Ana səhifə

Randi Kristin Strand Med gardsnamnregister utarbeidd av Bjørn Austigard


Yüklə 6.38 Mb.
səhifə4/52
tarix25.06.2016
ölçüsü6.38 Mb.
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   52

Matrikkelen vert forkasta


Under matrikuleringsarbeidet for landet under eitt synte det seg at motstanden i det norske embetsverket var stor, både fordi arbeidet var tidkrevjande og fordi embetsmennene måtte forskottere utgiftene sjølve, utan garantiar om å få dekt alle utlegga. Bøndene var på si side mistruiske mot alt som kunne ende opp med auka skattetyngsler.50 All uroa førde til at det den 4. september 1724 vart nedsett ein kommisjon som skulle gjennomgå matrikkelsaka for å ta ei endeleg avgjerd. I kommisjonen sat Statthaldar Ditlev Wibe, oversekretær i Krigskollegiet51 Christian Carl Gabel og tre deputerte for finansane52: Baron Christian Gyldenkrone, konferenseråd53 Caspar Bartholin og etatsråd54 Johan Scrader.55 Kommisjonen konkluderte i si innstilling på 60 sider at matrikkelen ikkje var rettvis. Den medførte høgare skatt som var i strid med kongens føresetnad. Matrikkelen måtte avvisast for å unngå uro og motstand.56

Trass i at eit stort arbeid var lagt ned med den nye landsomfattande matrikkelen57, enda det heile med at arbeidet vart nedlagt ved kongeleg resolusjon 8. desember 1724: ”At bemeldte nye Matruculs-Verk ganske og aldeles skal være ophævet, og at det i Norge herefter skal forblive ved den gamle Matrucul og de sædvanlege Skattebreve.” 58 Årsakene til at matrikkelen vart forkasta var derimot mange, og ikkje alle handla direkte om matrikuleringa. Matrikkelen hadde motstandarar høgt oppe i systemet: Det dreidde seg om profesjonskamp, intrigar og maktkamp mellom embetsmenn, sjalusi og misunning i kampen om kongens velvilje, frykt for intern uro i Noreg og sist men ikkje minst om storpolitikk som munna ut i spørsmålet om nordmenns truskap i den dansk-norske unionen.



Intrigar og maktkamp


Det oppstod tidleg ein kamp om makt og prestisje rundt matrikkelarbeidet. Sekretæren for matrikkeldirektørane, Andreas Hojer, skreiv etter at matrikkelen var forkasta at Nobel vart klaga for å vere udugeleg og at han vart møtt med mistanke og motstand i Noreg. Deichmann skal heller ikkje ha vore særleg populær: I København sirkulerte det før matrikkelsaka vart avgjort mellom anna eit dikt med 44 spottande vers.59 I diktet vart bispen skulda mellom anna for tjuveri, griskheit, korrupsjon og sædløyse. Det var mange som ikkje likte at biskopen engasjerte seg i saker utanom hans eigentlege verkeområde. Mange på topplanet hadde då også grunn til å vere misnøgde: Rentekammeret fekk ikkje ta del i arbeidet slik dei meinte dei burde, og statthaldar Wibe var delvis sett på sidelina under prosessen.

I København hadde bisp Deichmann mange fiendar på grunn av sitt spesielle tilhøve til kongeparet. Spesielt oversekretæren i Krigskollegiet, kammerherre60 Christian Carl Gabel, var ein arg motstandar. Gabel var sonen til tidlegare visestatthaldar i Noreg, Fredrik Gabel. Han var ein dyktig mann som stod kongen nær. Antakeleg har han kjend sin eigen posisjon truga av Deichman. Gabel hadde alt før granskingskommisjonen vart nedsett målet klart: ”den Matrikul forretning skal over ende.” Nobel var på si side redd for å bli tilsidesett i arbeidet og hadde difor eit skiftande tilhøve til Deichman.61 Men stort sett støtta desse to opp om kvarandre. Både Nobel og Deichman hadde stor økonomisk eigeninteresse i å få matrikkelarbeidet i hamn, for kongen ville ikkje løne dei før matrikkelen var ferdig og godkjent. Nobel hevda sjølv at han la ut 6000 riksdalar i alle dei åra han arbeidde med saka.62 I tillegg kom den prestisjen dei ville få om matrikkelen gjekk igjennom som ein viktig motivasjonsfaktor for begge.



Storpolitikk


Storpolitiske omsyn var ein viktig grunn for at matrikkelforarbeidet vart forkasta. Kongen var redd for uro i Noreg. Han hadde registrert at bøndene i Noreg var redde for auka skattar og at det også gjekk rykte om at odelsretten63 skulle avskaffast når den nye matrikkelen vart innført.64 Norske embetsmenn var på si side misnøgde med at dei hadde blitt pålagde ekstraarbeid som var ei økonomisk belastning for dei.

Atmosfæren i København i 1724 var heller ikkje den aller beste. Biskop Deichmann oppfatta at mange sådde tvil om den norske truskapen ovanfor kongen i hovudstaden. I København vart det sagt at nordmenn var ”Egennyttige, Vankelmodige, Ubestandige og altid Misfornøyede”. Dette uroa bispen, og i eit forsvarsskrift til kongen fann han det naudsynt å syne til nordmennenes innsats og truskap under den store nordiske krig: Ein innsats som burde vere til eksempel for alle nasjonane i verda.65 Bispen, som ville ha matrikkelen godkjent, prøvde å overtyde kongen om at den nye matrikkelen ville ha positiv innverknad på truskapen til dei norske bøndene sidan den gamle matrikkelen var så urettvis.

Når dette likevel ikkje hjelpte noko særleg, låg nok årsaka i to rettssaker om landssvik og forræderi frå 1722 og 1723. Den første saka mot Povel Juel frå Trondheim gjekk på nokre høgtsvevande planar om vondsinna samarbeid med den russiske tsaren. Russland hadde vore alliert med Danmark-Noreg under den store nordiske krig, men slike stormaktsalliansar var gjerne flyktige og ein fordelaktig situasjon kunne fort endre seg. I Danmark var ein redde for at russarane skulle ta seg til rette både i Slesvig-Holstein, Sverige og Nord-Noreg. Povel Juel hadde tidlegare vore amtmann i Lister og Mandal amt, men vart avsett. Han hadde store planar som han mislukkast med, og han ville difor hemne seg på motstandarane sine. Saman med ein tidlegare svensk general og ein svensk major ville han med tsarens hjelp ta Grønland, Island, Færøyane og Noreg frå Fredrik IV og Danmark. Som takk skulle den russiske tsaren få ein koloni på Grønland mot at Juel sjølv vart løna med ein høg tittel. Juel vart derimot teken, og under tortur oppgav han fleire medlemmer i den norske Overhoffretten som tilhengjarar av planane. Granskarane av saka fann likevel ikkje hald i dette. Derimot kunne etterretninga føre prov for at Juel hadde korrespondert med tsaren og dessutan gjort tingingar med tsarens utsending i København. Juel vart dømt for landssvik og avretta på Nytorv i København.66

Same år kom Kommerseassesor67 Peter Ryssel, som hadde bakgrunn frå Skien, med sterke skuldingar både mot Nobel og Deichman. Han meinte det eigentlige føremålet med matrikuleringa var å skape uro og opprør i Noreg for å få landet rive laus frå Danmark. Ryssel hadde ei problematisk fortid med mange prosessar og jamvel dom og fengselsopphald for underslag. Han var ein bitter mann som ikkje hadde oppnådd den framgangen i livet som han ønskte. Ryssel hadde kontakt med presten Hans Trojel i Christianshavn. Trojel retta dristige skuldingar mot dronninga og hennar næraste medarbeidarar. Både Ryssel og Trojel vart arresterte og fengsla på Munkholmen ved Trondheim. Trojel fekk dødsdom. Ryssel mista ære og gods. Desse sakene skapte naturleg nok ei mistru i København mot alt som kunne skape uro og aksjonar, ein var redde for at noko alvorleg kunne skje i Noreg.68



1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   52


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət