Ana səhifə

Randi Kristin Strand Med gardsnamnregister utarbeidd av Bjørn Austigard


Yüklə 6.38 Mb.
səhifə6/52
tarix25.06.2016
ölçüsü6.38 Mb.
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   52

Om avskrifta av matrikkelutkastet frå 1723

Eksaminasjonsprotokollen er transkribert frå fotostatkopi av protokollsidene. Alle opplysingar frå protokollen er med. Frå matrikuleringsprotokollen er teke med følgjande opplysingar: Namn på oppsitjarar og avvikande skrivemåte av gardsnamn. Dette er i avskrifta presentert slik:



Opsidders tal/ Opsideris nafne (det siste frå matrikuleringsprotokollen)

Gaarde Nafne/ Gaarde Nafne (det siste frå matrikuleringsprotokollen)

Resten av innhaldet frå matrikuleringsprotokollen er ikkje med i avskrifta.


I den transkriberte avskrifta er brukt eit enkelt oppsett i usynlege tabellar. Elles er det viktig å merke seg at:

  • Avsnitt følgjer kolonnane i tabelloppsettet.

  • Linjeskift skjer fortløpande og følgjer ikkje skifta i originalen.

  • Uthevingar i originalmanuset er ikkje markert i teksten.

  • Stor bokstav etter originalmanuset så langt det kan tolkast.

  • Komma og punktum manglar ofte i originalmanuset. For å lette lesinga og klargjere innhaldet har det difor vore naudsynt å sette slike teikn etter skjønn. For å skilje dei tilføydde teikna frå originalen, er mi teiknsetjing markert med parentes rundt teiknet: (,). Dette er også brukt der manglande bokstavar er tilføydd av meg. Tilføyingar er berre sett når det er viktig for samanhengen og forståinga av teksten. Eit unntak av dette er stiplaliner: I somme høve er stiplalinje tilført av meg , men då ikkje merkt med parentes. Elles er stiplalinjene som i originalen.

  • Rubrikknamna er i protokollen noko ulike frå side til side. t.d. Nommer, No, Nr. og GaardeNafne, gaarde Navne. Her har eg berre gjort eit val når eg sette opp standardskjemaet.

  • Talverdiar har eg, om desse ikkje kjem klårt fram, sett opp slik:

,-,-, (våg-pund-mark/merker)

namn...........taxt
Elles er det viktig å ha klart for seg at ein var ikkje så nøye med rettskriving på denne tida. Ortografien syner stor variasjon i skrivemåten av einskildord. Namn var ikkje unntak: Gardsnamna kan vere nedskrivne på fleire ulike måtar, og også personnamna. I nokre høve er skriveforma for gardsnamna ulik i eksaminasjons- og matrikuleringsprotokollen. Ved avvik og variasjonar har eg teke med fleire skriveformer. Det førekjem også at fleire ulike gardsnamn oppført under same gardsnummer i matrikuleringsprotokollen. Desse gardsnamna er teke med i avskrifta med forklaring.

Feilskriving førekjem sjølvsagt i større eller mindre grad. Og sjølv om dåtidas regel var at substantiv skulle skrivast med stor bokstav i starten av ordet, er dette ikkje konsekvent i originalmanuset. Eit og same ord vert i originalen skrive på mange ulike måtar til dømes las, læs, lass, læss osv. vekselvis med stor og liten L. Skrivemåten av forkortingar varierer også. Eg har i avskrifta prøvd å følgje rettskrivinga i kjelda så godt det lar seg gjere. I tvilstilfelle har eg måtta ta eit val, som andre kanskje vil vere ueinige i. Men dette er ikkje ting som har noko å seie for forståinga av innhaldet i originalteksten.



Feilkjelder


Bøndene gav munnlege erklæringar til matrikkelkommisjonane om gardane si avkasting og tilliggande ressursar. Sjølv om det nok var ein viss kontroll oppsitjarane imellom, må vi rekne med at oppgåvene var i underkant av dei faktiske tilhøva. Sjølv i dei futedøma der det vart gjort synfaring på gardane, veit vi at bøndene aktivt prøvde å lure unna dyr eller avling.

Der eksaminasjonsprotokollen oppgir at ein gardpart/ gard er øyde, kan likevel matrikuleringsprotokollen oppgi namn på oppsitjar/ brukar. For å finne ut kva som er rett må ein difor, i tillegg til matrikkelforarbeidet, bruke andre kjelder som til dømes kyrkjebøker, skifte, tingbøker, militære ruller og manntal.

Det er ikkje utført korrektur på matrikkelavskrifta. Det kan difor vere trykkfeil og mistydingar av originalen.

Utgjervarteikn


Følgjande utgjevarteikn er brukt:

(?) uleseleg, uviss lesemåte

[ ] manglar, uleseleg i originalen

{ } overstroke i originalen

\ / skrive til over eller under i originalen

< > skrive til i kanten i originalen

* slik står det

( ) alt som står inne i parentes er tilføydd av meg, som tolking av manglande bokstavar, komma eller liknande. Det kan også vere kommentarar til avskrifta.

Forkortingar


Ao: Anno

arf: arfinger

arv: arvinger

arving.: arvinger

Aug: August

brug: bruger

ej: ejer

f: fierding

f: for

fjerring: fjerdinger



f:r fjerdinger

forn:te fornbemelte (før omtalte)

gl: gammel

hielpel: hielpelig

ibm: ibidem

jefnl: jefnlig (jevnlig)

Knuds: Knudsen

m: mark eller marklag

Neml: nemlig

Ols: Olsen

p: pund

pd: pund


s: skilling(shilling)

shep: shepper

shp: shepper

skpp: skippund eller skjepper

skp: skippund eller skjepper

sommer: sommerlæss

synderl: synderlig

tag: tager

temmel: temmelig

tø: tønde

r: tønder

u: ung


ungefehr: ungefehrlig (omtrent)

v: vog


= (bindestrek)

\: :/ (parantes)

(sign) tyder at personen sjølv har signert/ skrive under

(signet) syner at personane er oppført av skrivar. Dei har m.a.o. ikkje skrive under sjølve. Personane har då sett segla sine med signet som var eit lite segl festa på ein ring.

Merk også at forkorting av dobbel konsonant som til dømes ”m” med strek er i avskrifta skriven ut til dobbel konsonant: ”mm
Forskjellane i like forkortingar som tyder ulike ting sjåast av samanhengen. Ved forkortingar som t.d. ”ligg” har eg i teksten merka dette med kolon slik: ”ligg:” då det elles ikkje vil kome fram at det dreier seg om ei forkorting. I andre høve då det er openbert at forkortingane er forkortingar utan teiknsetjing i originalen, har eg latt det stå slik, t.d. ”skpp haf.” Men står det ”skppr”, skriv eg skpp:r
Vekteiningar

1 våg= 3 pund= 72 merke


Ordforklaringar

aasidder oppsitjar

assessor dommar

assigneret tilvist

Avantægie fordel

berammet fastsett

beskedelighed klokskap

beskedeligste klokaste, forstandigaste

besoer svor på

billige forsvarlege, rimelege

biug bygg

Continuerit heldt fram

consorter medinteresserte, medinteressentar

Constitution forfatning, karakter

Corporlig Eed eid avlagt ved å legge handa på ein heilag ting, t.d. Bibelen

dyrlagt dyrt skattlagt i tydnaden tungt skattlagt

dyrlagdeste den som er tyngst skatlagt

Dato et Dies ut Supra Dato og dag som over

entrerit kome til

formedelst på grunn av

formindshes forminskes, bli mindre

hauge hage

idermeere meir

inderster innerst

in instanti med ein gong

In Nomine Jehova I Herrens Namn

paa ald på heile

partout overalt

pertinencier det som høyrer til, tilhøyr

prospereris aukast

profoss befalingsmann for landsknektane

proseqverit halde fram (med)

prædictere føreskrive, avgjere, påby, fastsetje

præmonstrerede forklarte

reassumeret teke opp att

rempleret fylt

Redresseret fornya

redeshere redusere

saltkiedl saltkjele

sckeldformeligens med forstand

skvettkvern kvern som vert driven av kvernkall

shrin skrinn

Specialiter særskild, spesielt

steenning steinete

sødshende søsken

talle tale

udsige gi forklaring om

vaed fiskesnøre, fiskenot, line

vedbørlig ordentleg, sannferdig (i samsvar med lov)

udi formaals tiider i tidlegare tider


1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   52


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət