Ana səhifə

Randi Kristin Strand Med gardsnamnregister utarbeidd av Bjørn Austigard


Yüklə 6.38 Mb.
səhifə2/52
tarix25.06.2016
ölçüsü6.38 Mb.
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   52

Saksgangen


Nobels forslag om ny matrikulering vart nøye gjennomgått i Kanselliet i 1709. Embetsverket laga innstilling til kongen, men på grunn av at den store nordiske krig blussa opp att, vart planane liggjande. Etter nokre år, i 1713, leid hovudfienden Sverige eit avgjerande nederlag. Nobel, som oppheldt seg i København heile dette året, fekk no gjennomslag for matrikkelframlegget samt fleire andre idear han hadde liggjande hos styresmaktene. Den 4.desember vart det ved kongeleg resolusjon i Rentekammeret bestemt følgjande: ”Stiftamtmændene og Amtmændene i Norge maa opfordres til at forelægge kammeret deres Forslag om den bedste Indretning af en ny Matrikkel m.m., hvorefter Kammeret har at indsende en Plan, og Amtmand Nobel maa i et af sine Fogderier foretage Prøver i den Retning.”13 Matrikkelrevisjonen var dermed i gang. Resolusjonen vart fjorten dagar seinare følgt opp med eit kongebrev til alle stiftamt- og amtmenn i Noreg. I dette vart det slått fast at føremålet med arbeidet skulle vere å rette opp matrikkelskylda slik at skylda samsvarte med verdien på jorda, at ulike bondeskattar vart samla i ein skatt, at skyldsettinga vart samordna i eit felles vareslag og at skiftande skattar og avgifter måtte regulerast til ein fast årleg sum. Alt dette var i samsvar med framlegget til forslagsstillaren. Hans Nobel vart bede om å lage ein prøvematrikkel for Sunnmøre. Truleg var det Rentekammeret som valde dette futedømet på grunn av at det hadde vore mykje ugreie med skattane der.14

På slutten av året i 1714 leverte Nobel den nye matrikkelen til Rentekammeret etter først å ha synt den fram for Slottsloven15 på Akershus. Vedlagt var ei skriftleg utgreiing om arbeidet. Alle dei ulike skyldslaga var no omgjort til hartkorn, odels16- og rosstenesteskatt17 var lagt på all jord, korntiend18, konsumpsjons- og folkeskatt19 var gjort til faste årsinntekter for kongen, leidangen20 var sett til ein viss sum per skyldeining, alle kverner var skattlagde og husmanns- og strandsitjarskatten21 regulert. Trass i alle tiltak synte det seg likevel at arbeidet ikkje førte til noko særleg auke i inntektene for kongen. Dette forklarte Nobel med ”det meget øde Gods. som meere end udi Mands Minde udi dette Fogderie har været beliggende.” For det andre oppgav han at ”udi dette Fogderie hvercken findes Schouger, Saugbrug, bergverker eller nogen deslige Herligheder...” Vidare utgjorde dei mektige og ville naturtilhøva i futedømet ei konstant utfordring og fare for innbyggjarane då ”een stor Deel af bemeldte Fogderie bestaar av u-frugtbare Fielde og farlige Presepier22, hvor Indbyggerne, som der under boer, offte tager Schade baade af Biergfald og Sneeschreed, som om Høsten og Vaaren falder ned af Biergene over dennem og borttager deris Huus, Gaard, Folch og Qvæg, saa det er bekiendt at mange Familier paa denne Maade offte ere blevne ruinerede, og Landet paa adschillige Stæder lagt øde.”23 Nobel konkluderte difor med at det ikkje var noko særleg von om å kunne auke inntektene med meir enn dei 1672 riksdalarane ommatrikuleringa på Sunnmøre hadde ført til.

Nobel var likevel nøgd med arbeidet sitt og fekk no Rentekammeret med på at heile Noreg skulle matrikulerast som på Sunnmøre. Ved kongeleg resolusjon i 1715 vart det då bestemt at skattane på Sunnmøre skulle innkrevjast etter den nye matrikkelen24, og Nobel skulle halde fram å lage prøvematriklar for Nordmøre, Romsdal og eit futedøme sønnafjells, anten Hedemark eller Gudbrandsdalen.25 Dette siste vart det likevel ikkje noko av på grunn av ny opptrapping av krigen.26

Kritikk og motstand


Det var ikkje berre krigshandlingar som skapte problem. Hans Nobel hadde fått skarp kritikk frå Slottsloven fordi reguleringa av skyldsetjinga på Sunnmøre var blitt gjort utan grunngjeving for kvar gard. Rentekammeret gav han difor pålegg om at revisjonen av skylda måtte gjerast gjennom ei nøyaktig kartlegging av ”Herlighedene” gard for gard. Nobel, som var ivrig etter å kome vidare med planane sine, snudde då og gjekk i framlegget til instruks for matrikuleringsnemndene sterkt inn for både synfaring og skildring av gardane. Men når det gjaldt kritikk om at ei tønne hartkornskyld27 overalt måtte svare til same jordverdi gjennom oppmåling og bonitering av åker og eng som i den danske landsmatrikkelen, protesterte Nobel og argumenterte med at naturtilhøva i Noreg var heilt annleis enn i Danmark: Ei god hamn kunne gjere ein liten gard betre enn ein stor. Det å ha ei elv eller ein kjelde på garden var ein stor fordel som ikkje kom alle gardar til del. Nokre hadde vassrenner til å vatne markene og åkrane sine med, andre ikkje. Ein del gardar låg så langt borte frå kyrkjene at familiane måtte bruke eit par vekedagar til kyrkjeferd. Det var vidare stor skilnad på om garden låg i ei solfylt li eller under skuggen av høge fjell, om engene låg nære tunet eller i fjellet. Til dømes måtte ein ved heimkøyring av høy frå dei sistnemnde ”med stor møie og Umage bryde sig vej igjennem Sneen og kiøre dett hiem.” Fôrtilgangen var også ulik: Nokre brukte mose sanka frå fjellet, andre tang og tare ”som de tager af Skiærene udi Haved.” 28 Nobel var med andre ord svært merksam på dei varierande tilhøva og driftsformene bøndene i Noreg dreiv under.

Arbeidet heldt fram, men kritikken stilna ikkje. Ved kongeleg resolusjon 1717 vart ein granskingskommisjon oppnemnt av kongen for å forhøyre Nobel og allmugen på Sunnmøre, etter at det hadde kome alvorlege klagemål frå bøndene der.29 Klagene gjekk ut på at matrikkelrevisjonen var blitt gjort utan synfaring på gardane, og utan å ta omsyn til kyndige folk, lagretten eller allmugen sine meiningar om saka. Nobel og folka hans hadde berre forhøyrt seg med jordeigarane om kvar gard. Vurderingar og innvendingar frå bøndene var oversedde. Den ferdige matrikkelen var heller ikkje førelagt oppsitjarane. Det vart jamvel påstått at lagmennene, under truslar frå viseamtmann Michael Storm frå Bergen, hadde blitt tvungne til å setje segla sine på eit ”Støche løst Papiir som ei den Tiid noget var skrevet paa.” Papira skulle deretter ha blitt hefta ved matrikkelen.30 Ein slik framgangsmåte for å få arbeidet rettsgyldig var sjølvsagt høgst tvilsam og dessutan ulovleg. Bøndene kjende seg også lurte ved at det som Nobel hadde presentert som ei ”prøve” utan praktiske følgjer, likevel vart gjeldande matrikkel. Klageskriva dei ville sende til styresmaktene, liketil med støtte av sunnmørsfuten og sorenskrivaren, vart stoppa av amtmann Must. Nobel skulle også ha reist til Sunnmøre i 1716 og truga bøndene: Dei skulle få gråte for klageskriva sine, og barna og barnebarna deira skulle forbanne dei. Nobel skulle aldri meir gjere noko for ein sunnmøring, for med unntak av omlag 10 mann fanst det ikkje ein ”ærlig mand på Sundmør”.31

Kommisjonen, som besto av to stiftamtmenn og to lagmenn, fann at klagene stort sett var i samsvar med dei faktiske tilhøva. Likevel kom Nobel seg unna dei alvorlege skuldingane ved å hevde at hjelparane hans hadde opptredd eigenrådig og ikkje etter ordre. Det vart synt til at Storm hadde gjort endringar som Nobel ikkje visste om då han skreiv under matrikkelen, slik at han ved seinare ettersyn ikkje kjende arbeidet sitt att. Kanselliet festa lit til Nobel og konkluderte med at arbeidet måtte vidareførast over heile landet så snart den pågåande krigen med Sverige var slutt. Inntil vidare fekk bøndene på Sunnmøre løyve til å betale etter den gamle matrikkelen.32 Seinare vart arbeidet i dette futedømet gjort på nytt.33

1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   52


Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©atelim.com 2016
rəhbərliyinə müraciət