglag derimot gjort grundige synfaringar av gardane. Dette hadde skjedd både i innmark og utmark, også til fjells til stort slit for kommisjons-medlemmene. I Surnadal tok arbeidet 27 dagar og i Mek tinglag over halvannan månad.48

To av Romsdalsåttingane skilde seg ut i så negativ lei at kommisjonen såg seg nøydde til å kommentere tilstanden deira nærare. Det var Sund og Vågøy åttingar. Sund vart skildra som eit ”meget svagt og dyrlagt bygdelaug” medan Vågøy var ”dend ringeste og dyrlagdeste otting” over alt. Jorda i Sund vart karakterisert som ufruktbar og med avgrensa areal, medan problemet i Vågøy tyktest å vera at jorda var udyrka og aude. Som årsak til elendet vart forklart at gardane hadde vorte takserte på ei tid då fisket var rikt, men etter at fiskerinæringa i lange tider hadde slått feil hadde innbyggjarane hamna i stor fattigdom. Skylda vart for tyngande i høve til det utkomme dei hadde av arbeidet. Kommisjonen hadde difor sett seg nøydde til ”paa mueligste maaeder” å skrive ned matrikkelskylda. I Sund var der ingen rydningsplassar å leggje til då ”meere end ordinair paa alle optænckelige maader Landet er bebygget”. Det same var tilfelle i Vågøy, men i denne åttingen fekk ein lagt til nokre busette grunnar i fiskeværa som ikkje hadde vore skattlagde tidlegare.49



1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   52


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət