*Blomstringsvarsel* 10 -2013 (20.9 - )
Tromsø arktisk-alpine botaniske hage
GÅ IKKJE GLIPP AV:
-
Ein hovudattraksjon i Hagen no er alle rognebuskene. Dette gjeld især dei asiatiske artane med kvite bær. Biletet viser den kinesiske fjellrogna Sorbus koehneana som vi har mange stader i hagen. Oppe i Himalaya kan du sjå 5 ulike artar med kvite fruktar og eit-par med rosa. Haustfargen på blada er også svært dekorative, og dei er alle svært hardføre.
-
No er det eigentleg tid for ’avblomstringsvarsel’, men det er masseblomstring i søtesamlinga enno. Kinasøta vil blomstre langt inn i oktober (sjølv om det kjem snø). Arten Gentiana ternifolia i Rhododendrondalen står no i knopp og vil i år truleg rekke å blomstre før vinteren sett inn.
-
Tradisjonshagen. Her står mange høgstauder og blomstrer heilt til dei blir skore ned for høsten. Tigerlilja innsamla frå ein hage i Bodø blomstar fint denne hausten .
-
Ei eng av sjølvsådd marokkansk torskemunn, Linaria maroccana, saman med ein liten spesialitet, Cotula socialis frå Sør-Afrika blomstrar enno for fullt i Afrika-samlinga.
-
Fleire artar av storkenebb har lang blomstingstid gjennom sesongen, Geranium subcaulescens i Alpe-samlinga er kanskje den som blomstar lengst i botanisk hage.
|